onsdag 14. januar 2009

Israels plass i Guds frelseshushaldning I

Israel og jødefolket står heilt i sentrum av Guds frelseshistorie. Det skulle det ikkje vera den minste tvil om. Heile Bibelen er ei jødisk bok. Så langt eg kan sjå er ikkje ein einaste bokstav av Guds openberring skriven av ein heidning. Alle forfattarane av bøkene Bibelen er jødar. På den måten kan me trygt seia at jødane er Guds openberringsfolk. Difor sa Jesus til den samaritanske kvinna: "Frelsa kjem frå jødane." Og det er sant. Difor må me som kristne tenka på dette folket med undring og glede. Jødane har velsigna oss utover alt me kan førestella oss, og det skulle berre mangla om ikkje me skulle velsigna dei attende. Gud elskar dette folket. Ja, så høgt at då han sjølv tok det store steget å bli menneske for å frelsa alle menneske, vart han ein jøde. For all æva er Gud ein jøde. Han tilhøyrer det jødiske folket, og han vil for all framtid vera "kongen over jødane".

Ingen kommentarer: