mandag 12. september 2011

"Kor er du?"

Det går eit rop gjennom historia, eit rop frå Gud: "Adam! Kor er du!" Gud er ein far som er ute på leit. Han leitar etter bortkomne barn, barn på rømmen.

Adam og Eva høyrde Gud koma i hagen, og dei vart redde og gøymde seg. Djevelen hadde snudd opp ned på alt i hovuda deira, også gudsbilete. Gud, som dei inntil då hadde elska høgare enn seg sjølv, hadde brått vorte farleg for dei, tenkte dei, og dei fann grunn til å gøyma seg for han, koma seg bort frå han. For ein tragisk dag i vår historie.

Etter den dagen har Gud vore på rastlaus leit i alle verdas land og nasjonar og kalla menneska tilbake til seg: "Kor er du, Adam?" "Kor er du, Eva?"

Og verdas kvinner og menn gøymer seg på ulike plassar, i framande religionar og ideologiar, i kulturelle aktivitetar og i denne verdas støy.

Gud visste godt kor Adam var då han gjekk gjennom Edens hage denne lagnadstung dagen. Men han gjekk ikkje og tok han i nakken og drog han fram. Nei, han kalla han til seg. Adam fekk sjansen til å koma fram friviljug.

Slik er Gud. Han tvingar ingen fram frå gøymeplassen sin, men han kallar oss fram. Han vil gjerne gå i rette med oss, tala med oss og ha samfunn med oss, men me må koma sjølv. Slik er reglementet i Guds rike. Fellesskap er basert på fritt val og ikkje på tvang.

Adam og Eva visste at det dei hadde gjort kvalifiserte til døden. Dei såg mørkt på stoda. Likevel tok dei feil av Gud. Han var framleis den same kjærlege faren deira, og den einaste plausible reaksjon frå deira side på hans nærvær burde jo vore å springa han i møte og fortalt han alt. Men dei gjorde ikkje det. Dei gøymde seg og prøvde å unngå oppgjeret.

Det gjer dei fleste i vår tid også. Alle burde me gå til Gud og fortalt han alt. Men me gøymer oss til vår eigen undergang. For det er korkje liv eller fridom borte frå Gud, berre død og tvang.

Men Gud er god og ikkje farleg for dei som ærleg innrømmer tabbar, feil og synder. For no kallar han oss ikkje fram for å forkynna oss dom, men tilgjeving og frelse. Jesus Kristus sona den domen me alle hadde fortent då han døydde på krossen, og Gud kallar oss til seg for å gje oss samfunnshand, barnekår og evig liv.

Det går eit rop gjennom historia: "KOM!" Og den høyrer det skal ropa til frendane sine "KOM!" og den som tørstar skal koma, og den som vil skal få drikka av livsens vasskjelder heilt gratis.

Vil du?

Ingen kommentarer: