fredag 16. mai 2014

Grunntankar i Romarbrevet leksjon XVIII. Kap. 8,10-11

At kroppen er død betyr at me menneske, slik me er i oss sjølve, har mista kontakten med Gud som er kjelda for det evige livet, og at me er blitt forgjengelege. Går me attende til Edenshage i 1 Mosebok 2, kan me lesa at Gud la ned forbod for menneska om å eta av treet som kunne gje kunnskap om godt og vondt, og han sa: Den dagen de et av dette treet, skal de døy. Det var ein dom. Døden er domen over synda.

Trass i Guds åtvaring, åt dei likevel, og sjølv om dei ikkje døydde straks, vart dei skilte frå Gud og kroppane deira vart forgjengelege. Slik er det den dag i dag. Døden møter me på to plan i menneskelivet: Det fysiske og det åndelege. Den fysiske død kjenner me. Den åndelege er mindre kjent, men er særprega ved at folk flest lever liva sine greit utan å kjenna Gud, dei er stort sett lukkelege, klarer seg sjølv, styrer seg sjølv,  har ikkje noko trong for å be, enn seia lova og æra Gud, elska han og tena han. Det blir først eit tema når menneske vert råka av Den Heilage Ande og forstår at ein lever grunnleggande feil, er på veg mot evig undergangen og av den grunn vender om til Gud av eit heilt hjarta.

Det forgjengelege kan me ikkje gjera noko med i denne tidsalder. Men det store er: ME TRENG IKKJE LENGER VERA SKILT FRÅ GUD. Den som vender om til han, får tilgjeving for alle sine synder og evig liv. Det er ei gåve, dyrt betalt av Jesus Kristus. Rettferda som står omtala i vers 10 er det same som tilgjeving for syndene. Når me gjennom anger, bot og tru blir fri syndene våre, flyttar Jesus Kristus inn i oss, og då blir det for alvor liv i oss. Slik må det jo bli, for Jesus er jo LIVET.  Kontakten med Gud blir gjenoppretta for evig og alltid, og den fysiske døden blir berre ein transportetappe heim til Gud i himmelen. Vers 11 blir avslutta med å peika på den kristne vona: ved enden av tida skal Gud ved Den Heilage Ande også reisa kroppane våre opp frå grava slik at me blir heilt det Gud i opphavet hadde tenkt av me skulle vera. Det blir stas, det vener. Gled deg og sørg for at du får vera med på moroa.

Ingen kommentarer: