For første gong i moderne tid er det landesorg i Noreg. Den varer fram til 9.september då konge Harald V skal gravleggjast. Politikarane våre er pålagd borgfred, og skal ikkje gå i tottane på kvarandre, og det blir flagga på halv stong over heile landet.
Eg synest dette er ein fin ting. Det gjev oss nordmenn endeleg ein sjanse til å la ting få setja seg litt, tid til å reflektera over både livet, døden og det som kjem etterpå. Det treng me verkeleg. Det hektiske kvardagslivet mange lever har lett for å gjera oss overfladiske.
I dag har eg signert kondolanseprotokollen som er lagt ut på kongehuset si nettside. Eg skreiv at eg føler meg litt farlaus etter at kongen døydde, at det gode humøret hans, latteren, omsorgen, medkjensla og klokskapen han utstrålte var ei kraft både i mitt og andre sine liv, ei kraft som vil vera der og inspirera oss lenge enno.
Eg går ut frå at biografane hans no er i full gong med bokskriving (eg håpar det også gjeld Harald Stanghelle).