tirsdag 27. september 2011

Eg vil lova Herren

Mange plassar i Salmane finn me uttrykket: Eg vil lova Herren. T.d. i Salme 146 vers 2. Det er som om salmisten har bestemt seg for at det vil han gjera.

Lovsongen kan gjerne vera spontan og bryta fram etter eit herleg bønesvar. Men meir enn noko anna er lovsongen ein livsstil hos kristne som har forstått kva det dreiar seg om her i livet: å gje Gud ære.

Då hevar me lovosongen over kjensler og stemningar, og gjer han til ei teneste for Gud, ikkje for noko anna enn at Gud er Gud og fortener vår lovsong og elskar vårt nærvær.

Gode Far i himmelen! Eg lovar og prisar deg, min Gud, og eg vil syngja for deg så lenge eg er til. Til evig tid skal alt som pustar prisa di makt og din godleik. Du skapte oss til deg, og du sende Sonen til oss for å ta bort syndene våre med sitt offer, slik at me kvar dag kan koma heilt inn til ditt livgjevande hjarta.

Herre, slik som du byggjer Jerusalem og samlar Israels spreidde folk, slik byggjer du også di kyrkje og samlar syndarar ved ditt bord. Du lækjer dei som har eit sundbrote hjarta, og fetlar deira verkjande sår. Stor er du, og rik på kraft, ditt skjøn er utan grense. Amen!

Ingen kommentarer: