onsdag 28. februar 2024

Gazakrigen fører til språkoppløysing

 Du har kanskje høyrt nokon seia at Israel er ein apartheidstat, og at landet utøver folkemord i Gaza. Begge påstandane ber preg av vondsinna stempling av det einaste fungerande demokratiet i Midt-Austen med den følgje at omgrepa totalt taper si opphavelege meining. Me er i røynda vitne til språkoppløysing.

For å ta apartheidskuldinga først. Er det sant at Israel har tradisjon for segregering av og undertrykking av minoritetar i landet, slik tilfelle var i Sør-Afrika for nokre år attende. Ikkje på nokon måte.

Apartheid er rasisme. I Sør-Afrika kunne ikkje svarte gå på dei same skulane som kvite, ikkje drikka av same vasskjeldene eller eta på dei same restaurantane. Dei hadde ikkje røysterett, hadde ingen representasjon i nasjonalforsamlinga og kunne ikkje eiga land. Nokre bussar var for kvite, andre for svarte, og vart nokre i den siste gruppa alvorleg sjuke, kunne dei ikkje få hjelp på sjukehus for kvite.

Men i Israel er lova fargeblind. Jødar og arabarar har dei same rettane, dei tek dei same bussane, studerer på dei same skulane, blir handsama på dei same sjukehusa og arabarar har røysterett og kan stilla til val og få representasjon i nasjonalforsamlinga. Dei kan bli dommarar i Israel og tenestegjera i forsvaret.

Når Amnesty International framstiller Israel som ein apartheidstat på linje med Sør-Afrika før Mandela, kjem eg ikkje bort frå at dei brukar denne nemninga for å råka staten Israel så hard dei kan for å skada nasjonen sitt rykte så godt dei kan. Kvifor det? Det kan berre organisasjonen svara på sjølv.

På denne bakgrunnen er sjølvsagt all tale om folkemord i Gaza heilt utan grunnlag i røyndomen. For det første er ikkje palestinarane i Gaza eit «folk». Dei er arabarar, ein del av ei folkegruppe som lever over alt i Midt-Austen. 2,3 millionar bur i Israel. At mange palestinarar vert drepne i Gaza handlar ikkje om folkemord, men om at Hamas posisjonerer seg på ein slik måte i krigen mot Israel at sivile blir råka langt hardare enn tilfelle hadde vore dersom dei førte krigen etter krigen sine reglar.

Folkemord krev at ei etnisk gruppe systematisk prøver å ta livet av ei anna, slik som tyskarane prøvde å utsletta jødane under 2.verdskrigen, og slik som hutuane prøvde å drepa alle tutsiar i Rwanda i 1994.

Hadde Israel drive med folkemord på palestinarar, hadde alle palestinarar i Israel også vore ei målgruppe. Men det er dei jo ikkje. Dei er verna av israelsk lov akkurat som jødane i landet. 

Det ser ut til at det er heilt legitimt å devaluera språket når det berre kan råka Israel. Kvifor er det blitt slik?

Hitler sin propagandaminister Goebbels skal ha sagt at berre du repeterer ei løgn mange nok gongar, så blir ho til slutt trudd. I alle fall ser me dette demonstrert i høve til Israel i dag når ordet folkemord er på alle sine lepper som den beste måten å forstå det som skjer i Gaza på.

 

tirsdag 27. februar 2024

Kan Kina implodera i laupet av dei neste tre-fire åra?

Det er mange store leilighetskompleks i Kina. Men det er eit problem: dei er laga av billig og simpel sement. No smuldrar dei.

Men mykje anna som smuldrar også.

President Xi sin totalitære maktpolitikk har fått utanlandske investorar til å trekka seg ut av landet. No manglar Kina kapital. Arbeidsløysa er skyhøg, og særleg mellom unge. Styresmaktene nektar å offentleggjer desse tala. Dei unge i Kina trur ikkje lenger på framtida. Dei «legg seg flat», noko som betyr at dei er både arbeidslause og ugifte. Dei droppar ut.

2023 var økonomisk det verste året sidan 1976. Ein studie syner at over ein milliard kinesarar lever fattigdom.

Den kinesiske aksjemarknaden har tapt mellom 7 og 8 trillionar dollar sidan 2021. (Ein trillion er ein milliard milliard, altså 1000 000 000 000 000 000)

Kinaekspert Gordon Chang seier til CBN-News at Kina no er  «i ein tilstand av kaos. Ei dyster kjensle har gripe folket og gjennomsyrer samfunnet».

I tillegg er demografien i landet i fritt fall. I fjor var det første gong sidan 1960  at det døydde fleire menneske enn som vart fødde. I 2040 vil landet ha 400 millionar pensjonistar. Den mangeårige eittbarnspolitikken har resultert i stor mangel på unge kvinner (jentefoster vart i stor grad aborterte bort), og dei som finst, vil i liten grad stifta familie og føda barn, seier Chang.

Chang meiner også at at Kina sitt mislukka forsøk på å skremma folk på Taiwan til å stemma for ein Kinavenleg president då dei nyleg hadde val, har ført øyriket lenger bort frå Beijing enn før. 

Han seier vidare at president Xi fryktar opposisjon, noko som fører til utrenskingar i den politiske toppleiinga. Han er redd for at Xi sin einaste utveg med tanke på å koma seg unna med det som no skjer, er å gå til storkrig.

Josh Birenbaum i the Foundation for Defense of Democracie meiner at dersom ikkje Kina snarast gjennomfører ein dramatisk politisk snuoperasjon, ser framtida mørk ut for landet. «Eg trur at dei i laupet av dei neste tre til fire åra vil samfunnet rotna før landet imploderer, nett slik me ser skje med dei store leilighetskompleksa.»


torsdag 8. februar 2024

Den norske kyrkja (DNK) er redd for at Gazakrigen kjem til å splitta kyrkja i Noreg

 Ja, dette melde NRK Dagsnytt i går morgon. Og grunnen skal vera eit aukande tal kristne som støttar Israel i deira kamp for å utvida territoriet sitt, som det så kjekt heiter frå Torkell Brekke, professor i religionshistorie. Han framstår som DNK sin talsmann i denne saka. Det er direkte umoralsk å støtta Israel i dette, seier han vidare. 

Men handlar Gazakrigen om ekspansjon? Har Brekke fullstendig gløymt ut at Hamas gjekk til åtak på Israel 7.oktober med tusenvis av tungt væpna terroristar og drap 1200 jødar med kaldt blod, og at dei trugar med å gjera det same gong etter gong inntil det ikkje er ein einaste jøde att i Jødeland? Har han ikkje fått med seg at krigen om israelsk jord alt er i gong, og at det er Hamas som har starta denne krigen? Kvifor kallar han Israels eksistensielle forsvarskrig for ein krig om meir land. Det er jo ein krig der ein vil verja innbyggjarane sine mot overgrep, og sikra seg så godt ein kan at dette ikkje skjer igjen. Det er ei kvar regjerings plikt å verna borgarane som har valt dei. Kvifor er dette så vanskeleg å forstå? Kvifor er det så mange høgt utdanna folk som vil ha det til at dette handlar om noko anna? Kvifor vil dei Israel vondt? Det er ikkje til å forstå at ei kyrkje som har det jødiske folk å takka for sin eksistens, ikkje syner større respekt for sitt opphav. 

Brekke er redd for at dei umoralske kristensionistane vil splitta kyrkja. Meiner han her Den norske kyrkja, eller kyrkja i Noreg? Eg veit ikkje. Men her får me vel vera ærlege å innrømma at kyrkja har vore splitta i mange ulike greiner lenge, også innafor Den norske kyrkja med alle sine organisasjonar og fraksjonar. Det er vel kanskje i bedehusland at kristensionistane er å finna, og ikkje innafor den gudstenestefeirande delen av DNK. Det har vel ikkje vore høg grad av harmoni mellom DNK og bedehusland dei siste hundre åra. 

Elles har Den norske kyrkja dei siste åra gjort alt ho har kunne, ved å gje aksept til syndige samlivsformer, for å markera avstand til konservative bibeltruande kristne. Og markante personar som tilhøyrer DNK har markert at det å godta syndige samlivsformer er kyrkjesplittande. At det eksisterer kristensionistar fører neppe til nye fraksjonar. Det trur eg alle lever greitt med. Det er jo ikkje noko nytt fenomen. 



tirsdag 6. februar 2024

Løgner me ikkje kan leva med

 Det er to typar løgner: simpel uærlegdom og  ideologiske løgner. Simpel uærlegdom har me sett mange døme på mellom toppolitikarar dei siste åra. Det er så gale på dette området no at Jonas Gahr Støre har store vanskar med å setja saman ei regjering som kan vara ei stund. Lika sprett ut av skapa. 

Men langt verre er det med dei ideologiske løgnene som desse folka står for, og som ikkje vert påtalte, men snarare verdsette og sementerte i lovene våre.

Eg vil nemna nokre av desse løgnene:

«Eit foster er ein del av kvinna sin kropp, og ei kvar kvinne må ha rett til å bestemma over sin eigen kropp». Desse to løgnene ligg til grunn for lova om sjølvbestemt abort. For det er ikkje sant at fosteret er ein del av kvinna sin kropp, og ho kan heller ikkje gjera med kroppen sin som ho ønskjer. Så langt i frå. Ingen kan det.  

Barnet i mors liv har sine eigen kropp der berre halvparten av genene stammar frå mora. Den andre halvparten frå faren. Det gjer barnet til eit eige individ, ikkje ein del av mora.

Eit ufødd barn har sin eigen kropp. Det veit alle i vår tid, og det visste alle også før nokon kom på den sprø tanken om at det er ein del av mora sin kropp. Hensikten var å gje mora uavgrensa makt over barnet sitt. Sanninga er at mora berre er ein husvert for barnet fram til det blir fødd. Men ikkje noko vertsskap er normalt i posisjon til å bestemma over liv og død for gjestene sine. 

Dessutan: Dersom ei kvinne hadde kome til ein lækjar for å fjerna ei frisk hand eller ein frisk fot (som faktisk er ein del av kroppen hennar), ville ho ikkje ha kome noko veg med det. Ingen lækjar med sine fulle fem ville ha påteke seg eit slikt ansvar, og hadde han gjort det, ville han straks ha mista lisensen sin.

Men dersom han derimot fjernar eit ufødd barn, treng han ikkje ottast for lisensen. Den skaden kan han gjera med lova i hand. Barnet er jo ikkje pasient. 

Den tredje løgna eg vil peika på er at kjønn ein sosial konstruksjon. Det er ein ganske rar påstand, for alle veit i røynda at kjønn er utelukkande ein biologisk konstruksjon. Men ideen om at kjønn  handlar om sosiologi og psykologi har slått kraftig an, og har ført til å menn som meiner dei føler seg som kvinner, og kvinner som meiner at dei føler seg som menn (noko dei ikkje kan vita det aller minste om forøvrig), kan  byta  det dei kallar "juridisk kjønn" med eit tastetrykk, og før me veit ordet av det har me ei "kvinne" med penis og testiklar og ein "mann" med bryst, vagina og livmor. 

Omtrent utan debatt vart det i Stortinget 6.juni 2016 bestemt med lov at så enkelt skulle det vera å byta juridisk kjønn.  

Den fjerde løgna eg vil peika på er at det finst eit mangfald av kjønn, og at kvart enkelt menneske sjølv kan bestemma kjønnet sitt. Dette er ei merkeleg løgn som enno ikkje har festa seg i lovverket vårt, men eg har forstått det slik at saka om ein tredje kjønnskategori (som skal romma ei drøss med kjønn) er på trappene. 

Det eksisterer naturlegvis ikkje noko vitskapleg grunnlag for alle desse rare kjønnskategoriane. Det er  "innbilt kjønn", som tidlegare professor ved universitetet i Stavanger, Anne Kalvik, så treffande kallar det. 

Sanninga er, som alle eigentleg veit, at det er kun to kjønn, hann og ho, og at kjønn handlar om reproduksjon. Hann har små kjønnsceller, ho har store. Hann har XY-kromosom. Ho har XX. Denne skilnaden er markert i alle kroppen sine mange billionar celler. Ingen operasjon eller hormonbehandling kan endra på dette. Ein transmann er og blir ei kvinne, og ei transkvinne er og blir ein mann, same korleis dei enn ter seg og kler seg. 

Den femte løgna handlar om det å bli fødd i feil kropp. Det er sjølvsagt ikkje mogeleg. Me ER kroppane våre. Ingen av oss har eksistert utan kropp eller før me fekk kropp. Hinduane og buddhistane snakkar om sjelevandring og reinkarnasjon. Kan ideen om å vera fødd i feil kropp koma derifrå? Eller kanskje ikkje. I desse to religionane får alle den kroppen dei fortener. Det blir aldri feil. Det er karma. Men i vår kristne kulturtradisjon tenkjer me annleis:  Kroppane våre ER oss, og ingen er feilvare. Og takk og pris for det. Og me eit slikt utgangspunkt, kan me jobba med kjønnsidentiteten. For nokre kan for all del vera fødde med feil kjønnsidentitet. Ikkje med feil kropp. Og då må ein jobba med å endra kjønnsidentitet. Men det blir ikkje lett framover, for då heiter det konverteringsterapi, og det er blitt forbode og straffbart. Men skulle det ikkje meir naturleg at det er identiteten som er feil når ein oppdagar kjønnsinkongruens? Kvifor er det alltid kroppen det er noko feil med? Det er lettare, rettare, billigare og langt mindre farleg å behandla kjønnsopplevinga enn kroppen. Er det ingen som har tenkt på det? 

Så til slutt dette merksnodige uttrykket som går igjen i fleire dokument, m.a. frå Bufdir som snakkar om "det kjønnet barnet vart tildelt ved fødsel". Det er mildest talt ei uheldig og tendensiøs forklaring. At nokon seier at den nyfødde er ein gut eller ei jente, betyr jo ikkje at dei tildeler barnet kjønn. Dei berre fortel kva kjønn barnet har, og kva kjønn det har hatt frå det vart avla. Den den nye formuleringa er jo innført for å skapa rom for tvil om det biologiske kjønnet er det eigentlege kjønnet. Og behovet for ein slik tvil, har gjort at denne tussete formuleringa er blitt ståande som ei slags rett forståing av situasjonen. Men det er jo ei løgn. Ingen får tildelt kjønn ved fødsel, og det blir jo kvar dag stadfesta når gravide tek ultralyd og foreldra får beskjed om at dei ventar ein gut eller ei jente, og det lenge før fødsel.

At stadig fleire lover i Noreg er basert på løgner er forstemmande, og personleg er eg sikker på at dette er med på å redusera det moralske nivået i befolkninga. Lovene er normerande, og når løgn blir normen, korleis oppfører folk seg då?