søndag 18. januar 2009

Israels plass i ¨Guds frelseshusholdning III

"I deg og i di ætt skal alle jordas ætter velsignast," sa Gud til Abraham. Og det har skjedd. Gud har velsigna oss så utover alle grenser gjennom dette folket. For det første ved at han har gjeve oss ordet sitt gjennom jødane, og for det andre at han sjølv vart jøde og døydde for syndene våre som "Jesus, kongen over jødane". Dette knyter oss som heidningar til jødefolket for all framtid.

Men har denne lovnaden nådd endemålet sitt, eller står det enno noko att? I juleevangeliet hos Matteus les me om ein engel som kom til Josef og sa at han skulle kalla barnet som Maria bar på for JESUS, for "han skal frelsa folket sitt frå syndene deira." Kven er så Jesu folk? Det er jødane. Dei vil alltid bera denne tittelen. Sjølv om dei forkastar han som sin Gud, har ikkje han forkasta dei som sitt folk. Korleis kan han det? På krossen sonte han syndene deira, men enno ventar me med spenning på den dagen då han skal frelsa dei. Det har enno ikkje skjedd, men i Matteus 1,21 les me at dette skal skje!

Vel, så skal det det. Guds ord kan ikkje gjerast ugyldig. Det som skal skje, skal skje. Paulus skriv i Romerbrevet 11 at Gud ikkje på nokon måte har forkasta det gamle paktfolket sitt. Men forherding er komen over dei for ei tid, inntil heidningemisjonen har nådd eit heilt spesielt mål som berre Gud veit. Så skal han ta seg av folket sitt. Då har han samla dei i sitt eige land, og på ein dag skal han rydda gudløysa ut or Jakob. Kva fylgjer skal det ha for oss? Det blir som liv av døde. Då kjem den store verdsvekkjinga som me lengtar etter. Difor må me be for Israel og jødefolket, tala for dei og hegna om dei. Gud vil enno ein gong velsigna oss ut over alle grenser gjennom dette folket. Det veit Satan betre enn alle sin gudlause vener, og han set all si kraft inn for å forhindra at dette skal skje. Det har me sett gjennom jødane si historie. Det har vore ei endelaus rekkje av forfylgingar og progromar som til slutt kuliminerte i Holocaust. Eg er redd det kjem meir. Og kanskje må det koma meir. Gud er historias Herre. Hatet mot Israel ser ut til å breia kraftig om seg. Men til sjuand og sist skal alt dette tena Guds forunderlege plan. Så lat oss følgja med, og lat oss reisa oss og tala vel om dette folket, be for dei og velsigna dei som vår frelse kjem frå.

Ingen kommentarer: