onsdag 28. januar 2009

Snåsamannen, helseministeren og vitskapen


Helseminister Bjarne Håkon Hansen fortel at den no så velkjende Snåsamannen lækte sonen hans for kolikk i 1997, og at denne opplevinga hadde gjeve han eit nytt syn på tilværet. Han trur no at "det er meir mellom himmel og jord enn det som naturvitskapen kan fortelja oss om". Og det er jo eit stykke på veg. Men mannen er jo ikkje framme. Ingen vert frelst ved å tru at det er noko mellom himmel og jord. Det som er mellom himmel og jord er jo strengt tatt ikkje så interessant. Det som verkeleg er interessant er jo det som er i himmelen, eller rettar sagt: HAN som er i himmelen, Gud, var skapar og far, og Sonen hans Jesus. Men Bjarne Håkon er på veg. Vonar han finn fram. Då ville det vorte storfest i himmelen, for fyren er jo så utruleg koseleg.

Men eg må jo få lov å seia noko om desse medisinske forskarane som ber seg så fælt etter vitnemålet til helseministeren. Dei meiner at han ikkje kan ha ei ny overtyding utan sterkare prov enn det han meiner seg å ha. For dette er plasebo, seier dei. Ja vel. Det er godt mogeleg at det hadde vore plasebo om det var Bjarne Håkon som hadde kolikk, men det var det jo ikkje. Det var jo babyen hans, og han visste neppe kva Snåsamannen heldt på med (her må jo det jo ha glippa skikkeleg for vitskapsmannen). Guten vart berre bra han, og foreldra vart glade og fegne som rimeleg kan vera. Og Bjarne Håkon gjekk i tenkeboksen og spurde seg sjølv om kva fylgjer dette måtte få for hans syn på røyndomen.

Problemet med desse forskarane er jo at dei trur at naturvitskapen femner heile tilværet. Men det kan han aldri gjera. Det overnaturlege, om det skulle finnast, kan sjølvsagt ikkje målast med naturvitskaplege målemetodar. Det er sjølvinnlysande. Men slik er det med mykje anna også: Kjærleik, rettferd, godleik osv er reelle ting i livet som ikkje kan bli objekt for naturvitskapleg forskning. Det er metafysikk, og tilhøyrer ei anna verd enn den naturvitskaplege. Slik er ei ny overtyding noko som kjem til folk og fangar dei inn, ofte som eit resultat av ei ny røynsle. Ein kan beklaga at det er slik, men det er jo ikkje så mykje å gjera med det heller.




Ingen kommentarer: