mandag 27. april 2009

Forkrøpla manndom


Stadig fleire menn blir fedre utan å vilja det, sa dei på Dagsrevyen i dag. Menn som "ufriviljug" set born på jenter blir visstnok lei seg for at mødrene ikkje vil ta abort når dei blir gravide. Det er eit stort problem for mennene, fekk me vita, det øydelegg liva deira, sa dei. Dei vil ikkje betala for avkome sitt, ei heller ha noko med borna sine å gjera. Dei må ha det tungt, stakkar.

Kva i all verda er det som skjer med oss? Korleis kan eit samfunn avla så mykje forkrøpla manndom? Einkvar mann veit at sex er reproduksjon, og at han ikkje må la seg overraska over om det fungerer. Denne forvirringa må då vera ei seinfrukt av at samfunnet gjennom mange tiår no har ufarleggjort uforpliktande sex og gjeve det ein slags legitimitet. Men det har ingen legitimitet. Sex er mellom ei kvinne og ein mann som elskar kvarandre og lever i forpliktande fellesskap (les: ekteskap), og sann manndom syner seg ikkje i evne til å gjera ei kvinne gravid, men i det å oppdra dei borna ho føder.

mandag 20. april 2009

EU gjekk, Noreg sat


Då den iranske presidenten Amadinejad under ein tale på FN-konferansen mot rasismen i Geneve (Durban II) i dag kalla Israels politikk for rasistisk, reagerte EU-landa sine representantar å forlata salen. Men utanriksminister Jonas Gahr Støre vart sitjande. Det er ei skam. Han burde ha gått saman med dei. Men han sto på talarlista etter den iranske presidenten, og meinte det var best å ta verbal avstand frå Amadinejad sine utfall. Det gjorde han då også, det skal seiast. Men eg har lite tru på effekten. Den iranske presidenten hausta full jubel frå salen (truleg frå alle representantar frå islamske land, det verka som om det var utruleg mange av dei), og då trur eg ikkje saklege innvendingar frå Jonas har nokon som helst effekt på ein person som for lengst har vist at han gjev blaffen i alt kva alle andre meiner dersom det går mot hans eigne interesser. Støre hadde uttrykt seg langt klårare ved å reisa seg å gå.


Irans president er ein av verdas store undertrykkjarar. Han fører systematisk krig mot kurdarane i landet sitt, mot kristne og tilhengjarar av Bahaitrua. Han har fleire gonger teke til ordet for utsletting av Israel (ein stat som FN i si tid oppretta), og gjennom atomvåpenprogrammet sitt trugar han heile verdsfreden.


Men denne mannen har ei høg stjerne mallom leiarar i mange muslimske land. Der krev dei korkje logikk eller etikk, berre storkjeft.


Strengt tatt burde vel både Noreg og EU halde seg heime frå heile denne kongressen. Sist han vart halde nytta dei arabiske landa alle høve dei fekk til å kritisera Israel, og alle visste at det same kom til å skje denne gongen også, og det me har høyrt i dag, er nok berre starten.


Men me veit at alle desse statsleiarane utfordrar Israels Gud med talemåtane og planane sine. Me er no midt inne i Salme 2, og Herren ler av dei som no samlar seg mot Herren og den han har salva. For kampen mot Israel er ein kamp mot Jesus, som er den rette "kongen over jødane."


Ahmadinejad er Hamas sin beste støttespelar, og denne organisasjonen har bestemt seg for å utrydda kvar einaste jøde på denne jorda. Det står i charteret deira. Og kva har slike folk på ein antirasismekonferanse å gjera? Kva kan jødehatarar bidra med på ein slik konferanse når dei slår fast at einkvar forhandling med jødane er for svik å rekna? Det kan vera grunn til å undra seg.

fredag 3. april 2009

I dag vil eg gjerne presentera Thomas a Kempis (1380-1471) og boka hans "Imitatio Christi", "I Kristi bilete", som er ein av dei store klassikarane i den kristne litteraturen. Eg kom over denne boka på engelsk då eg var å gjesta Holy Trinity Church i London for 2 år sidan, og har hatt stor glede av å lesa desse djupsindige tekstane som er så fulle av radikal kristendom og glødande kjærleik til Jesus. à Kempis kom frå Kempen i Preussen, fekk utdanninga si i Deventer i Nederland (der Ard Schenk vart europameister på skeiser i 1966, for dei som interesserer seg for slikt). I Deventer vart han grepen av ei vekkjingsrørsle og vart del av ein munkeorden som kalla seg "Brør og søstre av det vanlege livet". Seinare flytta han attende til Tyskland og vart etter kvart prior i St Mont Agnes-klosteret. "Imitiatio Christi" kom ut i 1418. Gjennom bøkene og forkynninga si elles plasserer Kempis seg i rekkja av dei som kan seiast å vera ein av forløparane til reformasjonen.

Her eit utdrag frå "I Kristi bilete":

Jesus har mange som elskar himmelriket, men få som ber krossen saman med han. Han har mange som ønskjer trøyst, men få som vil gå gjennom trengsler. Han finn fleire som vil eta saman med han enn som vil fasta. Alle ynskjer å gleda seg saman med han, men få ynskjer å bera noko for han. Mange følgjer Jesus til nattverdsbordet, men få vil drikka lidingsbegeret. Mange beundrar mirakla han gjer, men få vil bera den skamma som kjem frå krossen. Mange elskar Jesus så lenge dei slepp motstand, mange prisar og velsignar han så lenge han trøystar dei. Men skulle han skjula seg og bli borte for dei ei lita stund, blir dei tunge til sinns og begynnar å klaga.

Men dei som elskar Jesus for hans eiga skuld, og ikkje for å oppnå noko, velsignar han også når dei har det trongt eller når hjarta er fullt av angst, på same måten som dei gjer når det går bra for dei. Og dersom det var slik fatt at Jesus aldri ville trøysta dei, ville dei prisa han likevel og alltid ønskja å vera takksame.
For ei kraft det er i den reine kjærleiken til Jesus, den som ikkje er blanda tanke på personlege fordeler eller med eigenkjærleik. Skulle me ikkje kalla folk som alltid søkjer trøyst og oppmuntring for leigefolk? Elskar ikkje dei seg sjølv høgare enn Kristus når dei heile tida søkjer framgang og fordel for seg sjølv? Kor kan me finna ein som er villig til å tena Jesus for ingenting?