onsdag 14. september 2011

Kvinna du gav meg

Etter syndefallet gjorde Adam alt han kunne for å rettferdiggjera seg sjølv. Det gjorde han ved å skulda på andre.

Kva har du gjort? Spurde Gud.

Kvinna du gav meg, lokka meg, og eg åt.
Jo visst innrømte han at han hadde ete, men hovudansvaret la han på kvinna og Gud.
Solidariteten mellom mann og kvinne vart broten den dagen, og har vore det sidan. Ekteskapet er vorten ein kamparena der den eine skuldar på den andre og vise versa.

Guds tanke var at mannen skulle vera leiar i ekteskapet og dekka kona si same kva det måtte kosta han. Han skulle vera ein retteleg mann som om nødvendig ofra livet sitt for kona si. Og det skjer sant nok. Men alt for ofte ser me at mannen er vorten ein kujon som ikkje evner å stilla opp, men som dyrkar seg sjølv og sine eigne interesser og som når ting går galt, prøver å vri seg unna hovudansvaret for problema. Det er om å gjera å få Svarteper over på den andre.

Jesus Kristus er den andre Adam. Han var ein mann av rette merke som stilte opp for oss alle og tok på seg vår skuld og skam og tok den straffa som me skulle hatt.

No er det vår plikt som menn å ta imot han, la oss tilgje og forløysa av han, og med han som førebilete bli rettelege menn for konene våre, menn som ikkje berre tek ansvar for våre eigne handlingar, men også for konene våre sine dersom dei skulle svikta.

Det er ulike mannsbilete på marknaden i våre dagar. Men ingen kjem opp mot Jesus. Han sto alltid rakrygga opp for sanning og godleik, og modig, om enn skjelvande, gjekk han inn i døden for andre. For ein mann. For eit førebilete. For ein frelsar. Ingen annan er verdig vår etterfølging.

Ingen kommentarer: