fredag 9. september 2011

Den store løgna

Slangen sa til kvinna: "Nei, de skal ikkje døy. Men Gud veit at den dagen de et av frukta skal de bli som han og kjenna godt og vondt!"

Dette var den store løgna som felte menneskeætta. Tenk, ein snarveg til Guds trone. Illusjonen slår imot oss. Menneska var jo skapte i Guds bilete, dei var lik han, så guddommelege som dei kunne bli. Men slangen fekk dei til å føla seg mindreverdige, og han fekk dei til å ordna opp i "problemet "sitt sjølv ved å ta seg til rette.

Djevelen er ein fantastisk reklamemann. Han skaper eit fiktivt behov hos oss menneske, for så å koma med løysinga for korleis me kan møte dette behovet sjølv. Han får oss til å tru at det ingen, og alle minst Gud, bryr seg det minste om oss, og difor må me berga oss sjølve som best me kan.

Han seier: Du trur du har det bra. Men det kan du ikkje ha sidan du manglar ditt eller datt. Du er fornøgd, men det er berre fordi du ikkje veit kva du manglar. Kom med meg så skal eg visa deg alt som er for deg, og kva du skal gjera for å få tak i det. Einkvar er sin eigen lukkes smed, er hans motto. "Me har ikkje bygda å lita på," heiter det gjerne. Slik snevrar han synsfeltet kraftig inn i hos folk. Livet handlar om meg, mitt og mine og om nære, umiddelbare behov.

Så annleis med kong David: Herren er min hyrde, EG MANGLAR INGENTING. Han levde i tillit til Gud og visste at livet handlar om å tena Gud og stola på at Han sørger for oss gjev oss det me treng for vår daglege trivsel.

Djevelen sa til Jesus: "Dersom du er Guds Son (skulle det vera noko tvil om det?) så sei til desse steinane at dei skal verta til brød!" Jesus hadde fasta i lang tid og var svolten. Det kunne då ikkje vera urimeleg at han trylla litt brød?

Men Jesus visste betre. Han tok seg ikkje til rette. Det ville vore hans fall. Å vera eit sant menneske er å ikkje ta seg til rette, bemektiga seg, men stola på Guds omsorg. Den som lever slik, opplever at Guds englar kjem og tener han/henne.

Kvinna begynte brått å tru at ho kunne bli lik Gud ved å bryta hans bod, medan Gud hadde planlagt at ho skulle veksa i nåde og kjennskap til han ved å halda hans bod. Han hadde plassert treet som kunne gje kunnskap om godt og vondt i hagen for at menneske skulle læra seg dømekraft gjennom lydnad, ikkje gjennom ulydnad. Den ulydige lærer ikkje å kjenna ulikskapen mellom godt og vondt, men står i fare for å definera det vonde som godt. Det har skjedd i stor og liten skala gjennom heile historia, og ikkje minst i vår tid då det å vera mest mogeleg sjølvhelpen og det å bestemma over seg sjølv er høgt priste verdiar i samfunnet, medan det å leva for Gud og i lydnad mot han som noko som er livsfientleg og hemmande for vekst og utvikling.

Djevelen vil ha menneska til å tru at dei vert lukkelege og kloke ved å bryta Guds bod, ved å grafsa til seg og tilfredsstilla lystene sine. Men ein slik livsstil fører berre folk langt bort frå Gud og sveikkar dei åndelege og etiske sansane våre.

Det skjedde også med Adam og Eva. Etter fallet vart dei straks redde både for Gud og for kvarandre. Det oppsto vrangførestellingar i hovuda deira at dei måtte verna seg mot Gud og kvarandre. Gud vart farleg. For første gong kjende dei på den djupe einsemda som seinare har prega oss alle. Det gode hadde vore om dei gjekk til Gud med fallet sitt, men dei opplevde det som tryggast å gøyma seg. Det oppfatta brått Gud som ein trussel. Alt vart snudd opp ned, og har vore det til dags dato.

Ingen kommentarer: