tirsdag 28. februar 2023

Maktfordelingsprinsippet under åtak

 Unge samar demonstrerer utanfor Olje og energidepartementet mot staten som ikkje vil riva dei ulovleg oppsette vindturbinane på Fosen. Høgsterett har slått fast at desse turbinane øydelegg vinterbeitet for reinen, og er eit trugsmål mot samisk kultur og levemåte i Trøndelag. Dette kallar Høgsterett for eit pågåande menneskerettsbrot. Samane er eit urfolk, og historiske har dei rettar til store beiteområder for reinsflokkane sine. Desse områda er no blitt reduserte for sørsamane i Trøndelag. 

Men staten vil ikkje riva turbinane. I staden vil dei finna ein utveg som er slik at det blir plass både til samar, rein og vindturbinar på Fosen. Men dei har ikkje kome opp med korleis det kan gjerast. Det verkar som om olje og energiminister Åsland vil snakka det heile vekk. 

Det skulle ikkje vera så mykje å lura på. Vindturbinane på Fosen er rettsstridige. Korleis kan staten attreisa retten utan å riva turbinane? Det er meir enn eg skjønar. Er maktfordelingsprinsippet i spel her? 

Noreg blir styrt etter maktfordelingsprinsippet. Stortinget vedtek lover og løyver pengar, regjeringa er den utøvande makt og Høgsterett er den øvste dømmande instans. Dersom regjeringa no kan snakka seg vekk frå ein Høgsterettsdom, er eg redd for at det kan oppfattast som ei overprøving av vår høgste domstol med den følgje at maktfordelingsprinsippet står i fare for å rakna. Det er eit enormt demokratisk tilbakeslag. 



lørdag 18. februar 2023

Skepsis til skeive?


 I går heldt kultur og likestillingsminister Anette Trettebergstuen pressekonferanse om regjeringa sin nye "handlingsplan for kjønns og seksualitetsmangfald".  Planen skal vara frå no av og fram til 2026. Med seg på konferansen hadde ho representantar frå  ein del LHBTQ+ organisasjonar. Dei var inviterte for å koma med kvar sine innspel og kommentarar. 

Handlingsplanen inneheld 49 tiltak som syner kva regjeringa vil gjera for å redusera skepsisen til skeive, betra livsvilkåra deira og normalisera det å vera skeiv. Her er det mykje snakk om å endra haldningar hos folk, og innsatsen skal setjast inn mot alle aldersgrupper (inkludert barnehagebarn) og på alle samfunnsområder. Arbeidet skal vera systematisk og omfatta alle departement. Tre grupper blir nemnde spesielt kritiske i denne samanhengen : etniske minoritetsmiljø (inkludert samane), konservativt religiøse miljø, og idrettslaga (der krava til maskulinitet tradisjonelt har vore strenge) . 

For å nå måla i planen lovar Trettebergstuen auka tilskot til LHBTQ+-rørsla. I statsbudsjettet for 2023, der alle andre samfunnsområder må finna seg i mindre pengar, kan skeive organisasjonar gleda seg over dobling av tilskot. Det vil halda fram i åra som kjem. Det syner kor høg prioritet denne saka har for regjeringa. 

Trettebergstuen har som premiss at det i konservative religiøse miljø er stor skepsis til skeive. Det gjer ho utan å syna til forskning som underbyggjer påstanden. 

Mi røynsle er at konservative kristne er like glad i skeive som i andre menneske. Spørsmålet er: Går det an å vera glad i nokon trass i at ein ikkje kan godkjenna ein person sine handlingar? Ja, det vil eg påstå. Tanken om at Gud elskar oss menneske trass i at me bryt hans bod  er faktisk fundamentet i kristendomen, og alle som kjenner Gud, tenkjer og føler som han.  

Trettebergstuen trur at konservative kristne treng meir opplysning om kjønns og seksualitetsmangfald, og vil setja inn tiltak for å auka kunnskapen deira, og trur at det vil hjelpa dei til å tenkja rett slik ho meiner det.

Men saka er at mange konservative kristne har jobba mykje med denne tematikken, og er i så måte svært opplyste, faktisk meir enn dei fleste andre i samfunnet.  Dei skriv bøker og held føredrag landet over. Når dei har landa på det uunngåelege at det berre eksisterer to kjønn, så er det ikkje ut frå manglande kunnskap om saka, men rett og slett fordi dei i si jakt på kunnskap har funne gode grunnar til å meina det dei meiner, noko som forresten ikkje er sjokkerande i det heile tatt. I denne samanhengen finn eg grunn til å nemna to personar som driv eit utstrekt informasjonsarbeid i konservative kristne miljø: Øivind Benestad i Mor-Far-Barn, og Kjell Skartveit, forfattaren av boka "Normløst". Det er få i Noreg som har så mykje kunnskap som desse når det gjeld skeiv teori og implikasjonane med å innføra skeive verdiar som berekonstruksjonar i "det norske hus". 

Det blir spennande å følgja denne saka framover. Kor langt vil regjeringa gå for å tvinga oss "avvikarar" til å underordna oss programmet deira? Kva tiltak vil dei setja inn utover det reine opplysningsarbeidet? Kva skal t.d. til for å bli rettsforfølgd? Planen er flytande, sa ministeren, ho er open for nye glupe idear om nokon skulle koma opp med noko. 

Me som definerer oss som konservative kristne trur at Bibelens Gud veit best kva som gjer oss menneske lukkelege. Me trur hans bod er gode og tenlege å leva etter. Me trur også at han elskar alle menneske like høgt, og at han har ein god plan for alle, både "rette" og "skeive". Når me sannar syndene våre, vender oss bort frå dei og søkjer samfunn med han, blir me ønskt hjarteleg velkomen heim. Me er alle skeive i den meining at me er syndarar som har kome ut av kurs, og blir rettferdige for Gud utelukkande ved trua på Jesus Kristus som gav livet sitt til frelse for verda. Han er den rette mann for oss alle. 



fredag 17. februar 2023

Menneskerettsfråsegna artikkel 13

 1. Alle menneske har rett til å ferdast fritt og til å velje bustad innafor grensene i sitt eige land.

2. Det skal også vere full rett til å reise ut or det landet ein bur i, same kva land det er, og til å vende attende til sitt eige land.

Denne artikkelen handlar om rørslefridom. Når styresmaktene vil kontrollera befolkninga si, reduserer dei  rørslefridomen. Det er svært effektivt. Slik var det i Noreg for 200 år sidan og i Kina for 50 år sidan (der folk ikkje kunne reisa ut av sin eigen folkekommune). Ingen som budde i Sovjetunionen og i Austblokklanda etter krigen og fram til 1991kunne bevega seg fritt ut av landa sine. Kommunistane stengde grensene for eigen befolkning for dei visste at dei var så pass lite populære at fekk folk reisa, så kunne det bli temmeleg folketomt etter kvart. 

Rørslefridomen er viktig også for kyrkja og den kristne misjonen. Jesus befalte oss å gå ut og disippelgjera nasjonane, og det fordrar rørslefridom. 

Det er mange regimer i dag som prøver å hindra folk i å reisa ut av landa sine, som t.d. Iran og  Tyrkia. I Tyrkia er det så dyrt å få seg pass at mange med normale lønningar ikkje har råd til å skaffa seg eit. Og iranske flyktningar i Tyrkia er låste til eit stusseleg tilvære i eit land som ikkje ønskjer at dei skal vera der. Tyrkia får store summar årleg hos EU for å halda dei der og hindra dei i å reisa vestover til Europa. Skal iranarar ut av iran, må dei ofte flykta, og då hamnar dei i Tyrkia eller Armenia. Og så er det Nord-Korea. Kim-dynastiet  har stengt grensene sine hermetisk. Ingen får reisa ut av Nord-Korea. Mange land som har ratifisert Menneskerettsfråsegna bryr seg lite om artikkel 13. 

Mange menneske er i dag også låste fast til flyktningeleirar som dei ikkje kan koma seg ut av, som t.d. karenfolk i Thailand og rohingya i Bangladesh. 

Ingen snakkar om denne artikkelen lenger, og den burde så avgjort bli tørka støv av for å sjå på kva nasjonane er forplikta på når det gjeld vanlege folks rett til fri rørsle. 

Afrikanske anglikanarar bryt fellesskapet med Den anglikanske kyrkja i England

 Generalsynoden i den anglikanske kyrkja i England vedtok torsdag 10.februar å godkjenna velsigning av likekjønna par, og bad i same rennet om tilgjeving for all den skade kyrkja opp gjennom åra har påført skeive menneske. 

Dette vedtaket er ikkje overraskande. Det har lege i lufta i mange år. 

Men det fører til djup splitting i den verdsvide anglikanske kyrkja, og  erkebiskop Dr. Laurent Mbanda i Rwanda skriv i ein uttale at dette var "spikaren i kista" med tanke på fellesskap mellom Den anglikanske kyrkja i England og Den anglikanske kyrkja i Rwanda. Den sistnemnde har klårt og tydeleg uttalt at "den monogame ekteskapet mellom ei kvinne og ein mann er det einaste rette ekteskapet".  Etter det eg har forstått meiner alle andre anglikanske kyrkjer i Afrika det same.  

Dei har mi fulle støtte, og eg er glad for det oppgjeret dei no tek med "morkyrkja" si. Navlestrengen er så avgjort kutta. No står Afrika fram som eit profetisk korrektiv til Vesten. Det er her bibelsk kristendom blomstrar og utviklar seg. Og det er her vekkinga brenn. Bibeltruskap og åndeleg vekking heng nøye saman. 

Å godkjenna og velsigna det Gud kallar synd, vil bli den anglikanske kyrkja i England sin undergang. Kyrkja som skulle føra folk til Gud, fører dei bort frå han. Det står nemleg ikkje i noko kyrkje sitt mandat at ho skal definera rett og galt. Ho skal forkynna rett og galt, og tilgjeving for alle syndarar som vender om frå det dei gjer galt. 

No er det kyrkjeleiarane som treng omvending og tilgjeving. Og afrikanarane tek på seg den oppgåva, og må dei bli lytta til, også av norske geistlege. 

søndag 12. februar 2023

Menneskerettsfråsegna artikkel 12

 "Ingen skal lide under vilkårleg innblanding frå andre, anten det gjeld hans eigen person, familie, heim, brevskifte, eller åtak på ære og omdøme. Alle har krav på at lova vernar dei mot slik innblanding eller slike åtak."

Alle forsøk på å sverta eller snakka ned eit medmenneske offentleg eller privat, er faktisk forbode. Hugs at Menneskerettsfråsegna er norsk lov.  Personåtak er blitt ei stor plage dei siste åra. Når ei sak skal diskuterast, held ikkje folk seg til saka, men for å få overtaket, dreg dei fram ufordelaktige opplysningar om motdebattanten og offentleggjer dei. Det er uetisk, og på mange måtar også hjelpelaust. Men folk som driv med dette, utøver stort skadeverk. 

Denne artikkelen slår eit slag for privatlivets fred, og etter mi vurdering bevegar deler av media seg på feil side av lova når dei luktar seg fram til pikante opplysningar om såkalla offentlege personar som dei synest det er viktig å skriva om. Også den kristne dagspressa synest vera med på dette løpet no. Det har økonomiske motiv. Personsaker sel betre enn berre saker. 

Elektroniske media har overteke for tradisjonell brevkommunikasjon. Dette aukar faren for at uærlege menneske får tilgang til sensitiv personinformasjon som dei kan bruka til skade for folk. Difor må alle alltid vera varsame med kva informasjon ein gjev frå seg på denne måten. Artikkel 12 er under stort press. Men artikkelen står der og lyser for oss. Men igjen: Få kjenner han. 

lørdag 11. februar 2023

Bibelen, ikkje kyrkja, definerer sann kristendom

 Det er ikkje kyrkja som definerer innhaldet i kristendomen, sjølv om ho alltid har prøvd på det. Hadde det vore slik, hadde me ikkje hatt nokon kristendom. Menneskelaga læresetningar og meiningar har det vore mange av i kyrkja opp gjennom åra. Men det er Bibelen som gjeld, og kan ikkje ein læresetning eller ei meining grunngjevast godt ut frå Bibelen, må dei forkastast. Den nytilsette biskopen i Bjørgvin seier ja til sjølvbestemt abort, ja til homofilt samliv og nei til evig fortaping. Alt i strid med Bibelen. I desse spørsmåla representerer ho ikkje Kristus, og bør ikkje lyttast til.