Viser innlegg med etiketten mentor. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mentor. Vis alle innlegg

tirsdag 9. oktober 2018

Essensen i disippelskap er fellesskap

Det grunnleggjande med å vera Jesu disippel er å ha retten til alltid å nyta hans fellesskap. Då Jesus kalla disiplane sine, bad han dei om å følgja seg, og essensen i å følgja Jesus er retten til til eikvar tid å få vera saman med. Disippelskap og kristenliv handlar først og sist om FELLESSKAP.

Me tenkjer ofte at det å følgja Jesus er ein litt tung og vanskeleg jobb. Men det stemmer ikkje. Den som følgjer Jesus går med lette steg gjennom livet. Jesus er jo så enormt elskverdig og inspirerande å vera saman med at han gjer livet til ei festreise.

Men alle som prøver å leva som disiplar av Jesus utan å ha personleg samfunn med han, opplever det heile som eit ork. Det er oftast desse som fell frå trua, ei tru som dei i røynda aldri har hatt.

I 1.Mosebok 17,1-3 utvidar Gud pakta med Abraham og seier til han: "Lev for mitt åsyn og ver heil i di ferd."

Å leva for Guds åsyn er å ha personfellesskap med Gud, vera i ein posisjon der ein alltid let seg gleda av Guds kjærleik og la seg fylla av hans smil. Då blir ein eit heilstøypt kristent menneske, ein person med Jesu karakter.

Difor er det heilt grunnleggjande i disippelskapet at me brukar god tid med Gud kvar dag, at me søkjer hans ansikt, at me lovar, prisar og takkar han  for den han er og for dei gåvene han har gjeve oss, og i særleg grad frelsesgåva.

Er du ein mentor er det dette du skal øva disippelen din opp i først av alt: å pleia nær omgang med Jesus på det peronlege planet. Her startar og endar eit vellukka disippelskap, og det er jo dette samfunnet med Gud alt saman strengt tatt handlar om under heile vandringa, og som me er som kalla til å bringa andre menneske inn i. Så under heile mentor-disippelperioden vil dette vera eit tilbakevendande hovudemne i samtale og felles bøn.

mandag 8. oktober 2018

Mentorskap og disippelskap

Alle erfarne kristne bør stilla liva sine til disposisjon for nye kristne for å læra dei å leva fruktbare kristenliv.

Jesus sa til disiplane sine då han kalla dei: "Følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar."

Jesus var mentor for mange. Først dei 12 apostlane, så for 58 andre som stod  han så pass nær at dei på eit gjeve tidspunkt vart sendt ut saman med dei 12 for å forkynna evangeliet for folk som budde i landsbyane i Israel. Dei kom glade tilbake og fortalde henrykt om under og teikn som dei hadde vore vitne til, og om store sigrar dei hadde vunne. Det må ha vore fantastisk å ha Jesus som mentor.

Men me står ikkje i ein dårlegare situasjon enn desse 70. Tvert om. For me har Den heilage ande, og Jesus sa: "Det er ein fordel for dykk at eg går bort, for dersom eg ikkje går bort, kjem ikkje talsmannen til dykk, og når han kjem, skal han læra dykk alle ting, og minna dykk om alt eg har sagt dykk."

Gud er vårt førebilete, skriv Paulus i Efesarbrevet. Slik han jobbar, slik jobbar me. Og dersom Guds mønster er mentorskap og disippelskap, då skal det også vera vårt mønster, vår modell. Og når sant skal seiast: Det er den suverent beste arbeidsmetoden.

Det er ein sjølvsagt ting at du kan ikkje føra andre inn i noko du ikkje lever i sjølv. Dersom du har mange år på baken som kristen, men ikkje lever eit fruktbart kristenliv, må det koma til ein endring i livet ditt før du kan bli mentor for andre.  Då treng du sjølv ein mentor for ein periode.

Korleis kan du finna deg ein mentor? Sjå det rundt om du ser ein som lever eit fruktbart kristenliv, gå så til vedkomande og spør om han/ho kan læra deg å leva slik med Gud at livet ditt begynner å bera frukt for evigheten, og så må du vera villig til å underordna deg denne personen, elles blir resultatet dårleg. Å følgja nokon er å underordna seg den ein følgjer.

Du må ikkje tenkja den idiotiske tanken at du følgjer Jesus så du treng ikkje følgja noko anna menneske. For saka er den: Dersom du ikkje følgjer eit anna menneske, følgjer du heller ikkje Jesus, for det var Han som innførte mentor-disippelskapsprinsippet for si kyrkje. Og dersom dette ikkje kjem på plass snarast, vil me tapa på alle frontar.