onsdag 23. september 2015
fredag 18. september 2015
Share Du skal æra far og mor.WMA - 1 MB
Det fjerde bodet handlar om å æra far og mor. Det er viktig for Gud at me gjer det. Forutan Gud sjølv, er det ingen utanom dei me kan takka for at me finst. God lytting.
Share Du skal æra far og mor.WMA - 1 MB
Share Du skal æra far og mor.WMA - 1 MB
mandag 7. september 2015
lørdag 5. september 2015
Ein heil bibel
I debatten rundt boka ”22.juli-profetien” vert det fleire gonger
i avisa Dagen skapt inntrykk av at Det nye testamentet seier noko heilt anna om Gud enn det Det
gamle testamentet gjer. Akkurat DET er vel ein noko heimaspøta teologi. I alle
fall er det ikkje i samsvar med Jesu ord. Han seier at han ikkje er komen for å
oppheva lova og profetane, men for å oppfylla, og fleire stader gjer han det
krystallklårt for oss at GT er Guds pålitelege og sanne ord. Ja, på Jesu tid
eksisterte faktisk ikkje NT i det heile, og alt godt i NT som blir sagt om Guds
ord, blir naturlegvis sagt om GT. Ingen bør antyda at Gud i GT er ein annan enn
Gud i NT. Han var, er og blir den same.
Naturlegvis er Guds pakt med Israel i GT annleis enn hans
pakt med heile menneskeætta i NT. Men det er IKKJE slik at Gud i GT ein Gud som
fordømmer og knuser syndarar medan Gud i NT frelser og tilgjev. Gud er den same
i heile Bibelen, og han openberrar seg som dommar og frelsar i alle Bibelens
bøker.
Innfor døden er det rett å minna kvarandre om at det er
menneske sin lodd ein gong å døy, og så koma for domen. Ingen går utanom det.
Her er Bibelen tydeleg i språket. Men like tydeleg er det både i GT og NT at
”den som tek sin tilflukt til Herren ikkje skal dømast skuldig.” Abraham og
alle heilage i GT vart rettferdiggjort gjennom trua, og slik er det også for
oss. Dei heilage i GT og dei heilage i NT vart alle frelste ved tru, og bak det
heile ligg Guds evige kjærleik til alle menneske, Israel som heidningar.
22.juliboka har eg ikkje lese, og kjem heller ikkje til å
gjera det. Men generelt er det å seia at ”profetiar” som kjem i ettertid av ei
hending er lite å bry seg om. Profetisk tale i GT er slik at han etterprøvast
når han blir oppfylt, og er det ein domsprofeti det er snakk om, skal folk få
ein sjanse til å venda om. Då vil Gud endra planane sine. Det er DEN type profeti me finn i GT.
Elles framstår Gud
både i GT og NT ein tolmodig, ja, langmodig og nådig Gud som helst vil at folk
skal venda om frå syndene sine. Han har ingen glede av å døma nokon som helst,
og difor vart han også menneske og tok på seg domen på våre vegne. Men
omvending er nødvendig for alle.
Etiketter:
22.juli-profetien,
GT,
NT,
oppfylla
tirsdag 1. september 2015
Du skal ikkje misbruka Herren, din Guds namn
Guds namn og Guds person overlappar. Namnet representerer personen.
Misbrukar me Guds namn, misbrukar me Gud. Lytt til dagens vesle andakt.
Share Du skal ikkje misbruka Herren, din Guds namn.WMA - 1 MB
Share Du skal ikkje misbruka Herren, din Guds namn.WMA - 1 MB
Abonner på:
Innlegg (Atom)