fredag 30. september 2011

Glede

Engelen sa til gjetarane på Betlehemsmarkene: "Sjå eg forkynner dykk ei stor glede som skal timast alt folket." Denne gleda var Jesus, Frelsaren.

Dersom du oppdagar at Jesus tok bort syndene dine då han døydde for deg på krossen, opplever du ei stor letting som framkallar den største glede eit menneske kan oppleva på denne sida av grava. Du blir "sæl", som det heiter i Bibelen, dvs. erfarer ei lukke som kjem strøymande til deg frå Guds hjarta, han som har elska deg frå før verda vart til.

Så lenge du er på Guds bølgelengde og ingenting forstyrrar dei guddommelege signala frå hans Anda og Ord, er du i dette her. Trua som Gud har gjeve deg er ei slitesterk sak, og han let deg sjå inn i fridomens fullkomne lov (evangeliet) så ofte som du vil, og du veit at den rikdomen som er der, er DIN.

Dette er lovsongens grunn. I Salme 40 fortel David at Herren drog han opp av ei djup gjørme, og det skal vera visst: det hender me rotar oss opp i ei hengemyr, og då David fekk fast grunn under seg, vella lovsongen til Gud fram. Han seier: "Og Herren la i min munn ein ny song, ein lovsong frå vår Gud."

onsdag 28. september 2011

Lovsong og glede


Lovsong og glede høyrer saman. Den som er glad skal syngja lovsongar, skriv Jakob. Det er godt. Lovsong sømer seg for dei glade.

Men kristen glede er langt meir enn ei kjensle, meir enn ei stemning i sjela. Vår glede er Jesus, og han har me alltid så lenge me trur på han. Difor kan me alltid lovsynga, for Han er nær, uforanderleg, stabil og trufast. Uansett korleis dagen vår er, er Jesus den same sigerherren, den same Herre, den same Gud, den same forsonar og frelsar. Difor jublar me framfor han med ei gleda som er større enn det som kan uttrykkjast i ord.

Det er vårt privilegium å få fokusera på Jesus og sjå bort frå våre eigne miserable liv og manglande evner og føresetnader. For Jesus manglar ingenting, og alt han er og har, er vårt. Han har gjeve oss det sjølv. Utruleg bra. Så gled deg i din glede.

tirsdag 27. september 2011

Eg vil lova Herren

Mange plassar i Salmane finn me uttrykket: Eg vil lova Herren. T.d. i Salme 146 vers 2. Det er som om salmisten har bestemt seg for at det vil han gjera.

Lovsongen kan gjerne vera spontan og bryta fram etter eit herleg bønesvar. Men meir enn noko anna er lovsongen ein livsstil hos kristne som har forstått kva det dreiar seg om her i livet: å gje Gud ære.

Då hevar me lovosongen over kjensler og stemningar, og gjer han til ei teneste for Gud, ikkje for noko anna enn at Gud er Gud og fortener vår lovsong og elskar vårt nærvær.

Gode Far i himmelen! Eg lovar og prisar deg, min Gud, og eg vil syngja for deg så lenge eg er til. Til evig tid skal alt som pustar prisa di makt og din godleik. Du skapte oss til deg, og du sende Sonen til oss for å ta bort syndene våre med sitt offer, slik at me kvar dag kan koma heilt inn til ditt livgjevande hjarta.

Herre, slik som du byggjer Jerusalem og samlar Israels spreidde folk, slik byggjer du også di kyrkje og samlar syndarar ved ditt bord. Du lækjer dei som har eit sundbrote hjarta, og fetlar deira verkjande sår. Stor er du, og rik på kraft, ditt skjøn er utan grense. Amen!

mandag 26. september 2011

Kjærleiksspråket

Gjennom lovsong og tilbeding uttrykker me vår kjærleik til Gud.

Vårt fremste kall, og meininga med liva våre er å elska Han, og når me gjer det, har me funnne fram til sjølve kjerna i livet, ja, til sjølve Livet. Og denne kjærleiken strøymer frå oss mot Gud gjennom heile kroppen, augo våre strålar av beundring, smila våre sender bølger av varme, og me dansar og syng for Han "av ei glede som ikkje kan tolkast med ord" (1.Peter 1,8). Det er kjærleiksspråk.

Det skjer på jorda. Det skjer i himmelen. Der syng englane: "Amen! All lov og pris og visdom, takk og ære, makt og velde høyrer vår Gud til i all æva. Amen" Joh. openberring 7,12.

Og fordi takk og ære tilhøyrer Gud, og me er dei som saman med englane kan gje han det, så gjev me han det. Så enkelt. Gud skal ha det som som Gud skal ha, og det er takk og ære. Han fortener det.

Ingen kan elska Gud utan å tilbe han.

Gud likar når me kjem han i møte på denne måten. Det er fellesskap på djupt plan, og Gud elskar det.

Gode relasjonar fordrar gode ord. Dei byggjer opp relasjonane oss i mellom.
Nokre av dei som les dette treng å byggja opp ein god og nær relasjon til Gud. Begynn med å takka han for alt godt du kjem på og fortelja han med enkle ord at du elskar han. Leit i Bibelen etter gode formuleringar, og du kan starta med Salme 145. Denne salma ber fromme jødar 3 gongar dagleg. "Ingen som gjer det, kan nokon gong gå fortapt," sa ein rabbiner ein gong. Det er lett å finna Gud i Salme 145. Lukke til.

lørdag 24. september 2011

Den forunderlege utakknemlegheiten

Jesus lækte 10 spedalske menn, men berre èin kom for å takka han for hjelpa, og det forundra Meisteren. Han kunne ikkje skjøna det. Det var ei gåte for han.

Det er naturleg og rett å takka når me får gåver. Lækjedom for alvorleg sjukdom er ei stor gåve. Det burde ha drive alle tilbake til Jesus for å takka. Men berre èin gjorde det, og han var til overmål samaritan, altså ein som jødane vanlegvis ikkje hadde samkvem med.

Det skulle vera lett å takka Gud når under skjer. Vanskelegare er det når livet går oss i mot. Men Bibelen oppfordrar oss til å takka Gud også i slike situasjonar. Det står i Filipparbrevet 4,6-7 : Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. Og Guds fred som går over alt vit skal vara tankane og hjarto dykkar i Kristus Jesus. at me skal overgje alle sutene våre til Gud med påkalling, bøn med takk. For ein invitasjon og for ein lovnad dette er.

Når me overgjev problema våre til Gud og takkar han for hans makt og gode vilje, kjem hans fred og overtek i hjarto våre. Det er herleg.

David skriv i Salme 30 at han VIL takka og lova Herren. Det er noko han berre bestemmer seg for uansett korleis han har det og uansett kva som skjer. Bestem det for det du også.

Takk og lov er ditt kjærleiksspråk innfor Gud. Han frydar seg når du deler din kjærleik med han.

Å takka og lova Gud er dessutan vårt fremste livskall, det er det me er skapte til. Når me ikkje gjer det, bommar me på Guds mål me liva våre, me syndar.

Lat ikkje Jesus lenger klø seg i hovudet i forundring over deg fordi du gløymer å takka og lova han. Bryt heller ut i jubel du min tilgjevne og benåda ven for alle gåvene Gud så raust deler med deg.

onsdag 21. september 2011

Ginosko

Jesus definerer det evige livet som å kjenna Gud. Han seier: "Dette er det evige livet at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud og han du sende, Jesus Kristus."


Det verbet som blir brukt på gresk for å kjenna, ginosko, betyr å kjenna ein person på ein djup personleg måte, slik som ektefolk kjenner kvarandre.

Det er berre ein måte å oppnå eit slikt kjennskap på: gjennom overgjeving. Den som ikkje overgjev seg til Gud, vil aldri kjenna Gud og slik erfara det evige livet.

Det evige livet er ikkje primært eit liv som varer i det uendelege, men det er liv frå Gud med kvalitetar som går himmelhøgt over våre jordiske liv.

Biologisk liv har nokre grunnleggjande kjenneteikn: rørsle, sansing, pusting, formeiring.
Det evige livet frå Gud likeeins. Den som kjenner Gud merkar hans nærvær og høyrer hans røyst, dvs. høyrer på ordet hans og gjer etter det. Dei bevegar seg ut blant folk med evangeliet, og gjer sitt ytste for at nye skal koma til tru på Jesus og erfara Guds kjærleik og frelse.

Den som kjenner Jesus blir ein ivrig, for ikkje å seia fanatisk, kristen som lever heilt for Jesus. Den som ikkje lever for Jesus, har aldri kjent han. Dei er religiøse, men ikkje kristne. Mange, mange er der.

Eg ber på ein visjon: at alle som sannar Jesus som Herre skal kjenna han og brenna for han, ikkje vera fortapte religiøse, men frelste kristne som ber eìn pasjon i hjarto sine: å kjenna Jesus og gjera han kjent.

Det evige livet

Det kom ein teolog til Jesus og spurde: "Kva skal eg gjera for å arva evig liv?" Det var eit ganske rart spørsmål. For ingen kan vel gjera noko frå eller til for å arva noko som helst. Ein arv er noko som ein vert fødd til, eller ein kan få han testamentert.

Den einaste måten me kan bli Guds arvingar på er ved å ta imot Jesus Kristus. Då blir me nemleg Guds barn av nåde, får del i Jesu barnekår så og seia, og me blir fødd på nytt ved den Ande han har sendt til oss.

Bibelen er Guds testamente til oss menneske. Det er gjennom denne me lærer Jesus å kjenna. Ved å stola på det som Gud har sagt til oss om Sonen sin, godtek han oss som sine søner og døtre, og me arvar alt godt saman med Jesus.

Jesus er vegen både for ufrelste teologar og andre som lever i mørkret.

lørdag 17. september 2011

Ekskludert

Så dreiv Gud menneska ut av hagen han hadde planta for dei. Dei vart ekskluderte.

I vår humanetiske livsfilosofi likar me å framheva Gud som inkluderande, ja, me vil helst at han skal inkludera alle menneske (bortsett frå nokon få fæle, naturlegvis).

Men Gud er ikkje slik. Han inkluderer alle som bøyer seg for hans ord, og som heilt og fullet innrettar liva sine etter dette ordet. Alle andre ekskluderer han.

Det er både vondt og unødvendig å bli ekskludert. Alle blir invitert til å venda om, sanna syndene sine og ta imot tilgjeving og nytt liv. Men det er eit val som kvar enkelt på ta sjølv.

Dei som held Gud utanfor liva sine, vil sjølv bli haldne utanfor samfunnet med Gud.

Gud inviterer oss alle inn i sitt rike, men berre dei som tek imot invitasjonen blir ein del av Guds familie. Det er eit personleg val. Adam og Eva hadde ikkje dette valet. Det er Jesus som har gjort det mogeleg for oss å velja Gud. Lat oss prisa han for det.

fredag 16. september 2011

Kvinna si ætt

Adams fall vart til fordervelse for oss alle. Det er no ein gong slik at kongar og regjeringar tek avgjerder på vegne av alle dei styrer over. Og Adam var vår første konge, og hans val vart vår lagnad.

Difor kunne det ikkje koma nokon frå hans ætt for å frelsa oss menneske. Frelsaren måtte fødast av ei kvinne utan manns medverknad. Og Gud sa til slangen: "Eg vil setja fiendskap mellom deg og kvinna, mellom di ætt og hennar ætt. Han skal knusa hovudet ditt, men du skal høgga han i hælen."

Her finn me den første profetien om Jesus Kristus. Han hadde ingen jordisk far. Gud var hans far, og han var avla ved Den Heilage Ande og fødd av Maria som var jomfru.

Slik var Jesus den andre Adam. Adam var vår første konge, og hans val vart vår lagnad. Jesus var den andre kongen. Han sto fast i Gud der den den første Adam svikta, og liksom me alle vart syndarar ved vår første konges fall og ulydnad, blir me alle rettferdige ved Jesus Kristus dersom me vel å følgja han. Hans frelse råkar oss ikkje som ein lagnad, men er ei gåve som me må ta imot.

Denne sjansen må ingen la gå frå seg, heller ikkje du, min gode lesar.

torsdag 15. september 2011

....som du gav meg...

Utan å tenkja over det la Adam skulda på Gud for at han hadde brote Guds bod. Det var jo Gud som hadde gjeve han denne kvinna som hadde lokka han. Dersom ikkje kvinna hadde eksistert, ville han altså ha klart seg fantastisk.

Det verkar som om menneska etter sin falne natur er dømt til å leggja skulda for dei vonde vala sine på Gud. Det skjer utan at dei tenkjer seg om. Ligg dei i blod.

Dersom Gud er god og allmektig, kvifor grip han ikkje inn? Anten fordi han er vond, eller fordi han ikkje er allmektig, eller fordi han ikkje eksisterer i det heile.

Kvifor skapte Gud treet som kunne gje kunnskap om godt og vondt? Hadde han ikkje gjort det, ville jo alt ha godt bra. Det er Gud si skuld at eg er slem.

Slik driv menneska på dagen lang, og då Gud kom til oss for å frelsa oss, dømde me han til døden og krossfesta han.

Men Guds visdom er stor. Gjennom historias største ugjerning, frelste Gud oss alle. Og fordi me dømde og drap han, kan han i dag frikjenna alle som trur og gje oss evig liv.

Og han som snudde den største ugjerning til velsigning for verda, kan snu alle ugjerningar same vegen. Slik elskar Gud å ta djevelen grundig ved nasa, til dennes store frustrasjon. Djevelen kan nemleg ikkje la vera å finna på fanteri, og Gud kan ikkje la vera å omforma det vonde til goder for alle som vender seg til han av eit heilt hjarta.

onsdag 14. september 2011

Kvinna du gav meg

Etter syndefallet gjorde Adam alt han kunne for å rettferdiggjera seg sjølv. Det gjorde han ved å skulda på andre.

Kva har du gjort? Spurde Gud.

Kvinna du gav meg, lokka meg, og eg åt.
Jo visst innrømte han at han hadde ete, men hovudansvaret la han på kvinna og Gud.
Solidariteten mellom mann og kvinne vart broten den dagen, og har vore det sidan. Ekteskapet er vorten ein kamparena der den eine skuldar på den andre og vise versa.

Guds tanke var at mannen skulle vera leiar i ekteskapet og dekka kona si same kva det måtte kosta han. Han skulle vera ein retteleg mann som om nødvendig ofra livet sitt for kona si. Og det skjer sant nok. Men alt for ofte ser me at mannen er vorten ein kujon som ikkje evner å stilla opp, men som dyrkar seg sjølv og sine eigne interesser og som når ting går galt, prøver å vri seg unna hovudansvaret for problema. Det er om å gjera å få Svarteper over på den andre.

Jesus Kristus er den andre Adam. Han var ein mann av rette merke som stilte opp for oss alle og tok på seg vår skuld og skam og tok den straffa som me skulle hatt.

No er det vår plikt som menn å ta imot han, la oss tilgje og forløysa av han, og med han som førebilete bli rettelege menn for konene våre, menn som ikkje berre tek ansvar for våre eigne handlingar, men også for konene våre sine dersom dei skulle svikta.

Det er ulike mannsbilete på marknaden i våre dagar. Men ingen kjem opp mot Jesus. Han sto alltid rakrygga opp for sanning og godleik, og modig, om enn skjelvande, gjekk han inn i døden for andre. For ein mann. For eit førebilete. For ein frelsar. Ingen annan er verdig vår etterfølging.

mandag 12. september 2011

"Kor er du?"

Det går eit rop gjennom historia, eit rop frå Gud: "Adam! Kor er du!" Gud er ein far som er ute på leit. Han leitar etter bortkomne barn, barn på rømmen.

Adam og Eva høyrde Gud koma i hagen, og dei vart redde og gøymde seg. Djevelen hadde snudd opp ned på alt i hovuda deira, også gudsbilete. Gud, som dei inntil då hadde elska høgare enn seg sjølv, hadde brått vorte farleg for dei, tenkte dei, og dei fann grunn til å gøyma seg for han, koma seg bort frå han. For ein tragisk dag i vår historie.

Etter den dagen har Gud vore på rastlaus leit i alle verdas land og nasjonar og kalla menneska tilbake til seg: "Kor er du, Adam?" "Kor er du, Eva?"

Og verdas kvinner og menn gøymer seg på ulike plassar, i framande religionar og ideologiar, i kulturelle aktivitetar og i denne verdas støy.

Gud visste godt kor Adam var då han gjekk gjennom Edens hage denne lagnadstung dagen. Men han gjekk ikkje og tok han i nakken og drog han fram. Nei, han kalla han til seg. Adam fekk sjansen til å koma fram friviljug.

Slik er Gud. Han tvingar ingen fram frå gøymeplassen sin, men han kallar oss fram. Han vil gjerne gå i rette med oss, tala med oss og ha samfunn med oss, men me må koma sjølv. Slik er reglementet i Guds rike. Fellesskap er basert på fritt val og ikkje på tvang.

Adam og Eva visste at det dei hadde gjort kvalifiserte til døden. Dei såg mørkt på stoda. Likevel tok dei feil av Gud. Han var framleis den same kjærlege faren deira, og den einaste plausible reaksjon frå deira side på hans nærvær burde jo vore å springa han i møte og fortalt han alt. Men dei gjorde ikkje det. Dei gøymde seg og prøvde å unngå oppgjeret.

Det gjer dei fleste i vår tid også. Alle burde me gå til Gud og fortalt han alt. Men me gøymer oss til vår eigen undergang. For det er korkje liv eller fridom borte frå Gud, berre død og tvang.

Men Gud er god og ikkje farleg for dei som ærleg innrømmer tabbar, feil og synder. For no kallar han oss ikkje fram for å forkynna oss dom, men tilgjeving og frelse. Jesus Kristus sona den domen me alle hadde fortent då han døydde på krossen, og Gud kallar oss til seg for å gje oss samfunnshand, barnekår og evig liv.

Det går eit rop gjennom historia: "KOM!" Og den høyrer det skal ropa til frendane sine "KOM!" og den som tørstar skal koma, og den som vil skal få drikka av livsens vasskjelder heilt gratis.

Vil du?

lørdag 10. september 2011

"De skal bli som Gud"

Etter syndefallets dag har menneske vore full av innbilskhet vedrørande sin eigen posisjon i skaparverket. Alle har hatt eit brennande ønske om uavhengighet og sjølvstyre, om å få vera sin eigen gud. Og ikkje få har hatt eit like stort og brennande ønskje om å styra over andre sine liv, og då etter sitt eige hovud.

Sjølvforguderiet blir stundom plagsamt tydeleg. Adolf Hitler, Lenin, Stalin, Saddam Hussein, Kim Il Sung, Kim Jung Il, Mao Ze Dong, Pol Pot, Alexandr Lukasjenko, for å nemna nokre psykopatiske personar frå nyare tid med millionvis av menneskeliv på samvitet, personar med eit kjempestort ego som trudde/trur at alt og alle var/er til for deira skuld. Kva er det me står overfor? Menneske som har gjeve sjølve djevelen rom i hjarto sine, og som er blitt direkte reidskapar for han, eit fenomen som også råka oss her i Noreg den 22. juli 2011. Det er djevelen sitt eige biltet som grin mot oss. "De skal bli som Gud!" For ei løgn. I staden vart me som han som sa det.

Då Gud skapte oss i sitt bilete var det for at me skulle stå han nært, tena han, gjera hans gjerningar, henta kraft og inspirasjon frå han og representera han overfor resten av skapninga, men slangen fekk oss til å tru at me skulle få fridom og makt ved å løysa oss frå Gud. Resultat: Me vart like fri som ein fisk på land.

Djevelen er ein fin predikant. Han forkynner smigrande ord til menneska om sjølvstende og autonomi i den hensikt å binda oss til seg sjølv og sin eigen lagnad. Det har han lukkast med i stor grad. For saka er ganske enkelt den at alternativet til Gud er djevelen sjølv. Det finst ingen tredje veg.

fredag 9. september 2011

Den store løgna

Slangen sa til kvinna: "Nei, de skal ikkje døy. Men Gud veit at den dagen de et av frukta skal de bli som han og kjenna godt og vondt!"

Dette var den store løgna som felte menneskeætta. Tenk, ein snarveg til Guds trone. Illusjonen slår imot oss. Menneska var jo skapte i Guds bilete, dei var lik han, så guddommelege som dei kunne bli. Men slangen fekk dei til å føla seg mindreverdige, og han fekk dei til å ordna opp i "problemet "sitt sjølv ved å ta seg til rette.

Djevelen er ein fantastisk reklamemann. Han skaper eit fiktivt behov hos oss menneske, for så å koma med løysinga for korleis me kan møte dette behovet sjølv. Han får oss til å tru at det ingen, og alle minst Gud, bryr seg det minste om oss, og difor må me berga oss sjølve som best me kan.

Han seier: Du trur du har det bra. Men det kan du ikkje ha sidan du manglar ditt eller datt. Du er fornøgd, men det er berre fordi du ikkje veit kva du manglar. Kom med meg så skal eg visa deg alt som er for deg, og kva du skal gjera for å få tak i det. Einkvar er sin eigen lukkes smed, er hans motto. "Me har ikkje bygda å lita på," heiter det gjerne. Slik snevrar han synsfeltet kraftig inn i hos folk. Livet handlar om meg, mitt og mine og om nære, umiddelbare behov.

Så annleis med kong David: Herren er min hyrde, EG MANGLAR INGENTING. Han levde i tillit til Gud og visste at livet handlar om å tena Gud og stola på at Han sørger for oss gjev oss det me treng for vår daglege trivsel.

Djevelen sa til Jesus: "Dersom du er Guds Son (skulle det vera noko tvil om det?) så sei til desse steinane at dei skal verta til brød!" Jesus hadde fasta i lang tid og var svolten. Det kunne då ikkje vera urimeleg at han trylla litt brød?

Men Jesus visste betre. Han tok seg ikkje til rette. Det ville vore hans fall. Å vera eit sant menneske er å ikkje ta seg til rette, bemektiga seg, men stola på Guds omsorg. Den som lever slik, opplever at Guds englar kjem og tener han/henne.

Kvinna begynte brått å tru at ho kunne bli lik Gud ved å bryta hans bod, medan Gud hadde planlagt at ho skulle veksa i nåde og kjennskap til han ved å halda hans bod. Han hadde plassert treet som kunne gje kunnskap om godt og vondt i hagen for at menneske skulle læra seg dømekraft gjennom lydnad, ikkje gjennom ulydnad. Den ulydige lærer ikkje å kjenna ulikskapen mellom godt og vondt, men står i fare for å definera det vonde som godt. Det har skjedd i stor og liten skala gjennom heile historia, og ikkje minst i vår tid då det å vera mest mogeleg sjølvhelpen og det å bestemma over seg sjølv er høgt priste verdiar i samfunnet, medan det å leva for Gud og i lydnad mot han som noko som er livsfientleg og hemmande for vekst og utvikling.

Djevelen vil ha menneska til å tru at dei vert lukkelege og kloke ved å bryta Guds bod, ved å grafsa til seg og tilfredsstilla lystene sine. Men ein slik livsstil fører berre folk langt bort frå Gud og sveikkar dei åndelege og etiske sansane våre.

Det skjedde også med Adam og Eva. Etter fallet vart dei straks redde både for Gud og for kvarandre. Det oppsto vrangførestellingar i hovuda deira at dei måtte verna seg mot Gud og kvarandre. Gud vart farleg. For første gong kjende dei på den djupe einsemda som seinare har prega oss alle. Det gode hadde vore om dei gjekk til Gud med fallet sitt, men dei opplevde det som tryggast å gøyma seg. Det oppfatta brått Gud som ein trussel. Alt vart snudd opp ned, og har vore det til dags dato.

mandag 5. september 2011

Om å grunda over livet, koma til seg sjølv og gje livet ein ny kurs.

"Eg har grunda på mi ferd og vendt meg til dine lovbod" Salme 119,59

Folk grundar på mange ting. Det er vårt menneskelege særpreg. Men det er alt for få som grundar på si ferd og tenkjer over om livet har god retning, om ein er på veg mot rett mål, eller om ein er på feil kurs, på veg mot død og fortaping.

Dette grunda denne salmisten på. Han var klok. Alle menneske skulle gjort som han. For mange, mange bevegar seg i feil retning, og dei kjem aldri til å enda opp hos Gud fordi dei ikkje går på Guds veg.

Salmisten kom til at han var komen ut av kurs, og at han difor måtte venda seg til Guds bod enno ein gong og la seg regulera av dei.

Guds bod representerer det einaste kompasset som som er påliteleg med tanke på å orientera seg i den åndelege verda. Dei er sanne og pålitelege, og lever me i samsvar med dei, er me på rett kurs. Lever me i konflikt med dei, er livskursen feil og me endar opp på feil plass dersom me ikkje snur om.

Den bortkomne sonen fall også i tankar då livet vart trasig. Han kom til seg sjølv, les me om han. Det er det same. Han begynte å grunda på si ferd, fann ut at han hadde hamna på feil plass, og bestemte seg for å gå heim til faren sin. Det var ein lur ting.

Kanskje du som les dette også har kome ut av kurs og har hamna på feil plass i livet. Kom det heim til Gud, din Far og gje han rett i alt. Han ventar på deg for å benåda deg og gjeninnsetja deg som son/dotter og arving. Lukke til.




søndag 4. september 2011

Ordet gjev siger, også over tungsinn.

"I hjarta gøymer eg ditt ord, så eg ikkje skal synda mot deg." Salme 117,11.

Du er ikkje dømt til nederlag. Ved å memorera Guds ord, vert du sterk i Gud, og du står lett imot alle freistingar.

Når du blir svak og ikkje klarar å stå imot lenger, er det eit symptom på at du ikkje har gjort jobben din og fylt deg med Guds ord.

Me blir ofte utsette for freistingar. Jesus vart også det då djevelen kom til han i øydemarka. Men han sigra over han med å sitera Guds ord frå 5. Mosebok.

Jesus hadde memorert Bibelen, og i møte med djevelen brukte han vers frå denne. Det slo åtaket attende. Tenkjer du deg at du er betre stilt enn Jesus sidan du ikkje memorerer bibelvers?

I himmelen er det mange martyrar. Det står om dei i Openberringa 12,11: "Dei sigra over han (djevelen) i kraft av blodet frå Lammet OG DET ORDET DEI VITNA OM." Her har du to kraftige våpen for utrustninga di, det eine mot synda (Ordet), og det andre mot det mismotet som kjem til deg når du fell (blodet frå Lammet).

Me blir freista på alle områder som vert dekka av dei 10 boda og det doble kjærleiksbodet. Men for nokre, særleg melankolikarar, er det å siga ned i mismotet ei freisting i seg sjølv. Timoteus var der. Då gav Paulus han eit ord frå Gud som sikkert hjelpte han til sans og samling: "Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men Anden som gjev kraft, kjærleik og visdom!"

Melankolikaren tenkjer seg gjerne at tungsinnet er godt åndelege begrunna for eit menneske som lever i ei verd som ligg i det vonde. Men det er ei lygn. I denne verda er me kalla å vera eit folk som spreier tru, kraft, kjærleik, glede og fred. Me lever trass alt ikkje berre i verda, men i eit rike som har akkurat desse kvalitetane. Så friskt mot du som trur. Reis deg i Guds veldige kraft. Og du som ikkje trur: Be Gud om å få trua, slik at du kan erfara det eg her skriv om.



lørdag 3. september 2011

Guds oppskrift på eit lukkeleg liv

Me vil vel alle gjerne vera lukkelege. Den sanne lukka er å finna i samfunnet med Gud. Det kan alle stadfesta som har levd både med og utan Gud.

Men også folk som kjenner Gud har ulikt nivå av glede og lukke i livet. Det handlar mindre om personlegdom enn om åtferd. For Gud har fortalt oss korleis me kan auka vår lukke og livsglede. Han seier: Lukkeleg er den som har si glede i Herrens lov og som grundar på hans lov dag og natt. Dette les me i Salme 1. David og hans samtidige hadde Guds lov. Den delen av Guds ord dei hadde å forhalda seg til var dei 5 Mosebøkene. Det var Herren lov. Me kunne også sagt Herrens ord, for her var det både lover og løfter. Me er for vår del i ein langt gunstigare stilling som i tillegg har alle salmane, profetbøkene og heile Det nye testamentet. Og så har me så rikeleg tilgang på Guds ord. David og hans samtidige hadde ytterst få handskrivne kopiar av Mosebøkene, og dei fleste menneske var vel heller ikkje lesekunnige. Dei var avhengige av å få Skriftene opplest og memorera dei. Men det som er memorert, sit då også godt fast. Og det vil eg gjerne ha sagt: Du kan ingenting anna enn det du kan utanåt.

Livsens lukke ligg å studera desse skriftene, memorera dei, grunda på dei, praktisera dei og dela dei med andre. Dersom du er eit ulukkeleg menneske, om enn kristen, så ligg problemet ditt høgst sannsynleg her, og då har du fått oppskrifta. Ikkje av denne skribenten, men at Gud, din gode Far.

torsdag 1. september 2011

Finn deg vener som elskar Ordet

Skal me finna Gud og fungera godt som kristne, må Kristi ord bu rikeleg mellom oss. Det skriv Paulus i Kolossarbrevet 3,16. Me skal merka oss at Guds ord har best effekt når det er mellom oss, når me deler det med kvarandre . Så kan me spørja kva rikeleg betyr. Og svaret finn me i 5.Mosesbok 6,6-8: "Desse orda og boda som eg gjev deg i dag, skal du gøyma i hjarta ditt. 7 Du skal prenta dei inn i borna dine og tala om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp. 8 Du skal binda dei på handa di til eit merke og bera dei på panna som ein minnesetel 9 og skriva dei på dørstolpane i huset ditt og på portane dine."

Det er altså Guds tanke at me skal bevara ordet hans i hjaro våre og omgje oss med det frå morgon til kveld. Då vil me bli fylte av Anden slik at me rettleier kvarandre og talar til kvarandre med salmer og sangar og åndelege viser.

Dersom me tek vare på Ordet, tek Ordet vare på oss. Det står fast.

Tenk gjennom: Korleis er ditt høve til Guds ord i dag? Tek du rikeleg til deg av det, og er du med i eit miljø der det å lesa og prata om Guds ord er det naturlege og normale?

Dersom du ikkje er i eit slikt miljø, så søk ivirg etter å finna eit. Det vil endra livet ditt. Lukke til!