fredag 17. februar 2023

Afrikanske anglikanarar bryt fellesskapet med Den anglikanske kyrkja i England

 Generalsynoden i den anglikanske kyrkja i England vedtok torsdag 10.februar å godkjenna velsigning av likekjønna par, og bad i same rennet om tilgjeving for all den skade kyrkja opp gjennom åra har påført skeive menneske. 

Dette vedtaket er ikkje overraskande. Det har lege i lufta i mange år. 

Men det fører til djup splitting i den verdsvide anglikanske kyrkja, og  erkebiskop Dr. Laurent Mbanda i Rwanda skriv i ein uttale at dette var "spikaren i kista" med tanke på fellesskap mellom Den anglikanske kyrkja i England og Den anglikanske kyrkja i Rwanda. Den sistnemnde har klårt og tydeleg uttalt at "den monogame ekteskapet mellom ei kvinne og ein mann er det einaste rette ekteskapet".  Etter det eg har forstått meiner alle andre anglikanske kyrkjer i Afrika det same.  

Dei har mi fulle støtte, og eg er glad for det oppgjeret dei no tek med "morkyrkja" si. Navlestrengen er så avgjort kutta. No står Afrika fram som eit profetisk korrektiv til Vesten. Det er her bibelsk kristendom blomstrar og utviklar seg. Og det er her vekkinga brenn. Bibeltruskap og åndeleg vekking heng nøye saman. 

Å godkjenna og velsigna det Gud kallar synd, vil bli den anglikanske kyrkja i England sin undergang. Kyrkja som skulle føra folk til Gud, fører dei bort frå han. Det står nemleg ikkje i noko kyrkje sitt mandat at ho skal definera rett og galt. Ho skal forkynna rett og galt, og tilgjeving for alle syndarar som vender om frå det dei gjer galt. 

No er det kyrkjeleiarane som treng omvending og tilgjeving. Og afrikanarane tek på seg den oppgåva, og må dei bli lytta til, også av norske geistlege. 

Ingen kommentarer: