fredag 16. september 2011

Kvinna si ætt

Adams fall vart til fordervelse for oss alle. Det er no ein gong slik at kongar og regjeringar tek avgjerder på vegne av alle dei styrer over. Og Adam var vår første konge, og hans val vart vår lagnad.

Difor kunne det ikkje koma nokon frå hans ætt for å frelsa oss menneske. Frelsaren måtte fødast av ei kvinne utan manns medverknad. Og Gud sa til slangen: "Eg vil setja fiendskap mellom deg og kvinna, mellom di ætt og hennar ætt. Han skal knusa hovudet ditt, men du skal høgga han i hælen."

Her finn me den første profetien om Jesus Kristus. Han hadde ingen jordisk far. Gud var hans far, og han var avla ved Den Heilage Ande og fødd av Maria som var jomfru.

Slik var Jesus den andre Adam. Adam var vår første konge, og hans val vart vår lagnad. Jesus var den andre kongen. Han sto fast i Gud der den den første Adam svikta, og liksom me alle vart syndarar ved vår første konges fall og ulydnad, blir me alle rettferdige ved Jesus Kristus dersom me vel å følgja han. Hans frelse råkar oss ikkje som ein lagnad, men er ei gåve som me må ta imot.

Denne sjansen må ingen la gå frå seg, heller ikkje du, min gode lesar.

Ingen kommentarer: