torsdag 8. desember 2011

Josef, ein mann med karakter

Josef kom i ein ekstremsituasjon då Maria fortalde han om svangerskapet. Kva skulle mannen tru? Han trudde i alle fall som alle me andre ville ha trudd, og som mange framleis trur, at Maria hadde vore saman med ein annan mann. Det var det naturlege og mest nærliggjande, sjølv om han nok hadde vanskeleg for å forstå at den elles så ærlege og vakre Maria laug.

Dei fleste menneska ser på "det naturlege" som det eigentlege. Men det er så feil som det går an. Det naturlege har nemleg sitt opphav i det overnaturlege, som difor har ein sterkare eksistens enn det naturlege. Men dette er blitt skjult for dei fleste, så ligg ein med nasa i det naturlege utan å løfta blikket mot Gud.

Men den gode Gud kom Josef til hjelp i ein draum. Det kan me lesa om i Matteus 1. Ein engel kom til han og sa at Maria snakka sant, at han utan otte kunne ta henne til kone, at barnet ho venta var Guds barn, at han skulle kalla han Jesus (som tyder "Herren er frelse"), for "han skal frelsa folket sitt frå syndene deira."

Så vart Josef eit Jesusvitne, mellom dei aller første slike. Han visste så godt medan guten vaks opp kven han var og kva oppdraget hans var.

Josef må ha vore litt av ein karakter sidan Gud, den evige Far, betrudde Jesus i hans varetekt og omsorg. Det er ikkje så mykje me veit om han, men me veit at han elska Gud og var trufast og rettsindig inntil ryggmargen. Og det er ein manns viktigaste eigenskapar. Det trengst å seiast i vår tid.

Ingen kommentarer: