2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgang til den nåden vi står i, og vi er stolte over håpet om Guds herlegdom.
3 Ja, ikkje berre det, vi er òg stolte over lidingane. For vi veit at lidinga gjer oss uthaldande,
4 og den som held ut, får eit prøvd sinn, og den som er prøvd, får håp.
5 Og håpet gjer ikkje til skamme, for Guds kjærleik er aust ut i hjarta våre ved Den heilage ande som han har gjeve oss.
Trua på Jesus gjev oss ikkje berre fred med Gud, men også tilgang til nåden, dvs tilgang til Gud i bøn, og når me kjem til han med det som ligg oss på hjarta, lyttar han velviljug til oss. Og i Hebrearbrevet les me at Gud gjev oss nåde til hjelp i rette tid. Dette er viktig. Me har så mykje på hjarta, så mange behov, så mange saker som me tenkjer på, og me vil gjerne ha svar umiddelbart. Men hos Gud er det noko som heiter "den rette tid", og han grip inn når han ser det gagnar oss og Guds rike best. Men enno viktigare er dette: når me kjem til han i bøn, ber han oss om å vera stille slik at han kan dela med oss det som ligg han på hjarta. For den som flittig brukar bøneretten og lærer seg å vera stille innfor Gud, vil Guds vilje og mål bli stadig viktigare, og ein blir meir oppteken av det som tilhøyrer Gud enn av det som tilhøyrer oss, og hjarta blir meir og meir himmelvendt, for der oppe, i himmelen, der sit Jesus, frelsaren, ved Fars høgre hand, og håpet vårt er knytt til Han, han som som har sont våre synder, stått opp frå dei døde og som har fått all makt i himmel og på jord. Han er den som skal føra oss trygt gjennom denne verdas mange farar og heilt fram til seg. Og når han tek oss heim, skal me vera saman med han for alltid. Då blir alt klårt for oss.
Fordi me har dette håpet i Jesus Kristus, kan me tola mange lidingar. Ja, me rosar oss av dei fordi dei fører oss nærare Gud og kalibrerar oss på dei sanne verdiane. Me får eit prøvd sinn, og alt som me ber på i hovudet av tankar og haldningar som berre er høy og halm, brenn opp i lidingsomnen.
Guds herlegdom er ikkje berre noko som kjem etter døden. Nei, me får smaka han her og no. Når me kallar på Jesus og slepp han inn i livet, blir Guds kjærleik aust ut i hjarto våre ved Den heilage ande. Me kjenner oss så utruleg elska og verdsett, og me registrerer at denne kjærleiken er ufortent og omfattar alle menneske. Ja, fordi han gjer det, tør me å tru at han også er retta mot oss, og alt av sjølvgodheit, rasisme og fiendtlege haldningar blir blese ut av sinna våre. Slik er Guds nåde oppdragande på dei av oss som tek imot han.
Viser innlegg med etiketten Guds kjærleik. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Guds kjærleik. Vis alle innlegg
onsdag 9. oktober 2013
søndag 2. desember 2012
Ungdomskjelda
5 Han mettar ditt liv med det gode,
du blir ung att som ørna.
Naturvitskapen vil prøva å få oss til å forstå oss sjølve som dyr. For ein bommert. For medan dyra er godt fornøgde med livet dersom dei har mat, drikke og varme, er det ikkje slik med oss menneske. For me er åndsindivid, og er ikkje fornøgde før me får metta sjela. Og det kan berre han som har skapt oss, nemleg Gud i himmelen. Det er berre hans kjærleik som kan tilfresstilla oss og gje oss ei kjensle av å vera komen i mål, vera heime om du vil.
Dersom ikkje Gud får metta oss med sin godleik, jaktar me stadig på nye ting, meir av alt, meir pengar, meir hus, meir kunnskap, meir sex, fleire opplevingar, meir underhaldning, fleire medaljar. Menneske utan Gud blir drivne av ein uro, av eit bedrag som seier at dersom eg no berre får litt meir, så blir eg fornøgd. Men tørsten hungeren etter meir vert ikkje borte før ein kjem til Gud og let seg metta av hans godleik. Då treng du ikkje meir.
Kyrkjefar Augustin som levde for 1600 år sidan i Nord-Afrika skriv i den berømte boka si "Confessiones": "Gud du har skapt meg til deg, og sjela i meg er uroleg i meg heilt til ho finn kvile i deg."
Den same røynsla har millionvis av dagens menneske også gjort. I si jakt på noko dei ikkje heilt visste kva var, vart dei sjølve innhenta av Gud, for Gud er ein gjetar som leitar, og overrumpla av ein godleik dei ikkje ante eksisterte. Då slapp uroen taket, og dei kunne seia med Asaf i Salme 73: "Herre, når eg har deg, har eg ikkje lyst til noko på jorda." Eller som David uttrykte det i Salme 23: "Herren er min hyrding, eg manglar ingenting."
Kva gjer Gud med oss når me kjem til han? Han fornyar oss, ja han gjer oss unge att, les me. Dette er utruleg oppmuntrande. Folk gjer alt mogeleg i våre dagar for å halda seg unge, og dei betalar milliardvis av kroner for å skjule alderdomen som kjem snikande. Men det er heilt unødvendig. Det er Gud som er ungdomskjelda. Han er evig ung til sinns, og den som fyller sinnet med Gud, blir som han i så måte. At kroppen blir eldre er ikkje mogeleg å hindra. Men dei som let seg fylla av Guds godleik, blir aldri gamle.
Paulus skriv: "Dersom nokon er i Kristus, er han ein ny skapning, det gamle er blitt borte, sjå, alt er blitt nytt." 2.Korintarbrev 5,17. Når eit menneske blir kristen, får det nye mål og eit nytt livsinnhald. Frå no av handlar det om å nyta godene i Guds rike, og jobba for at andre skal få del i dei same godene. Dette går ikkje i eiga menneskeleg kraft. Å leva med Gud og for Gud er overnaturlege saker, og me må få del i hans kraft dersom det skal fungera. Den får me hos Jesus. Han, som sjølv fekk denne krafta i dåpen, deler den med oss når me ber han om det. Han fyller alle døypte som trur med Anden, og når det skjer, får me ny oppdrift i liva våre, me blir som ørnar som flyt på vindane utan å anstrenga oss det minste. Me tener Gud i hans kraft og opplever merkelege resultat utan at me har strevd for det, og utan at me kan ta ære for det, like lite som ørna kan ta ære for den vinden som ber ho.
Takk gode Gud og Far at du mettar oss med din godleik, og for at du gjenskaper og fornyar oss ved trua på Jesus slik at me blir som deg: unge til sinns og kongelege i vår framtoning. Me er døypte til Kristus og tilhøyrer han, fyll oss med Anden slik at me denne dagen kan leva i hans kraft og flyta som staselege ørnar på dine vindar.
Etiketter:
Andens kraft,
Asaf,
Augustin,
David,
dåpen,
fornying,
Guds kjærleik,
Guds rike,
Kristus,
naturvitskapen,
Salme 23,
Salme 73,
Ungdomskjelda
torsdag 16. oktober 2008
HP dukka opp
Me hadde ei flott og effektiv bønesamling i kveld. Eg hadde førebudd bøn for ei rekkje områder som er viktige for byen vår, og for kyrkjelyden i her, og me bad systematisk og effektivt, med litt lovsong inni mellom. Det møtte ikkje opp meir enn 30 personar, og det er med respekt å melda skralt med tanke på dei mange hundre kristne me har på Stord, men dei som møtte opp skal ha ros. Dei visste korleis dei skulle be.

Og så var det litt morosamt at HP (Hans Petter Martinsen), den kjende torpedoen som vart kristen i 2001, dukka opp på Horneland bedehus. Han har vore i på Stord nokre dagar og hatt skulebesøk om dagane og møter på Frelsesarmeen om kvelden, og han ville gjerne vera med oss å be denne kvelden. Det var jo veldig koseleg. HP har jo slik ein slik dramatisk historie, og han delte aldri så lite med oss av den. Fram til han møtte Jesus handla alt om vald, dop og pengar. Etter at han møtte Jesus, handlar alt om Guds kjærleik. Før spreidde han frykt. No spreier han dei gode nyheitene om Jesus.
Det er eit litt ekkelt symptom dette at så få kristne menneske finn det tenleg å prioritera slike samlingar som me hadde i kveld, trass i mange oppmuntringar om å gjera det. Eg er heilt sikker på at felles bøn er nøkkelen til vekking og framgang for Guds rike. Og når me har planlagt bønemøtenen skikkeleg, vert dei også gode å vera på.
Ha ei god natt.

Og så var det litt morosamt at HP (Hans Petter Martinsen), den kjende torpedoen som vart kristen i 2001, dukka opp på Horneland bedehus. Han har vore i på Stord nokre dagar og hatt skulebesøk om dagane og møter på Frelsesarmeen om kvelden, og han ville gjerne vera med oss å be denne kvelden. Det var jo veldig koseleg. HP har jo slik ein slik dramatisk historie, og han delte aldri så lite med oss av den. Fram til han møtte Jesus handla alt om vald, dop og pengar. Etter at han møtte Jesus, handlar alt om Guds kjærleik. Før spreidde han frykt. No spreier han dei gode nyheitene om Jesus.
Det er eit litt ekkelt symptom dette at så få kristne menneske finn det tenleg å prioritera slike samlingar som me hadde i kveld, trass i mange oppmuntringar om å gjera det. Eg er heilt sikker på at felles bøn er nøkkelen til vekking og framgang for Guds rike. Og når me har planlagt bønemøtenen skikkeleg, vert dei også gode å vera på.
Ha ei god natt.
Abonner på:
Innlegg (Atom)