søndag 11. mai 2014

Grunntankar i Romarbrevet XV. Kap 8,1-4

Når Paulus skriv at det ikkje er nokon fordøming for dei som er i Kristus Jesus, må det vera avgjerande viktig for oss å forstå kva det vil seia å vera i Kristus Jesus, for alle som er utanfor Han, vil bli fordømt på den siste dag.

Me må ta eit bilete for å forstå dette rett. Lat oss seia at du er borgar av Noreg eller av eit anna land. Då har du heilt spesielle og udiskutable rettar i dette landet. Dersom du ikkje er borgar, er rettane dine kraftig innskrenka, og har du ikkje opphaldsløyve ein gong, kan du til og med bli kasta ut av landet.

Jesus er konge i eit rike som ikkje er av denne verda. Han er Gud, og hans rike er Guds rike. Jesus sa til Pilatus: "Den som er av sanninga, høyrer mi røyst." Å høyra Jesu røyst betyr å anerkjenna Bibelen som Guds ord, bøya seg for Jesu overherredøme og gje han våre liv. Slik blir ein borgar av Guds rike, og får del i alle dei rettar som borgarar av dette riket har.

Kva er det så med dette riket? Det er eit rike heilt utan straffelov. Slik er det totalt ulikt alle andre riker som straffar stort og smått som borgarane gjer galt. Men Guds rike er eit straffefritt rike. Det har samanheng med at Jesus under sitt jordeliv oppfylte alle rikets lover på borgarane sine vegne, og i tillegg sonte den straffa som dei pga sine synder hadde gjort seg fortent til. Dermed  avskaffa han Guds lov som straffelov, og denne er i staden vorten  ein kjær og truverdig rettleiar for dei kristne med tanke på korleis dei skal leva liva sine. I staden for å fordømma dei kristne, vernar lova dei mot djevelen og alle hans øydeleggande planar. Difor elskar kristne Guds lov, ja, denne kjærleiken er eit teikn på at dei er sanne kristne, skriv Johannes fleire plassar i sitt første brev.


Ingen kommentarer: