Hovudpoenget med disippelskap er å utdanna truande til å bli menneskefiskarar.
Jesus sa: "Følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar", Markus 1,17.
Dette er altså ein kunst, ein dugleik som må lærast. Ingen kan dette berre i kraft av å vera kristne og ha Den heilage ande. Det må lærast av ein mentor som kan kunstene.
Korleis starta?
I starten er det mentoren som står med initiativet og hovudansvaret. Mentoren er jo i utgangspunktet ein person som driv med menneskefiske, og det er jo berre å dra disippelen med seg på sine eigne opplegg, rett og slett.
Ein enkel modell er denne: Mentoren har fått kontakt med ein ikkje-kristen som er litt positiv til Gud, og som gjerne vil prata meir, og mentoren inviterer difor han/henne heim til seg for ein kopp kaffi eller kva det no skal vera. Då kan ein prata i fred og ro i ein hyggjeleg og avslappande atmosfære. I denne settingen er det viktig at disippelen også er med (sjølvsagt etter avtale med den andre personen), slik at han/ho kan observera og i nokon grad også ta del i praten.
Ein annan modell er denne: Mentoren har avtalt med ein som enno ikkje er komen til tru, men som er positiv og nyfiken, at dei skal møtast over ein periode og lesa t.d. Johannesevangeliet saman for å prata om innhaldet. Her vil det også vera naturleg å ha disippelen sin med.
I starten kviler alt på mentoren. Disippelen berre møter opp når han får beskjed om det. Det er snakk om å observera for gradvis å få meir og meir ansvar. Men det kjem eg attende til seinare.
Viser innlegg med etiketten menneskefiskarar. Vis alle innlegg

tirsdag 16. oktober 2018
mandag 8. oktober 2018
Mentorskap og disippelskap
Alle erfarne kristne bør stilla liva sine til disposisjon for nye kristne for å læra dei å leva fruktbare kristenliv.
Jesus sa til disiplane sine då han kalla dei: "Følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar."
Jesus var mentor for mange. Først dei 12 apostlane, så for 58 andre som stod han så pass nær at dei på eit gjeve tidspunkt vart sendt ut saman med dei 12 for å forkynna evangeliet for folk som budde i landsbyane i Israel. Dei kom glade tilbake og fortalde henrykt om under og teikn som dei hadde vore vitne til, og om store sigrar dei hadde vunne. Det må ha vore fantastisk å ha Jesus som mentor.
Men me står ikkje i ein dårlegare situasjon enn desse 70. Tvert om. For me har Den heilage ande, og Jesus sa: "Det er ein fordel for dykk at eg går bort, for dersom eg ikkje går bort, kjem ikkje talsmannen til dykk, og når han kjem, skal han læra dykk alle ting, og minna dykk om alt eg har sagt dykk."
Gud er vårt førebilete, skriv Paulus i Efesarbrevet. Slik han jobbar, slik jobbar me. Og dersom Guds mønster er mentorskap og disippelskap, då skal det også vera vårt mønster, vår modell. Og når sant skal seiast: Det er den suverent beste arbeidsmetoden.
Det er ein sjølvsagt ting at du kan ikkje føra andre inn i noko du ikkje lever i sjølv. Dersom du har mange år på baken som kristen, men ikkje lever eit fruktbart kristenliv, må det koma til ein endring i livet ditt før du kan bli mentor for andre. Då treng du sjølv ein mentor for ein periode.
Korleis kan du finna deg ein mentor? Sjå det rundt om du ser ein som lever eit fruktbart kristenliv, gå så til vedkomande og spør om han/ho kan læra deg å leva slik med Gud at livet ditt begynner å bera frukt for evigheten, og så må du vera villig til å underordna deg denne personen, elles blir resultatet dårleg. Å følgja nokon er å underordna seg den ein følgjer.
Du må ikkje tenkja den idiotiske tanken at du følgjer Jesus så du treng ikkje følgja noko anna menneske. For saka er den: Dersom du ikkje følgjer eit anna menneske, følgjer du heller ikkje Jesus, for det var Han som innførte mentor-disippelskapsprinsippet for si kyrkje. Og dersom dette ikkje kjem på plass snarast, vil me tapa på alle frontar.

Etiketter:
Den Heilage Ande,
disippelskap,
menneskefiskarar,
mentor,
talsmannen
Abonner på:
Innlegg (Atom)