onsdag 26. desember 2012

Vismennene


Juleevangeliet har eit tydeleg misjonsperspektiv. Englane syng om at Jesu kome skulle resultera i "fred på jorda", og gamle Simeon profeterer om Jesus at han skulle vera eit lys for folkeslaga. Men sterkast strålar dette mot oss i Matteus 2,1-10 der me får høyra om vismennene frå Austerland som kom til Betlehem for å tilbe Jesus. Den nye stjerna som vart observert må jo ha forkynt bodskapen sin over det meste av jorderiket, og astrologane tolka fenomenet som eit teikn frå Gud om at jødane sin Messias var fødd.

Det er ikkje umogeleg at desse vismennene kjende til Toraen og den jødiske Messiasforventninga. Trass alt var det mange jødar og synagoger både i Persia og Babylonia, ja,  Bagdad hadde alt lenge, saman med Jerusalem og Alexandria, vore eit sentrum for jødedomen. Personleg trur eg at desse mennene kjente til profetordet i 4. Mosebok 24,17 der les me:
17 Eg ser han, men ikkje no,
          eg skodar han, men ikkje nær.
          Ei stjerne stig opp or Jakob,
          ein kongsstav lyfter seg frå Israel.


Det er veldig spesielt dette.  Gud kommuniserte sin bodskap til desse astrologane på det språket dei forsto best, stjernespråket,  og dei var ikkje i tvil: ein konge var fødd, og denne kongen var komen frå Gud for å etablera eit globalt rike, og dette riket ville dei gjerne vera ein del av. Difor tok dei ut på den lange vegen til Israels land for å hylla Jesus, gje han gåver og på det viset syna at dei ville vera hans undersåttar.

Det måtte føla dette veldig påkrevd. Reisa var lang og kostbar, og dei hadde med seg verdfulle gåver til det nye kongebarnet. Dei sparte seg ikkje. Det minner meg om Paulus sine ord i Filipparbrevet 1: Eg gjev avkall på alt for å vinna det som er så mykje meir verd. 

Ingen kjem seg inn i Guds rike, seier Jesus, utan at han/ho riv det til seg med makt. Det gjorde desse vismennene. Dei trossa alle fårar, tok ut utan anna kompass enn stjernene, gjekk over vasslause vidder, gjennom områder der landevegsrøvarar var eit vanleg fenomen. Kom seg velberga fram og fann han som kom for å frelsa dei frå synd, skam og villfaring. For ein historie. Eg er sikker på at det vart eit livsforvandlande møte. 

Me likar ikkje snakk om forsaking i våre dagar. Me skal ha komfort og surfa inn i himmelen utan noko strev og møye. Det er ein illusjon.  Jesus snakkar om ein trong port og ein smal og strevsam veg som fører til himmelen, og at det er få som går på den, og vidare snakkar han om ein vid port og ein brei og komfortabel veg som fører til fortapinga, og at det er mange som går på den. Om ikkje me merkar så mykje til den smale vegen, så gjer i alle fall våre trussøsken i mange land det. Rundt 200 millionar kristne lever i dag under forfølging, diskriminering og trakassering. T.d vart 9 truande drepne under ei gudsteneste i Nigeria julafta. Hadde me gått til gudsteneste om det var med livet som innsats? Mange kristne går jo ikkje til gudsteneste uansett. Slik er det blitt hos oss.

Men tenk om alle hadde vore som desse vismennene som utan å vita så mykje om Jesus og Gud likevel tok personleg initiativ for å oppsøka Jesus der han var og finna!  Då hadde dei funne han, for dei som leitar, skal finna, og det hadde skapt så mykje lukke mellom oss.

Men tenk på dette: Stjerna lyste i Israel også. Men det var ingen der som kom til å tenkja på at dette kunne bety at Messias var fødd, sjølv om mange i Jerusalem kjende Skriftene langt betre enn desse persiske eller babylonske heidningane. Og ikkje ein gong då vismennene kom til byen for å snakka med Herodes og dei skriftlærde, var det nokon som vart positivt interessert i å finna ut av dette, ingen som vart med mennene til Betlehem. Dei måtte gå og fann barnet åleine. Det er sårt og tenkja på. Dei hadde hatt så bruk for han alle saman. Men det var som me les i Johannes 1: "Han kom til sine eigne, men hans eigne tok ikkje imot han". Men dei som tok imot han, Josef og Maria, dei fattige gjetarane, Anna og Simon og vismennene, dei  fekk retten til å kalla seg Guds barn fordi dei trudde på namnet hans, Johannes 1,12.

Kva lærer me av det? Gud talar til kven han vil når han vil og korleis han vil, og han talar til dei som er mottakelege og som hungrar og tørstar etter rettferd, dvs frelse for sjelene sine, anten dei er jødar, grekarar, eller nordmenn eller noko anna. Dei som er sjølvkloke og sjølvgode talar han ikkje til. Han skjuler rett og slett evangeliet for dei forstandige, les me i Matteus 11. Kven er det som responderer på evangeliet i våre dagar? Det er i liten grad oss i rike Noreg, me er meir som jødane i Jerusalem som ikkje giddar å undersøka dette med Jesus ein gong. Nei i dag er det folk i Afrika, Asia og Sør-Amerika som kjem strøymande til Jesus. Mange, mange tusen kvar dag, og ingen som kjem til han vert støytte bort. Nei, tvert om, Jesus tek dei inn i sitt fellesskap, inn i sitt rike, kler dei opp i rettferdsdrakten, døyper der med Anden og set dei inn i teneste for seg, og dei vitnar: Jesus gjorde alt nytt for meg. Gud vart ny. Mine medmenneska vart nye. Framtida vart ny. Livsstilen vart ny. Interessene vart nye osv. og me høyrer 2. Korintarbrev 5,17 i bakgrunnen: "Dersom nokon er i Kristus, er han ein ny skapning, det gamle er blitt borte,sjå, alt er blitt nytt."

Gode Far! Du som føder oss på nytt ved Den heilage ande og gjer alt nytt for oss. Hald oss oppe i ei sann og levande tru, slik at me ikkje blir vanekristne eller kulturkristne, men menneske som lever i stadig forvandling og fornying, menneske som pustar inn din kjærleik og ditt evangelium og som alltid er full av begeistring over å få vera tilgjevne og elska av deg som skapte himmel og jord, og fyll oss med Anden slik at me kan vitna om Jesus for verda på ein kompetent måte. Amen! 

tirsdag 25. desember 2012

Ordet vart menneske,.......og me såg hans herlegdom. Johannes 1,14


Jesus er Guds ord. Det er viktig for oss å finna ut kva som ligg i dette. For det første: Jesus oppfylte profetiane i Det gamle testamentet. Alt som der var sagt om den komande frelsaren, vart oppfylt i Jesus. For det andre: Jesus talte ord frå Gud så levande og fengande at det var umogeleg å ikkje lytta når han talte, og det var umogeleg å ikkje bli engasjert av forteljingane og undervisninga hans. Det var levande ord som kom frå hans munn. Han var ein meister. Johannes døyparen vart kalla Herrens røyst. Det er den mest ærefulle tittel eit syndig menneske kan få her på jord. Tenk å få vera Herrens røyst i samtida.  Men Jesus vart kalla Guds ord. Han var rett og slett det ordet som Johannes talte. For det tredje: Jesus levde ut det han sa. Me les om han at han oppfylte lova til punkt og prikke. Han elska Gud av heile sitt hjarta og nesten sin som seg sjølv. Han var ærleg inntil margen, rettvis i ord og gjerning og uredd inntil døden. Når folk las hans liv, såg dei korleis Gud ville at dei skulle leva.

Og vidare. Jesus er den øvste autoritet i universet, og hans ord er umåteleg kraftfulle og myndige. Han sa til ein lam mann: "Reis deg og gå!" og den lamme reiste seg og gjekk. Han sa til den døde Lasarus "Kom ut!" og Lasarus kom levande ut av grava der han hadde lege i fire dagar. Han kviskra til den døde dotter til Jairus: "Eg seier deg, vesle jente: Stå opp!" så sto ho opp. Jesus talte aldri tomme ord, det var ord med kraft og liv, ja, han sa: "Mine ord er ånd og liv."

Jesus lever, og han vil ha det avgjerande og siste ordet i alles liv. Dersom han seier "Velkomen inn!" når me står innfor himmelens port, ja, då er alt vel. Men dersom han seier: "Eg kjenner deg ikkje, gå bort frå meg du som gjorde urett!", ja, då er alt tapt, og all von er ute. Ja, så sanneleg. JESUS ER GUDS ORD.

Det var dette Ordet som vart menneske med kropp, sjel og ånd. Han vart menneske utan å slutta å vera Gud, for å bringa oss alle til Gud. Han var Gud, og han vart den brua som me alle kan gå over for å koma til Gud og bli Guds gode barn.

Og me såg hans herlegdom, skriv Johannes. Kven er ME? Det var Johannes og dei andre læresveinane, det var gjetarane, Maria, Josef, vismennene. Dei såg alt det gode han gjorde og sa. Men dei såg noko meir, dei såg Gud i han. Ikkje berre at Gud budde i Jesus, men at Jesus VAR den Gud som ville bu i dei,og alle truande.

ME er altså alle dei menneske som gjennom alle tider ser Gud i Jesus, og som tilber han som den Gud han er. Korleis openberra Jesus herlegdomen sin? Ved å gjera vatn til vin, ved å gje dei blinde synet attende, dei lame førlegdomen, dei døve høyrsla og syndarane Guds rettferd. Han frelste og reiste opp og reparerte og restiturte. Full av nåde og sanning, var han. Alt han gjorde betalte han for sjølv, det var av nåde, og med dei undera han gjorde, lanserte han himmelen på jorda. Ordet sanning (gresk: aletheia) kan like gjerne omsetjast verkelegheit (tysk: warheit). Då Jesus kom, hadde han med seg den verkelegheiten som rår i himmelen hos Gud, der alt er reint, varmt, godt, vakkert og livfullt. Døden er ikkje der. Der rår livet. Her hos oss rår døden. Men himmelen har flytta inn i alle oss som trur på Jesus. Me skal aldri i æva dø. Me har gått over frå døden til livet, og han som er full av liv og kraft bur i oss. Kor stort rom gjev me han? Så stort at dei menneska me har rundt oss kan sjå hans herlegdom gjennom liva våre? Det var ikkje rom for Jesus i Betlehem julenatt. Men la det, ven, vera stort rom for han hos oss. Lat oss kasta ut alt skrot frå liva våre som tek opp den plassen som han skulle hatt som elska oss og som fridde oss frå våre synder med sitt eige blod.

Herre, du er min styrke og min lovsong, og du er blitt meg til frelse, du som bar mine synder med deg opp på krossen og gav meg ei evig rettferd som ingen kan ta ifrå meg. Dette har du synt meg, og eg vil tilbe og æra deg for det8. Du kom inn i mitt liv med di sanning, sette meg i fridom, gav meg barnekår og evig liv. Må ditt nådelys skina for meg, i meg og gjennom meg slik at dei menneska eg møter på min veg må sjå deg i mitt liv og erfara at du er verkeleg og mektig til å frelsa og hjelpa også dei. Amen!




søndag 23. desember 2012

Guds sol har stått opp. Jesaja 9,2

   2 Det folket som går i mørkret,
          ser eit stort lys.
          Over dei som bur i dødsskuggens land,
          strålar lyset fram.
 


Folket i mørkret er eit uttrykk som kan brukast om alle menneske, om menneskeætta rett og slett. Gud er lys, og det er ikkje noko mørker, dvs vondskap, i han. Menneske som ikkje kjenner Gud som Far, og som ikkje er komen inn i hans godleik lys, lever i sitt eige mørke. Er menneske vondt av natur? Det kjem an på korleis ein definerer vondt, men dersom det å handla egoistisk er av det vonde, ja, då er me alle vonde. Synd er alt galt me gjer som spring ut frå egoistiske motiv, anten det er løgn, stygg omtale, stygg tiltale, misunning, sjalusi, baktale, abort eller kva det no enn skal vera som er befengt med skam.

Men i Jesus er Gud og hans lys kome til oss. Me er elska av Gud, og difor gav han oss Sonen sin, den einborne, forat kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Dødsskuggens land er den verda me lever i. Døden dominerer og regjerer mellom oss. Ikkje berre den fysiske, men også den åndelege. Me er framande for Gud i hjarto våre, og me syndar både titt og ofte utan å kjenna stikk i samvitet. Men no strålar lyset fram over oss, og det er ingen grunn for nokon som helst å gå og gøyma seg for Gud. Det er berre å koma fram og helsa han med glede og sola seg i hans uendelege godleik. Ingen av oss har fortent det eller er verdige til  det. Hos Gud er alt av nåde. 

Då Jesus kom, sto sola opp. No ligg jorda bada i Guds lys. Difor kjære ven! Gå ut i dagen. Det blir aldri eit spørsmål om kven du er eller kva du har gjort. Slik som sola er for alle, slik er Guds godleik for alle.  Våg å la deg elska, og kall andre til å gå saman med deg til Gud. Det er plass til alle i hans familie. Ingen treng å stå utanfor Guds godleik. Det er berre å stilla seg opp og la velsigninga strøyma over seg, og alt dette får me lov til pga Jesus. Lat oss takka og prisa han for dette.

lørdag 22. desember 2012

Oppfylling av profetiar beviser at Bibelen er sann. Mika 5,1-4a

 
1 Du, Betlehem, Efrata,
          minst mellom slektene i Juda!
          Frå deg lèt eg ein herskar over Israel koma.
          Hans opphav er frå gammal tid,
          frå eldgamle dagar.
    2 Difor skal han overgje dei,
          heilt til tida er komen då ho som skal føda, har fødd.
          Då skal resten av brørne hans
          koma tilbake til Israels born.
    3 Han skal stå og gjeta i Herrens kraft,
          i Herren sin Guds høge namn.
          Og dei skal bu trygt,
          for no rekk hans makt til endane av jorda.
    4 Og han skal vera fred.
     
For ein tekst me har å boltra oss i idag.
For det første: Den er skriven meir enn 700 år før det han omhandlar skjedde.
Det er mange profetiar om Jesus  i Det gamle testamentet, og mange av dei er veldig nøyatkige, slik som denne som fortel oss at han skulle bli fødd i Betlehem. Slike ord som dette lærer oss at Bibelen er ei guddommeleg bok som me kan stola 100%  på.

For det andre: Han som vart fødd i Betlehem julenatt var Gud i eigen person. Korleis kunne eit lite barn ha sitt opphav frå gamal tid og vera ein herskar frå eldgamle dagar utan å vera Gud? Alle andre barn som blir fødde har nemleg berre ni månader bak seg, men denne gutepjokken hadde eit hav av tid i ryggen. Og når me les Daniels bok ser me fort at det er den evig unge Gud som er blir kalla den gamle av dagar. Jesus Kristus var altså Gud himself

Altså: Jesus er Gud. Punktum. Det finst ingen annan Gud enn han som openberrar seg i Jesus Kristus, og dei som ikkje trur på Jesus, trur ikkje på Gud i det heile tatt, om dei kallar seg muslimar, jødar, kristne, Jehovas vitner, hinduar eller buddhistar.

For det tredje: Jesus Messias er Israels rette og einaste konge. Så langt har ikkje Israels folk akseptert han som dette. Difor har det gått så gale for dei også opp gjennom historia. Men ein dag, om ikkje så lenge, vil dei ta han til hjarta og krona han til konge i liva sine, og då vil dei erfara at Han er deira og vår alles fred.

I Jesus Kristus vart Gud vår bror for å føra oss attende til seg sjølv. Me var alle tapt for Gud, overgjevne til djevelens herredøme og eit liv i synd og gudløyse. Men så kom Jesus inn i liva våre og "frelste oss frå alle våre synder, frå døden og djevelens makt, ikkje med gull og sølv", som Luther skriv i den vesle katekisma si, "men med sitt eige dyre blod og si skuldlause liding og død. Og dette gjorde han for at me skulle vera Hans eigne, leva under han i hans rike og tena han i evig rettferd, skuldløyse og sæla ". Men å bli frelst er ikkje berre å koma attende til Gud, det er også å koma attende til Israels born, las me i teksten vår. For å forstå dette må me spørja: Kva type menneske var Jesus? Han var ein israelitt, ein jøde, og han var konge over jødane. Me er altså frelste av ein israelitt, av ein jøde, og når me let oss frelsa, underlegg me oss Israels sanne konge og blir israelittar og jødar me også. Difor elskar og støttar kristne Israels folk og land. Vår frelse kjem jo frå jødane. 

Og Herren Jesus gjeter oss med ordet sitt. Mitt i ei turbulent verd let han oss bu hos seg, og der er me trygge. Menneska kan ta alt ifrå oss, og sjukdom, død og ulukke kan råka oss, men ingenting av dette kan ta Gud ifrå oss, eller riva oss ut av handa hans. I Kristus er me hans reine og vakre barn, og han held oss fast hos seg til me er trygt heime i himmelen. Du har mange synder på samvitet, og livet ditt ser ikkje direkte vakkert ut. Men i Kristus er du perfekt og heilt upåklageleg. Og er du døypt og trur du på Jesus, så ser Gud på deg som om du aldri har gjort ei einaste synd. Korleis kan han det? For syndene dine i all si gru vart tilrekna Jesus og lagt på han èin gong for alle. Dei knuste han på krossen, men dei heftar ikkje lenger ved deg. Gud ser difor på deg som om du skulle vore ein annan person enn den du er. Han ser på deg som om du skulle vore like perfekt som Jesus. Det er saka.

Jesu makt rekk til endane av jorda. Han sa det sjølv også: "Eg har fått all makt i himmel og på jord.." Difor skal evangeliet om riket forkynnast for alle menneske, slik at alle kan få gje si tilslutning til Jesus og bli borgarar av hans rike. Det er vårt privelegium og plikt å forkynna Jesu siger i verda, kalla menneska til omvending og tru og sørga for at alle folkeslag får høyra om han som er ein frelsar for alle. Det undrar meg at det er så mange kristne som ikkje let seg engasjera av Kristi verdsvide misjon og ikkje bryr seg om å vera med å oppfylla misjonsbefalinga. Korleis kan kristne bry seg katten om Frelsaren sine siste ord her på jord? Korleis kan me som får nyta Guds nåde kvar dag, ikkje unna alle den same retten og gleda? Eg fattar det ikkje. Rett og slett.  

Å Herre Jesus! Tenn oss i brann for deg og di store sak i verda. Lat oss ikkje nyta dine gåver utan at me ivrar for å dela dei med andre som treng dei like mykje som oss sjølve. For utan din nåde er me menneske fortapte i våre synder, og du har befalt oss om å forkynna di frelse for alle menneske, og me tillet oss å ikkje gjera det, fordi me har så mykja anna å gjera på. Å Herre, tilgje oss og snu oss rundt slik at me oppfører oss som sanne kristne og vigslar oss heilt til det å gjera deg og di makt kjent og gjeldande der me er, og til å tena deg i alle folkeslag. Miskunna deg over oss alle. Amen.

tirsdag 18. desember 2012

Den heilage vegen. Jesaja 35,8-10


8 Og der skal det vera ein veg,
          Den heilage vegen skal han kallast.
          På den skal ingen urein ferdast.
          Han skal vera der for dei.
          Ingen som går på vegen,
          sjølv ikkje dårar, skal gå seg vill.
        
   
9 Men der skal det ikkje vera noka løve,
          rovdyr skal ikkje gå på han,
          dei skal ikkje finnast meir.
          Men dei som er løyste ut, skal gå der,
        
   
10 dei som Herren har fria ut,
          skal venda attende.
          Dei kjem til Sion med jubel,
          med evig glede om si panne.
          Fryd og glede grip dei,
          sorg og sukk må flykta.


Den vegen som profeten snakkar om her er Jesus. Det er HAN som er vegen til Gud. Ingen kjem til Far utan gjennom han. Dersom du trur på Jesus, og tillitsfullt lever etter hans ord, då er du på Guds veg. Då kjem du til himmelen når du døyr. Elles ikkje.

Ingen ureine kan gå på denne vegen, ingen som ligg og veltar seg i synd og last er med i Jesu følgje. Skal me vera med han, må me leggja av oss syndene våre, ta eit oppgjer med allskens lureri, hor, brutalitet, mobbing, baktale, trollskap, gniarskap, løgn og fanteri, lat oss vaska av Jesus og stola på at hans rettferd gjeld for oss. Det  som er så utruleg flott med Jesus er at han tok alle desse syndene våre som sine, bar dei opp på krossen og døydde for dei. Difor blir me fullkome tilgjevne når me kjem til Gud ved Han, som det står i Bibelen. 

Å vera kristen er å ha samfunn med Jesus. Han er for oss, les me. Han levde for oss. Han døydde for oss, og han lever for oss i dag. Så lenge me held oss nær til han, er me trygge for alle slags farar, og me kan ikkje gå oss vill, for me går der Jesus går. På ein måte er me heime heile tida når me lever med Jesus, slik barn alltid er heime der foreldra er.

"Himmelen for meg, det er Jesus," syng me i ein barnesang. Når livet ein dag tek slutt, går me saman med Jesus inn gjennom himmelporten. Då er det slutt med all forfølging, strev, møye og smerte, og me blir kvitt vårt gamle syndige eg. Det blir ei stor endring. Men livsinnhaldet vert det same: Jesus Kristus. Då blir han berre enno større for oss. 

Det er ingen grunn til å sjå mørkt på ting og vera trist og tung til sinns. Nei, me er saman med Jesus på veg mot den aller beste framtid. Difor er det naturleg at me er glade og fegne. "Me har ei evig glede om vår panne", las me. Panna er senteret for tanke og medvit, og skal me ha Guds glede, må me tenkja rett, tenkja at me er Guds barn, at Jesus lever, at døden og synda er overvunnen og slike gode ting. Alt slikt er til å bli hjarteglad over. Saka er den: Når me grip gleda, så grip gleda oss, og sorg og sukk må berre fly. Dei har ikkje noko hos ein Herrens pilgrim å gjera. Ære vere Gud for hans useielege gåve. 

Kjære Jesus, du er det evige livet, og du er vegen til deg evige livet. Det er stort for oss å få lov å følgja deg, Gud, gjennom livet. Stort å få ha fellesskap med deg, vera arving til det evige livet og få lov å vera med å rekruttera nye medvandrarar og medarvingar. Hjelp oss å tenkja på deg kvar einaste dag slik at hjarto våre er fulle av glede og fryd, slik at me går med lette steg mot himmelen, og ikkje blir trøytte, motlause og kraftlause når livet går oss imot.







 

mandag 10. desember 2012

Guds klokskap



Jakob skriv i brevet sitt i kapittel 3: 13 Er nokon av dykk vis og vitug, då skal han syna det i gjerning, i eit rett liv som har vorte audmjukt gjennom visdom. 14 Men ber de bitter misunning og sjølvhevding i hjartet, då må de ikkje skryta og lyga mot sanninga. 15 Den slags visdom kjem ikkje ovanfrå, men er jordisk og sjeleleg, ja, demonisk. 16 For der misunning og sjølvhevding rår, der er det ugreie og alt det som vondt er. 17 Men visdomen ovanfrå er først og fremst rein. Dessutan elskar han fred og er forsonleg og føyeleg, rik på miskunn og gode frukter, upartisk og utan hykleri. 18 Rettferda er ei frukt som blir sådd i fred og veks fram for dei som skaper fred.

Bibelen snakkar mykje om visdom og klokskap. Salomos ordtøke handlar nesten berre om dette, og det kjem fram at den kloke er den som lever ut Guds kjærleik i kvardagen. Klokskap er å behandla alle menneske med kjærleik og respekt. Det handlar om å ta vare på folk, sei gode ting til dei og gjera gode ting for dei. Det handlar om å vera interessert og spørja om det er noko du kan bidra med i liva deira. 

Misunning og sjølvhevding er noko me alle kjenner til. Det bur latent i oss alle, og dersom dette får overtaket i liva våre, kan me koma til å skapa ugreie og alt som vondt er. Då må me ikkje lyga mot sanninga, men gå til Gud med syndene våre og sanna dei for han, og dersom det ikkje hjelper deg i kampen mot det vonde, går du og skriftar for den åndelege leiaren din og får han til å be for deg og bryta vondskapen si makt i sjela di.

Visdomen frå Gud er rein. Det handlar altså ikkje om å vera lur, men å vera god og ikkje-egoistisk i måten å leva på. Den kloke strekker seg langt og toler det utrulege av sine medmenneske. Strid og konfliktar er det meir enn nok av her i verda. Dersom Gud ikkje får prega oss med sin kjærleik, skal det så lite til før me kjenner oss trakka på og urettferdig behandla. Då gjer me fort èin av to ting: Anten går me til krig, eller så lukkar me ute frå liva våre og blir iskalde mot dei. Begge deler er demonisk. Det djevelen sin løysningsstrategi. 

Skal me derimot gå Guds veg, ber me Jesus om hjelp til å elska som han, og då syner han oss at han er like glad i dei som han er i oss, og at han bar deira synder på same måten som han bar våre. I han er me alle frelste søsken.

Så skal me tenkja på kor lite me bryr oss når andre menneske vert krenkte, og kor lite me let oss indignera av at andre vert behandla urettferdig, og så kan me skamma oss over det.

I kristendomen er det slik at me gjengjelder vondt med godt, at me aldri hemnar oss på skuldnarane våre, men tilgjev dei av hjarta. Men me skal me fynd og klem tala mot den urett som andre vert utsett for. Det er kyrkjelyden sitt profetiske kall i verda. Det er også Guds visdom.

søndag 2. desember 2012

Ungdomskjelda


   
 5 Han mettar ditt liv med det gode,
          du blir ung att som ørna.


Naturvitskapen vil prøva å få oss til å forstå oss sjølve som dyr. For ein bommert. For medan dyra er godt fornøgde med livet dersom dei har mat, drikke og varme, er det ikkje slik med oss menneske. For me er åndsindivid, og er ikkje fornøgde før me får metta sjela. Og det kan berre han som har skapt oss, nemleg Gud i himmelen. Det er berre hans kjærleik som kan tilfresstilla oss og gje oss ei kjensle av å vera komen i mål, vera heime om du vil.

Dersom ikkje Gud får metta oss med sin godleik, jaktar me stadig på nye ting, meir av alt, meir pengar, meir hus, meir kunnskap, meir sex, fleire opplevingar, meir underhaldning, fleire medaljar. Menneske utan Gud blir drivne av ein uro, av eit bedrag som seier at dersom eg no berre får litt meir, så blir eg fornøgd.  Men tørsten hungeren etter meir vert ikkje borte før ein kjem til Gud og let seg metta av hans godleik. Då treng du ikkje meir. 

Kyrkjefar Augustin som levde for 1600 år sidan i Nord-Afrika skriv i den berømte boka si "Confessiones": "Gud du har skapt meg til deg, og sjela i meg er uroleg i meg heilt til ho finn kvile i deg." 

Den same røynsla har millionvis av dagens menneske også gjort. I si jakt på noko dei ikkje heilt visste kva var, vart dei sjølve innhenta av Gud, for Gud er ein gjetar som leitar, og overrumpla av ein godleik dei ikkje ante eksisterte. Då slapp uroen taket, og dei kunne seia med Asaf i Salme 73: "Herre, når eg har deg, har eg ikkje lyst til noko på jorda." Eller som David uttrykte det i Salme 23: "Herren er min hyrding, eg manglar ingenting." 

Kva gjer Gud med oss når me kjem til han? Han fornyar oss, ja han gjer oss unge att, les me. Dette er utruleg oppmuntrande. Folk gjer alt mogeleg i våre dagar for å halda seg unge, og dei betalar milliardvis av kroner for å skjule alderdomen som kjem snikande. Men det er heilt unødvendig. Det er Gud som er ungdomskjelda. Han er evig ung til sinns, og den som fyller sinnet med Gud, blir som han i så måte. At kroppen blir eldre er ikkje mogeleg å hindra. Men dei som let seg fylla av Guds godleik, blir aldri gamle.

Paulus skriv: "Dersom nokon er i Kristus, er han ein ny skapning, det gamle er blitt borte, sjå, alt er blitt nytt." 2.Korintarbrev 5,17. Når eit menneske blir kristen, får det nye mål og eit nytt livsinnhald. Frå no av handlar det om å nyta godene i Guds rike, og jobba for at andre skal få del i dei same godene. Dette går ikkje i eiga menneskeleg kraft. Å leva med Gud og for Gud er overnaturlege saker, og me må få del i hans kraft dersom det skal fungera. Den får me hos Jesus. Han, som sjølv fekk denne krafta i dåpen, deler den med oss når me ber han om det. Han fyller alle døypte som trur med Anden, og når det skjer, får me ny oppdrift i liva våre, me blir som ørnar som flyt på vindane utan å anstrenga oss det minste. Me tener Gud i hans kraft og opplever merkelege resultat utan at me har strevd for det, og utan at me kan ta ære for det, like lite som ørna kan ta ære for den vinden som ber ho. 

Takk gode Gud og Far at du mettar oss med din godleik, og for at du gjenskaper og fornyar oss ved trua på Jesus slik at me blir som deg:  unge til sinns og kongelege i vår framtoning. Me er døypte til Kristus og tilhøyrer han, fyll oss med Anden slik at me denne dagen kan leva i hans kraft og flyta som staselege ørnar på dine vindar.