mandag 12. januar 2009

Krigen mot Gud

Den ideologiske kampen som no rasar mot Israel, er ein kamp mot Gud. Alle skjønar at det er den israelska regjeringa si sure plikt å få setja ein stoppar for Hamas som peprar byane i sør-Israel med dødbringande rakettar. Slik sett burde det vera i alle nasjonars interesse å støtta og forsvara Israel, for dersom ikkje Israel har rett til å forsvara innbyggjarane sine, har ingen andre det heller. Men nesten ingen støttar Israel. Berre USA. Noreg ser ut til å gå lengst i fordøminga. Jens Stolt. meiner dei brukar for kraftige verkemidlar. Men då må me spørja: Kva meiner han så er høvelege verkemidlar? Kunne han tenkt seg å seia noko om det? Har han så enorm militærstrategisk kompetanse at han i det heile kan seia noko som helst om kva som i dette tilfelle er høveleg og uhøveleg? Truleg ikkje. Han berre masar.

Nei, grunnen til dette oppstyret er sjølvsagt at det er Israel, Guds utvalde folk, som forsvarer seg. Venstresida i norsk politikk har heilt sidan 70-talet hata Israel, jødedom, kristendom og Gud. Det er ikkje logisk. Det er åndeleg. Denne rørsla er full av ateistar og humanetikarar som helst vil utsletta den jøde-kristne arven, og dei har arbeidd utrøyteleg med å fjerne kristendomen frå skular og barnehagar, og no faktisk også frå kyrkja. Dei ser sjølvsagt den nære koplinga det er mellom jødedom og kristendom, og kjempar mot begge deler. Dette er folk som gjev seg ut for å vera fredselskarar, men då hadde dei for lengst protestert heftig mot Hamas sine mange tusen rakettar inn i Israel. Nei, desse menneska er ikkje motstandarar av krig. Mange av dei er sogar for væpna revolusjon, og dei har ingen vanskar med å støtta militante islamistar. Nei, desse menneska er berre imot Israel, kristendom og Gud. Og det verkar som om journalistane både i dei store riksavisene og i NRK og TV2 sympatiserer med dei, og brukar sivilbefolkninga si liding for å demonisera Israel og jødar. Men det er ugyldig. For sivilbefolkninga i Gasa har sjølv vald leiarane sine, og dei støttar Hamas sin aggresjonspolitikk mot Israel.

Om eg ikkje har hjarta for skadde og drepne barn? Sjølvsagt har eg det. Eg ber om at Gud skal verna barna i dette infernoet. Og eg gremmar meg ved tanken på at Hamasterroristane brukar dei som levande skjold for å vekka vestens sympati. Det er eit sorgens kapittel. Men det ser ikkje ut til at denne organisasjonen skyr noko som helst. Dei veit godt at dei må tapa militært, men mediakrigen kan dei vinna, men då må dei sørga for å få vist fram døde og skadde barn. Det er eit høgt, kynisk og brutalt spel. Og vinn Hamas mediekrigen, kan dei lett koma til å vinna totalt. Det er dei levande klår over.

Eg ber om at Gud skal verna borna i Gasa, ikkje berre frå Israel sine bomber og granatar, men mot Hamas som i eine augneblinken bruker dei til skjold i krig, og i neste no fyller dei med hat for å senda dei ut som sjølvmorsbombarar mot skuldlause menneske.

Ingen kommentarer: