søndag 18. mai 2014

Grunntankar i Romarbrevet XIX. Kap. 8,12-17

Kristne skuldar ikkje kjøtet nokon ting, les me i vers 12. Det betyr at vårt gamle menneske ikkje lenger har nokon makt over oss, me er ikkje under tvang lenger, me er frie menneske som ikkje lenger treng å tilfredsstilla kjøtet anten det har lyst på makt, pengar, popularitet, berømming, suksess, nye ting, uforpliktande sex eller kva det no enn skal vera. Jesus har gjort oss fri frå synda si makt. Hans Ande i oss er så sterk at synda taper sin glans mot lyset frå Kristus. Me drep kjøtet sine gjerningar ved Anden. Det handlar ikkje om å bestemma seg for å overvinna freistingar i eiga kraft, men om å leva så nær Gud at hans herlegdom og høge gleder totalt dominerer over dei låge gledene som kjøtet traktar etter.

Alle som er drivne av Guds Ande er Guds barn, les me i vers 14. Anden driv oss til Bibelen, inn i bønekammeret, til kyrkjelyden, ut i misjon og til dei fattige og naudstilte. Dei som vert drivne til slike ting av kjærleik til Jesus, er Guds barn.

Me gjer ikkje dette av tvang, men av glede. Me er ikkje lenger slavar, men frie barn. Me blir ikkje fordømt om me ikkje gjer det Gud vil, men fordi me elskar Gud, gjer me det han vil likevel, ikkje for å unngå dom, men for å gleda Han, pappaen vår.

Vår ånd vitnar  for oss saman med Guds Ande at me er Guds barn, les me i vers 15.
"Vår ånd" er samvitet vårt. Dersom dette er reint, vitnar det for oss. Er det ureint, vitnar det mot oss. Andens vitnemål er evangeliet. Jesus seier om Anden: "Han skal vitna om meg."

Dersom me har eit reint samvit og trur evangeliet om Jesus, får me frelsesvisse. Då blir me glade og lukkelege kristne. Det vil Gud at me skal vera, ja, det er veldig viktig for han at me er glade. Han er jo FAR.

Er me barn, er me arvingar, Kristi medarvingar. Me har ei herleg framtid. Jesus er garantien for denne. Me ventar på at han skal koma att i herlegdom for å henta oss heim til seg. Anten vil me oppleva dette,  eller så vil døden føra oss til han der han er. Me treng ikkje å vera redde, me møter jo han som døydde for våre synder og sto opp til vår rettferd. HAN veit verdien av sitt eige frelsesverk.

Å vera kristen er å ta opp krossen sin og følgja Jesus, alltid klar til å lida for evangeliet. Dersom me teier stille om Jesus for unngå ubehag, taper med livssamfunnet med han, den fagre skatten, og dermed også arven som me har saman med han.


Ingen kommentarer: