mandag 12. januar 2009

Normisjon i tenkeboksen

Rolf Kjøde seier i eit intervju med Vår Land i dag at Normisjon vurderer å lausriva seg frå Den norske kyrkja. Det er den teologiske utviklinga i dette kyrkjesamfunnet som aktualiserer problemstillinga.

Det er sjølvsagt heilt naudsynt for Normisjon å løysa banda til Den norske kyrkja. Det er mange grunnar til det. Men når ei kyrkje aksepterer vranglære, er det farleg for folk å bli verande i henne. For vranglæra opnar kyrkja for Vranglæraren som er djevelen, og han er med respekt å melda ikkje å vera i hus med. Han fangar oss rett og slett i løgnene sine.

Kyrkja si oppgåve er å løysa folk frå synda og djevelen. Men når synd mot 6 bodet vert akseptert og ikkje påtalt av kyrkja sine hyrdar, bind kyrkja syndaren til synda og djevelen. Det kallar me forføring, og Jesus vil fella ein streng dom over alle forførarar. Den norske kyrkja er vorten ei kyrkje under Jesu dom.

Men det kan eikvar kyrkje lett bli. Me står i ein mektig åndskonflikt i våre dagar, og ingen av oss er upåverkelege. Det veit, eg etter å ha forkynt Guds ord ein mannsalder, alt om. Det er ofte ein kraftig indre kamp når Ordet skal opp på talarstolen. Kva vil eg tena eller tapa på å forkynna Guds ord reint og uforfalska? Kva skal eg profilera? Kva skal eg dempa? Og kvifor?

Ingen unngår kampen. Men me treng stå saman, formana og hjelpa kvarandre i dette. For kampen for det som er sant er kampen for livet.

Men i tillegg til å ha ein sunn teologi og bibelsk forkynning, er det ein sterk trong i Noreg for å utvikla kyrkjelyden som søsken og tenarfellesskap. Bibelen syner oss ein kyrkjelyd der medlemmene står kvarandre nært, jobbar tett saman for utbreiing av evangeliet, prøver og kallar sine eigne hyrdar osv. Ein treng ikkje vera så mange. Jesus sa at når to eller tre samlast i hans namn, vil han vera midt i mellom dei. Og er ikkje det eit uttrykk for kyrkjelyd? I det minste vil det vera sant dersom desse 2-3 menneska samlast regelmessig og ofte, og overgjev seg til dette fellesskapet i den hensikt å vera ei vekstcelle for Jesus.

Ingen kommentarer: