Viser innlegg med etiketten Donald Trump. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Donald Trump. Vis alle innlegg

lørdag 5. september 2026

Ingen forfølgde kristne får lenger koma til USA

 Christian Daily melde i går at i budsjettåret 2025-2026 har USA ikkje teke imot og gjeve opphald til ein einaste forfølgd kristen. Dette trass i at forfølginga av kristne verda over aldri har vore så intens som akkurat no.

Det er Open Doors US og organisasjone World Relief som legg fram desse tala i den årlege rapporten sin «State of the Golden Door: Evaluating U.S. Refugee Resettlement and Asylum in Light of Global Christian Persecution».

Det har skjedd ei stor endring i USA sin asyl og flyktningepolitikk, også andsynes kristne. I 2024-2025 fekk 30 000 frå religiøst forfølgde minoritetar opphald i USA. Inneverande budsjettår altså null. På sokkelen til fridomsgudinna ved innseilinga til New York står det: "The Golden Door". No er denne gylne døra blitt slamra att i andletet på forfølgde kristne, i tillegg til at mange det siste året er blitt jakta ned av immigrasjonspolitiet, og sendt ut av landet til tredjeland som Panama.

Donald Trump sa han gjerne ville hjelpa kristne i Nigeria som kvar veke blir slakta ned av islamistar, og så sende han bombefly for å bomba islamistane i fillebitar. Det er sjølvsagt ein umåteleg tøysete måte å gjera det på når me ser at han samsstundes ikkje let ein einaste kristen i landet får koma til USA. (Dei får Ikkje koma til Noreg heller forresten. Norsk UD går langt i å bagatellisera lidingane deira, og kallar det som skjer for etnisk konflikt og ikkje forfølging).

Både kristne konvertittar frå Iran, og forfølgde baptistar frå det borgarkrigsråka Myanmar, i dette høve karenfolk, er blitt råka. På same tid har Trump-administrasjone merkeleg nok opna dørane for kvite sørafrikanarar som etter seiande er utsette for rasistiske åtak frå den svarte majoritetsbefolkninga. At dette kan vera eit problem i Sør Afrika er sikkert mogeleg, men Open Doors US og World Relief, som står bak rapporten som ligg til grunn for dette innlegget, meiner at problema som kvite sørafrikanarar står andsynes, er for ingenting å rekna i høve til det som kristne i Nigeria, Kina, Pakistan, Iran , Somalia og Afghanistan opplever.