
Her eit utdrag frå "I Kristi bilete":
Jesus har mange som elskar himmelriket, men få som ber krossen saman med han. Han har mange som ønskjer trøyst, men få som vil gå gjennom trengsler. Han finn fleire som vil eta saman med han enn som vil fasta. Alle ynskjer å gleda seg saman med han, men få ynskjer å bera noko for han. Mange følgjer Jesus til nattverdsbordet, men få vil drikka lidingsbegeret. Mange beundrar mirakla han gjer, men få vil bera den skamma som kjem frå krossen. Mange elskar Jesus så lenge dei slepp motstand, mange prisar og velsignar han så lenge han trøystar dei. Men skulle han skjula seg og bli borte for dei ei lita stund, blir dei tunge til sinns og begynnar å klaga.
Men dei som elskar Jesus for hans eiga skuld, og ikkje for å oppnå noko, velsignar han også når dei har det trongt eller når hjarta er fullt av angst, på same måten som dei gjer når det går bra for dei. Og dersom det var slik fatt at Jesus aldri ville trøysta dei, ville dei prisa han likevel og alltid ønskja å vera takksame.
For ei kraft det er i den reine kjærleiken til Jesus, den som ikkje er blanda tanke på personlege fordeler eller med eigenkjærleik. Skulle me ikkje kalla folk som alltid søkjer trøyst og oppmuntring for leigefolk? Elskar ikkje dei seg sjølv høgare enn Kristus når dei heile tida søkjer framgang og fordel for seg sjølv? Kor kan me finna ein som er villig til å tena Jesus for ingenting?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar