Viser innlegg med etiketten Den Heilage Ande. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Den Heilage Ande. Vis alle innlegg

søndag 24. mai 2026

Pinse

 Det er første pinsedag, og me feirar at Den Heilage Ande kom til Jesu apostlar, og vart gjort tilgjengeleg for alle menneske, høge og låge, rike og fattige, kvinner og menn, folk frå alle nasjonar, stammer, folk og språk.

 Det var heilt nytt, og står som Guds svar på det faktum at Jesus på krossen døydde for alle menneske, at han hadde rydda veg for alle menneske, og at hans frelse skulle delast ut i aust og vest og sør og nord.

 Og då Peter talte denne spesielle dagen i historia, sa han: "Vend om og lat dykk døypa i Herren Jesu namn, så skal de få tilgjeving for syndene dykkar og Den Heilage Anden i gåve, de som oss."

 Og effekten av talen hans var så kraftfull at 3000 menneske kom til tru og let seg døypa, og den kristne kyrkja var fødd. Så: GRATULERA MED DAGEN!

 Det er to ting som er viktig å seia om Den Heilage Ande: Du kan ha han i hjarta ditt som ein livsskatt som knytter deg til Jesus og din himmelske Far slik at du kjenner deg både tilgjeven og elska. Har du han slik, er du ein sann kristen som ber kristendomens fremste karaktertrekk: Kjærleik til Gud og nesten. "Guds kjærleik er aust ut i hjarto våre ved Den Heilage Ande som er oss gjeven," skriv Paulus i Rom 5. 

Men Den Heilage Ande er også han som utrustar deg til teneste for Herren, fyller deg med kraft frå himmelen til å vitna for verda om Kristus på ein overtydande måte.

Pinse og misjon høyrer saman. Det var ingen vits for apostlane å starta misjonsoppdraget før Anden kom til dei med kraft frå himmelen, og før Anden vart allemannseige. Men alt dette skjedde på pinsedag, og då starta også Guds legitime gjenerobring av ei fallen verd.  

Me treng ikkje strekka oss etter Anden, for han har  me fått som ei gåve ved trua på Jesus. Men me vert oppfordra til å strekka oss etter Andens kraft, etter å bli fylt av Anden, etter nådegåvene  som han deler ut, og mest etter å tala profetisk. Utan desse nådegåvene er det omtrent umogeleg å få nye menneske til å bli kristne. Desse gåvene bryt ned menneska sine forsvarsmurar, og opnar opp for at dei kan bli innvaderte av himmelen. Og jo fleire som blir fylte av Anden og som lever i denne fylden, jo fleire menneske kjem til tru, og jo fortare veks kyrkja og Guds rike fram.

Kva kan du gjera for å få del i dette? Pris Jesus! Be om å bli fylt. Lev i fellesskap. Lev i Guds ord, for dette ordet er ånd og liv, og Jesus vil fylla deg spontant eller sakte men sikkert. Uansett vil du oppleva at ting endrar seg til det gode for deg.

mandag 8. oktober 2018

Mentorskap og disippelskap

Alle erfarne kristne bør stilla liva sine til disposisjon for nye kristne for å læra dei å leva fruktbare kristenliv.

Jesus sa til disiplane sine då han kalla dei: "Følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar."

Jesus var mentor for mange. Først dei 12 apostlane, så for 58 andre som stod  han så pass nær at dei på eit gjeve tidspunkt vart sendt ut saman med dei 12 for å forkynna evangeliet for folk som budde i landsbyane i Israel. Dei kom glade tilbake og fortalde henrykt om under og teikn som dei hadde vore vitne til, og om store sigrar dei hadde vunne. Det må ha vore fantastisk å ha Jesus som mentor.

Men me står ikkje i ein dårlegare situasjon enn desse 70. Tvert om. For me har Den heilage ande, og Jesus sa: "Det er ein fordel for dykk at eg går bort, for dersom eg ikkje går bort, kjem ikkje talsmannen til dykk, og når han kjem, skal han læra dykk alle ting, og minna dykk om alt eg har sagt dykk."

Gud er vårt førebilete, skriv Paulus i Efesarbrevet. Slik han jobbar, slik jobbar me. Og dersom Guds mønster er mentorskap og disippelskap, då skal det også vera vårt mønster, vår modell. Og når sant skal seiast: Det er den suverent beste arbeidsmetoden.

Det er ein sjølvsagt ting at du kan ikkje føra andre inn i noko du ikkje lever i sjølv. Dersom du har mange år på baken som kristen, men ikkje lever eit fruktbart kristenliv, må det koma til ein endring i livet ditt før du kan bli mentor for andre.  Då treng du sjølv ein mentor for ein periode.

Korleis kan du finna deg ein mentor? Sjå det rundt om du ser ein som lever eit fruktbart kristenliv, gå så til vedkomande og spør om han/ho kan læra deg å leva slik med Gud at livet ditt begynner å bera frukt for evigheten, og så må du vera villig til å underordna deg denne personen, elles blir resultatet dårleg. Å følgja nokon er å underordna seg den ein følgjer.

Du må ikkje tenkja den idiotiske tanken at du følgjer Jesus så du treng ikkje følgja noko anna menneske. For saka er den: Dersom du ikkje følgjer eit anna menneske, følgjer du heller ikkje Jesus, for det var Han som innførte mentor-disippelskapsprinsippet for si kyrkje. Og dersom dette ikkje kjem på plass snarast, vil me tapa på alle frontar.


søndag 30. september 2018

Barnekår

Jesus er Guds Son.
Alle som tek imot han i hjarto sine blir dermed Guds søner.
Vårt barnekår som kristne er altså eigentleg JESU sonekår.
Ved trua på han, ved å lukka han inn i liva våre, blir me som Han for Gud.
Vårt slavekår under synda druknar rett og slett i Jesu barnekår under Gud.
"Men alle dei som tok imot han (Jesus), dei gav han rett til å bli Guds barn, dei som trur på namnet hans." Johannes 1,12.

Og så les me i Galatarbrevet 4,6: "Og sidan de er born(søner), har Gud sendt sin Sons Ande i hjarto våre som ropar "Abba, Far.""

Her er rekkjefølgja viktig. Me blir ikkje Guds barn når me får Anden, men me får Anden fordi me er blitt Guds barn ved trua på Jesus, og Anden syner oss at Gud er pappa, at han elskar oss og aksepterar oss, at han smiler til oss og ikkje har noko å utsetja på oss. Me er ikkje lenger redd Gud, me elskar han fordi me kjenner oss så trygge på hans kjærleik og tilgjeving, og i tillegg  auser han sin kjærleik ut i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss (Romarbrevet 5,5).

Ønskjer alle ein god søndag!

onsdag 26. september 2018

Sann kristendom del IV. Pinsekristendom

Den Heilage Ande er Gud, og det som hende pinsedagen (Apostelgjerningane 2) må me sjå på som ei unik historisk hending: Det var himmelens respons på Jesu fullførte frelsesverk for alle verdas menneske. Difor vart Anden gjeven til kyrkja denne dagen, og blir no vidareformidla frå kyrkja til alle som vender om frå syndene sine og let seg døypa i (til) Jesu namn.

Jesus kalla Anden "den andre talsmann" (han var sjølv den første),  og sa: "Han kjem til dykk for å bli verande hos dykk!"
Dette er godt å tenkja på. Anden er ikkje ein gud som kjem og går, han er komen til kyrkja for å BLI!

Det som Jesus var for disiplane under sitt jordeliv, er Anden for Jesu disiplar over heile verda i dag.
Han bur i oss og er alltid mellom oss når me samlast i Jesu namn.

Men så er det viktig at me gjev han ROM. At me ikkje alltid skal vera så raske, men at me tek oss tid i bøn, lovprisning, samtale og undervisning. At me lyttar til kva Anden seier, og at me lyder han. Då betrur han oss sine gåver og si kraft, og Jesu personlegdom kjem til uttrykk gjennom liva våre. Slik, og berre slik, kan Guds rike gå fram på jorda.

Langfredag vart grunnlaget for Guds frelse lagt for alle verdas menneske, og den første pinsedagen vart Anden gjeven til den kristne kyrkje forat både Han og evangeliet skulle kunna gjerast kjent for alle verdas menneske. Ting heng saman her. Kjære kristne ven: Der du bevegar seg, der bevegar Den Heilage Ande seg. Han er i deg og med deg for at Jesus skal bli synleg gjennom deg.

Det at Anden er hos oss alltid, gjer formaninga i Efesarbrevet 5,18 meiningsfull. "Bli fylte av Anden," skriv Paulus, for me kan jo berre fylla oss med noko me har tilgang til.

Langfredag treng ikkje repeterast, ei heller pinsedag. Frelsen og pinsen har vore hos oss sidan år 33 e.Kr. Når me løftar opp Jesus, kjem Anden til oss og fyller oss slik at me elskar Herren enno meir, og lovsongen aukar i styrke og inderlighet. Kva er sann kristendom? Det er og blir å elska Jesus, han som døydde for oss og fridde oss frå våre synder med sitt blod.


fredag 16. mai 2014

Grunntankar i Romarbrevet leksjon XVIII. Kap. 8,10-11

At kroppen er død betyr at me menneske, slik me er i oss sjølve, har mista kontakten med Gud som er kjelda for det evige livet, og at me er blitt forgjengelege. Går me attende til Edenshage i 1 Mosebok 2, kan me lesa at Gud la ned forbod for menneska om å eta av treet som kunne gje kunnskap om godt og vondt, og han sa: Den dagen de et av dette treet, skal de døy. Det var ein dom. Døden er domen over synda.

Trass i Guds åtvaring, åt dei likevel, og sjølv om dei ikkje døydde straks, vart dei skilte frå Gud og kroppane deira vart forgjengelege. Slik er det den dag i dag. Døden møter me på to plan i menneskelivet: Det fysiske og det åndelege. Den fysiske død kjenner me. Den åndelege er mindre kjent, men er særprega ved at folk flest lever liva sine greit utan å kjenna Gud, dei er stort sett lukkelege, klarer seg sjølv, styrer seg sjølv,  har ikkje noko trong for å be, enn seia lova og æra Gud, elska han og tena han. Det blir først eit tema når menneske vert råka av Den Heilage Ande og forstår at ein lever grunnleggande feil, er på veg mot evig undergangen og av den grunn vender om til Gud av eit heilt hjarta.

Det forgjengelege kan me ikkje gjera noko med i denne tidsalder. Men det store er: ME TRENG IKKJE LENGER VERA SKILT FRÅ GUD. Den som vender om til han, får tilgjeving for alle sine synder og evig liv. Det er ei gåve, dyrt betalt av Jesus Kristus. Rettferda som står omtala i vers 10 er det same som tilgjeving for syndene. Når me gjennom anger, bot og tru blir fri syndene våre, flyttar Jesus Kristus inn i oss, og då blir det for alvor liv i oss. Slik må det jo bli, for Jesus er jo LIVET.  Kontakten med Gud blir gjenoppretta for evig og alltid, og den fysiske døden blir berre ein transportetappe heim til Gud i himmelen. Vers 11 blir avslutta med å peika på den kristne vona: ved enden av tida skal Gud ved Den Heilage Ande også reisa kroppane våre opp frå grava slik at me blir heilt det Gud i opphavet hadde tenkt av me skulle vera. Det blir stas, det vener. Gled deg og sørg for at du får vera med på moroa.