lørdag 25. februar 2012

Vekking i vekkinga. Paulus i Efesos 2.




Bilete syner ein rekonstruksjon av det vidgjetne Artemistemplet som sto i Efesos. Dette bygget vart rekna som eitt av andtikken sine sju underverk.

Framhald på talen om Paulus si gjerning i Efesos:

Dette skjedde i Efesos. Priskilla og Akvilas hadde førebudd Paulus sitt besøk, sikkert i bøn og faste,  og då han kom, manifisterte Anden seg med ein gong på ein ny måte. Ei gruppe menn vart døypt og  fylt av Den heilage ande, dei talte i tunger, profeterte og braut ut i lovprisning av Jesus.  Den nye tida gjorde sitt inntog i Efesos, Guds rike kom til dei. 

Og det skjedde uvanlege under.
Kva er eit vanleg under? Kva er eit uvanleg under?
For oss er vanlege under uvanlege, ikkje sant? 
C. Peter Wagner skriv at i Sør Amerika skil ein mellom under og mirakel. Når Gud fiksar eit organ, er det ein under. Når han let eit amputert organ veksa ut att, er det eit mirakel. Kanskjer er det dette som her vert omtala som eit uvanleg under.  

Nokre sjukdomar skriv seg frå vonde ånder. Demonane er ekstremt destruktive.  Dei bryt ned kropp, sjel og ånd hos vertane sine, og øydelegg sosiale relasjonar.
Demonutdriving var ein velutvikla praksis i jødedomen.  Nokre hadde spesialisert seg på dette. Sønene til Skevas reiste rundt.  Det var ein risikofylt business.
Demonane lever at oppmerksamheit. Det gjer dei sterke. Eg trur desse Skevassønene hadde kome alvorleg på defensiven fordi dei fokuserte på det demoniske, og slik fekk demonane det dei ville ha, nemleg fokus.
Den må dei ikkje få. Då fangar dei oss inn. 

Når Gud manifisterer sitt nærvær mellom oss, vert demonane pressa fram. Då driv me dei ut med myndige ord.  Ikkje noko dikedarier. Me må bruka litt tid av og til. Det kjem an på kor sterke me er i Gud. Men dersom me ikkje gjev opp, må dei ut uansett. Dei har ikkje noko val. Jesu namn er ikkje magisk. Skal me lukkast med å driva ut demonar, må me vera fylte av Den heilage ande. Ånd må møtast med ånd. Det er tale om exousia og dynamis, autoritet og kraft. 

Det er veldig oppmuntrande når demonane manifisterer seg og blir drivne ut. Det er eit teikn på at Guds rike er kome til oss. Det er enormt gledeleg. 

Guds kraft var stor i Efesos. Til og med kleda til Paulus var fulle av kraft. Merkelege saker. Nokon har naturlegvis laga ein praksis rundt dette og sender rundt bøneklutar med lækjedomskraft i. Det er OK, men her er det alltid ein fare for at folk begynner å tenkja magisk. 

Demonutdriving  er ei sak for truande utrusta med Andens kraft. Markus 16.
Mange av dei truande kom og skrifta etter dette.  Skevassønene sin fiasko løyste ut otte for Gud i dei kristne. Omvendinga vart djupare. Dei reinsa heimane sine, og kom med lykkeamulettane og alle dei okkulte bøkene sine som dei så langt ikkje hadde vilja  skilja seg frå med, ting med stor marknadsverdi. Det vart eit flott bål. 50 000 sølvpengar gjekk opp i røyk og flammar. Marknadsverdien var stor, men den reelle verdien derimot var negativ. 

Så mange kristne i dag har ein overflatisk omvending. Dei bekjenner Jesus, men ligg under for syndas makt på ulike livsområde. Det er så mange ting som folk ikkje vil gje frå seg, så mange livsmønster dei synest det er vanskeleg å bryta. Det gjeld både på det religiøse, seksuelle, økonomiske og sosiale området. Ein vil gjerne tilhøyra Jesus, men ein vil ikkje leva så mykje annleis enn før, ein vil vera Guds barn, men ikkje ein etterfølgjar av Jesus. Kor mange av desse som er frelst, veit berre Gud.
Dei gamle snakka om vekking i vekkinga. Det er eit godt uttrykk. Det som hende med Skevassønene løyste ut vekking i vekkinga i Efesos. No kom den store endringa i folks liv.
Dei kom fram med svartebøkene sine og  dei skjulte syndene sine, dei som dei elska og kjela for.  No søkte dei skriftemålet. Eg trur mykje av det vart lagt fram ganske så offentleg. Det vart ei tid med åndeleg kirurgi.

Det er ikkje farleg å leggja seg på Herrens operasjonsbord. Det gjer vondt, ja, men du blir sunn og frisk av det. Når du sannar syndene dine, blir dei løfta bort frå samvitet ditt, og du opplever lækjedom, fridom og nytt frimot. Sjølvsagt. 

Men det er farleg å gå rundt med uoppgjort synd. Det er ein kreftsvulst i sjela som undergrev Andens liv i deg, fører deg bort frå Jesus og inn under Guds evige dom.
Dei som dette måtte gjelda, vil vita om det. Når du høyrer dette, skal du ikkje leita etter uoppgjort synd i livet ditt. Anden vil straks fortelja deg kva dette handlar om dersom det gjeld deg.
Når sist sanna du syndene dine? Når sist gjorde du opp med din neste? Når sist skrifta du for ein bror eller ei søster? Korleis står det til med omvendinga di? For å venda om handlar ikkje berre om å venda seg til Gud, det handlar om å venda seg bort frå synda. Kva synd synest du er OK? Kva synd vil du ha og kosa deg med? Å kosa med synda er å kosa med Bamse brakar. Han er lodden og god, men dødeleg. 

Så breidde Ordet seg ut og fekk framgang ved Herrens makt.
Når vekkinga i vekkinga kjem, og folk for alvor vert fri frå synda, så blir hjarta fullt av Gud, av kjærleik og iver. Vitnemålet om Jesus heng laust, overalt vil det vera  kristne som deler Jesus med folk, og Han er med dei og stadfester Ordet, og evangeliet har framgang ved Herrens makt. 
Det same vil skje her hos oss om me har evne til å høyra Guds ord og gjer etter det. 

Ingen kommentarer: