torsdag 2. februar 2012

Invitasjon, til kva?

Kristne forkynnarar har ein tendens til å invitera folk til Jesus på ein løgnaktig måte. Dei legg vekt på at han vil ta bort smertene for folk, fylla behova deira og gjera dei friske og lukkelege. Det er marknadsføring utan ærleg balanse.

Jesus for sin del inviterte folk med tunge bører om å koma til seg. Han ville gje dei kvile. Men kvila låg ikkje i å bli kvitt alle bører, men i det å gå i åk saman med Jesus, og bera hans bører saman med han. Dela kår med han så og seia. Jo, du får gleda av å leggja av synda hos Jesus. Den børa ville og måtte han bera åleine. Men tilbake får du omsorgen for alle syndarar. Du får ikkje gå gjennom livet utan bører.

Ein disippel kan ikkje sky smerten. Jesus seier at ingen kan ha samfunn med han utan at dei gjev opp seg sjølv, tek krossen sin opp og følgjer han. Kross er smerte og død. For nokon er det snakk om martyriet. For oss alle er det snakk om sjølvlivet og eigeninteressene. I livet med Jesus er det mangt me har kjært som me må døy bort frå. Det er disippelkåret.

Dei som inviterer folk til medlemskap i Guds rike må klårgjera både gevinst og kostnad. Det kom nokre grekarar til Jesus og ville følgja han kor han gjekk. Dei fekk til svar: "Fuglane har reir, revane hi, men Menneskesonen har ikkje ein gong det han kan leggja hovudet sitt mot." Me veit ikkje korleis dei tok ein slik bodskap. Men det var sant. Jesus hadde ikkje så mykje å by på av komfort på si vandring mot krossen. Han måtte orientera dei om det.

Kristne i dag er opptatt av komfort. Ein skal ha alt det som folk elles har av hytter og båtar og bilar eller kva det no måtte vera. Men det kan ikkje kombinerast med eit disippelliv, heldigvis.

Ingen kommentarer: