Når Paulus skriv at det ikkje er nokon fordøming for dei som er i Kristus Jesus, må det vera avgjerande viktig for oss å forstå kva det vil seia å vera i Kristus Jesus, for alle som er utanfor Han, vil bli fordømt på den siste dag.
Me må ta eit bilete for å forstå dette rett. Lat oss seia at du er borgar av Noreg eller av eit anna land. Då har du heilt spesielle og udiskutable rettar i dette landet. Dersom du ikkje er borgar, er rettane dine kraftig innskrenka, og har du ikkje opphaldsløyve ein gong, kan du til og med bli kasta ut av landet.
Jesus er konge i eit rike som ikkje er av denne verda. Han er Gud, og hans rike er Guds rike. Jesus sa til Pilatus: "Den som er av sanninga, høyrer mi røyst." Å høyra Jesu røyst betyr å anerkjenna Bibelen som Guds ord, bøya seg for Jesu overherredøme og gje han våre liv. Slik blir ein borgar av Guds rike, og får del i alle dei rettar som borgarar av dette riket har.
Kva er det så med dette riket? Det er eit rike heilt utan straffelov. Slik er det totalt ulikt alle andre riker som straffar stort og smått som borgarane gjer galt. Men Guds rike er eit straffefritt rike. Det har samanheng med at Jesus under sitt jordeliv oppfylte alle rikets lover på borgarane sine vegne, og i tillegg sonte den straffa som dei pga sine synder hadde gjort seg fortent til. Dermed avskaffa han Guds lov som straffelov, og denne er i staden vorten ein kjær og truverdig rettleiar for dei kristne med tanke på korleis dei skal leva liva sine. I staden for å fordømma dei kristne, vernar lova dei mot djevelen og alle hans øydeleggande planar. Difor elskar kristne Guds lov, ja, denne kjærleiken er eit teikn på at dei er sanne kristne, skriv Johannes fleire plassar i sitt første brev.
Viser innlegg med etiketten Guds rike. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Guds rike. Vis alle innlegg
søndag 11. mai 2014
søndag 2. desember 2012
Ungdomskjelda
5 Han mettar ditt liv med det gode,
du blir ung att som ørna.
Naturvitskapen vil prøva å få oss til å forstå oss sjølve som dyr. For ein bommert. For medan dyra er godt fornøgde med livet dersom dei har mat, drikke og varme, er det ikkje slik med oss menneske. For me er åndsindivid, og er ikkje fornøgde før me får metta sjela. Og det kan berre han som har skapt oss, nemleg Gud i himmelen. Det er berre hans kjærleik som kan tilfresstilla oss og gje oss ei kjensle av å vera komen i mål, vera heime om du vil.
Dersom ikkje Gud får metta oss med sin godleik, jaktar me stadig på nye ting, meir av alt, meir pengar, meir hus, meir kunnskap, meir sex, fleire opplevingar, meir underhaldning, fleire medaljar. Menneske utan Gud blir drivne av ein uro, av eit bedrag som seier at dersom eg no berre får litt meir, så blir eg fornøgd. Men tørsten hungeren etter meir vert ikkje borte før ein kjem til Gud og let seg metta av hans godleik. Då treng du ikkje meir.
Kyrkjefar Augustin som levde for 1600 år sidan i Nord-Afrika skriv i den berømte boka si "Confessiones": "Gud du har skapt meg til deg, og sjela i meg er uroleg i meg heilt til ho finn kvile i deg."
Den same røynsla har millionvis av dagens menneske også gjort. I si jakt på noko dei ikkje heilt visste kva var, vart dei sjølve innhenta av Gud, for Gud er ein gjetar som leitar, og overrumpla av ein godleik dei ikkje ante eksisterte. Då slapp uroen taket, og dei kunne seia med Asaf i Salme 73: "Herre, når eg har deg, har eg ikkje lyst til noko på jorda." Eller som David uttrykte det i Salme 23: "Herren er min hyrding, eg manglar ingenting."
Kva gjer Gud med oss når me kjem til han? Han fornyar oss, ja han gjer oss unge att, les me. Dette er utruleg oppmuntrande. Folk gjer alt mogeleg i våre dagar for å halda seg unge, og dei betalar milliardvis av kroner for å skjule alderdomen som kjem snikande. Men det er heilt unødvendig. Det er Gud som er ungdomskjelda. Han er evig ung til sinns, og den som fyller sinnet med Gud, blir som han i så måte. At kroppen blir eldre er ikkje mogeleg å hindra. Men dei som let seg fylla av Guds godleik, blir aldri gamle.
Paulus skriv: "Dersom nokon er i Kristus, er han ein ny skapning, det gamle er blitt borte, sjå, alt er blitt nytt." 2.Korintarbrev 5,17. Når eit menneske blir kristen, får det nye mål og eit nytt livsinnhald. Frå no av handlar det om å nyta godene i Guds rike, og jobba for at andre skal få del i dei same godene. Dette går ikkje i eiga menneskeleg kraft. Å leva med Gud og for Gud er overnaturlege saker, og me må få del i hans kraft dersom det skal fungera. Den får me hos Jesus. Han, som sjølv fekk denne krafta i dåpen, deler den med oss når me ber han om det. Han fyller alle døypte som trur med Anden, og når det skjer, får me ny oppdrift i liva våre, me blir som ørnar som flyt på vindane utan å anstrenga oss det minste. Me tener Gud i hans kraft og opplever merkelege resultat utan at me har strevd for det, og utan at me kan ta ære for det, like lite som ørna kan ta ære for den vinden som ber ho.
Takk gode Gud og Far at du mettar oss med din godleik, og for at du gjenskaper og fornyar oss ved trua på Jesus slik at me blir som deg: unge til sinns og kongelege i vår framtoning. Me er døypte til Kristus og tilhøyrer han, fyll oss med Anden slik at me denne dagen kan leva i hans kraft og flyta som staselege ørnar på dine vindar.
Etiketter:
Andens kraft,
Asaf,
Augustin,
David,
dåpen,
fornying,
Guds kjærleik,
Guds rike,
Kristus,
naturvitskapen,
Salme 23,
Salme 73,
Ungdomskjelda
torsdag 2. juni 2011
Èin konge
Det er Kristi himmelfartsdag, og i dag fokuserer me berre på JESUS. Verda er full av kongar og regentar, men det er berre èin som har tittelen "Kongen over kongane og Herren over herrane på jorda", og det er JESUS. Han sa: Eg har fått ALL MAKT i himmel og på jord. Kven gav han denne makta? Gud vår Far. Korleis gjorde han seg fortent til denne makta? Ved å sona verdas mange synder og sigra over døden. Kva betyr det at han har fått all makt? At han har rett til å tilgje alle menneske som ber om det, at har har rett til ditt hjarta og din lojalitet og at alle regentar på jorda er forplikta på å styra i samsvar med hans bod og vilje, og at han ein dag vil døma dei etter det.Då Jesus fòr opp til himmelen, sette han seg ved Gud, vår Fars høgre hand. Der utøver han si regjering ved å dela ut Anden til alle menneske som vender om, ved å leida venene sine i gjennomføringa av planane sine. Kva er Jesu planar? Å forkynna den kristne bodskapen for alle folkeslag, slik kunnskapen om hans herlegdom til slutt dekker heile jorda. Når det har skjedd, kjem han attende på same måten som han fòr opp, for å frelsa alle dei som trur og døma dei vantru og vrange. Difor: Ta imot han i hjarta ditt, lat deg forsona med han og ver med i det fantastiske arbeidet som det er å gjera andre kjent med ein slik konge. Der Jesus vert høyrt og trudd, der er Guds rike. Dette riket er fullt av kjærleik, tilgjeving og kraft. Kom deg inn i det og ver med oss andre å utvida grensene for det og fylla det med tilgjevene folk.
torsdag 16. oktober 2008
HP dukka opp
Me hadde ei flott og effektiv bønesamling i kveld. Eg hadde førebudd bøn for ei rekkje områder som er viktige for byen vår, og for kyrkjelyden i her, og me bad systematisk og effektivt, med litt lovsong inni mellom. Det møtte ikkje opp meir enn 30 personar, og det er med respekt å melda skralt med tanke på dei mange hundre kristne me har på Stord, men dei som møtte opp skal ha ros. Dei visste korleis dei skulle be.

Og så var det litt morosamt at HP (Hans Petter Martinsen), den kjende torpedoen som vart kristen i 2001, dukka opp på Horneland bedehus. Han har vore i på Stord nokre dagar og hatt skulebesøk om dagane og møter på Frelsesarmeen om kvelden, og han ville gjerne vera med oss å be denne kvelden. Det var jo veldig koseleg. HP har jo slik ein slik dramatisk historie, og han delte aldri så lite med oss av den. Fram til han møtte Jesus handla alt om vald, dop og pengar. Etter at han møtte Jesus, handlar alt om Guds kjærleik. Før spreidde han frykt. No spreier han dei gode nyheitene om Jesus.
Det er eit litt ekkelt symptom dette at så få kristne menneske finn det tenleg å prioritera slike samlingar som me hadde i kveld, trass i mange oppmuntringar om å gjera det. Eg er heilt sikker på at felles bøn er nøkkelen til vekking og framgang for Guds rike. Og når me har planlagt bønemøtenen skikkeleg, vert dei også gode å vera på.
Ha ei god natt.

Og så var det litt morosamt at HP (Hans Petter Martinsen), den kjende torpedoen som vart kristen i 2001, dukka opp på Horneland bedehus. Han har vore i på Stord nokre dagar og hatt skulebesøk om dagane og møter på Frelsesarmeen om kvelden, og han ville gjerne vera med oss å be denne kvelden. Det var jo veldig koseleg. HP har jo slik ein slik dramatisk historie, og han delte aldri så lite med oss av den. Fram til han møtte Jesus handla alt om vald, dop og pengar. Etter at han møtte Jesus, handlar alt om Guds kjærleik. Før spreidde han frykt. No spreier han dei gode nyheitene om Jesus.
Det er eit litt ekkelt symptom dette at så få kristne menneske finn det tenleg å prioritera slike samlingar som me hadde i kveld, trass i mange oppmuntringar om å gjera det. Eg er heilt sikker på at felles bøn er nøkkelen til vekking og framgang for Guds rike. Og når me har planlagt bønemøtenen skikkeleg, vert dei også gode å vera på.
Ha ei god natt.
tirsdag 7. oktober 2008
Pengar og verdiar
Så er statsbudsjettet lagt fram, og det sjølvsagt mykje snakk om pengar i media. Det er vel ikkje til å unngå. I slike tider får alle ei kjensle av at pengar er verdas viktigaste sak. Me trur i det heile veldig på pengar i dette landet, at pengar løyser alle slags problem, og dersom me berre har litt meir av dei, så vil alt gå så mykje betre for oss. Men det er ein illusjon. Det ser me i dei tilfellene då pengar faktisk øydelegg verdiar. Det kan vera i noko så banalt som eit arveoppgjer. Kor mange har ikkje opplevd at omsynet til materiellet verdiar har vorte så viktig for folk at dei har vore viljuge til å ofra fellesskapet med familien for å få det dei meiner dei bør ha? Men få ting er så verdfullt som fred og fordragelegheit i familien. Kor mange har ikkje ofra sjela si ved å vera uærlege i pengesaker ? Ærlegdom og sjelefred er vel langt større verdiar enn kroner og ører. Kven har vel ikkje sokke inn i egoisme og kynisme i jakta på pengar, eigenskapar som me alle ser på som skadelege både for oss sjølve og andre. Og når sjukdomen råkar oss og me ser døden i kvitauga, kva betyr pengar då? Kven kan me all sitt strev legga ei alen til si livslengde? I denne tida må me ropa ut til våre medmenneske at dei må søka Gud og gå på hans vegar, for der er dei sanne livsverdiane å finna. Det kjem ikkje an på pengar.
Jesus seier tre viktige ting om pengar: "Samla dykk ikkje skattar på jorda der mol og makk øyder og tjuvar bryt seg inn og stel, men samla dykk skattar i himmelen..."
Dei siste dagane har Island opplevd meir enne noko anna land at mol og makk på kort tid har tært bort både verdien på pengane, verdipapira og eigedomane deira. Landet er i ferd med å gå konkurs, og statsministeren vender seg mot Gud. Kor skal han elles gå? Be gjerne om at Island skal kunna behalda sjølvstende sitt og at islendingane skal læra seg å søka Gud og sanne livsverdiar på ein heile annan måte enn før. Då vil det som råkar dei no vera ein inderleg god ting.
Kva er det å samla skattar i himmelen? De er å samla menneske inn i Guds rike. For for Gud er det menneska som er verdfulle. Og dei som me fører til Jesus får evig liv og kan aldri forgå. Så seier Jesus: "Bruk pengane som det hefter så mykje urett ved til å vinna dykk vener som kan ta imot dykk i dei evige bustadane". Det betyr naturlegvis at me skal investera vesentlege pengar i Guds rike, dvs. i misjon og evangelisering. Og er det det han vilk, så gjer me vel det. Guds rike er vår business. Og det siste sitatet eg vil løfta fram er dette: "Ver ikkje uroa for kva de skal eta eller drikka eller kle dykk med. Slik spør heidningane etter. Men søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt dette andre i tillegg." "Alt dette andre" er mat og klede og livsnødvendige ting. Han lærer oss å slappa av i høve til pengar og ikkje la redsle for knapphet eller trong etter meir styra liva våre. Det er Jesus som er Herre og ikkje Mammon. Han kallar oss til å gå for seg, så skal han syta for at me får det me treng. Så fascinerande og frigjerande enkel Jesus er. Me er hans søsken og barn av den Gud som skapte himmel og jord, kva skulle me vera redde for? Berre dette eine: å koma bort frå han som elskar oss.
Jesus seier tre viktige ting om pengar: "Samla dykk ikkje skattar på jorda der mol og makk øyder og tjuvar bryt seg inn og stel, men samla dykk skattar i himmelen..."
Dei siste dagane har Island opplevd meir enne noko anna land at mol og makk på kort tid har tært bort både verdien på pengane, verdipapira og eigedomane deira. Landet er i ferd med å gå konkurs, og statsministeren vender seg mot Gud. Kor skal han elles gå? Be gjerne om at Island skal kunna behalda sjølvstende sitt og at islendingane skal læra seg å søka Gud og sanne livsverdiar på ein heile annan måte enn før. Då vil det som råkar dei no vera ein inderleg god ting.Kva er det å samla skattar i himmelen? De er å samla menneske inn i Guds rike. For for Gud er det menneska som er verdfulle. Og dei som me fører til Jesus får evig liv og kan aldri forgå. Så seier Jesus: "Bruk pengane som det hefter så mykje urett ved til å vinna dykk vener som kan ta imot dykk i dei evige bustadane". Det betyr naturlegvis at me skal investera vesentlege pengar i Guds rike, dvs. i misjon og evangelisering. Og er det det han vilk, så gjer me vel det. Guds rike er vår business. Og det siste sitatet eg vil løfta fram er dette: "Ver ikkje uroa for kva de skal eta eller drikka eller kle dykk med. Slik spør heidningane etter. Men søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt dette andre i tillegg." "Alt dette andre" er mat og klede og livsnødvendige ting. Han lærer oss å slappa av i høve til pengar og ikkje la redsle for knapphet eller trong etter meir styra liva våre. Det er Jesus som er Herre og ikkje Mammon. Han kallar oss til å gå for seg, så skal han syta for at me får det me treng. Så fascinerande og frigjerande enkel Jesus er. Me er hans søsken og barn av den Gud som skapte himmel og jord, kva skulle me vera redde for? Berre dette eine: å koma bort frå han som elskar oss.
Etiketter:
Guds rike,
pengar,
statsbudsjett,
verdiar
Abonner på:
Innlegg (Atom)