"Ingen skal lide under vilkårleg innblanding frå andre, anten det gjeld hans eigen person, familie, heim, brevskifte, eller åtak på ære og omdøme. Alle har krav på at lova vernar dei mot slik innblanding eller slike åtak."
Alle forsøk på å sverta eller snakka ned eit medmenneske offentleg eller privat, er faktisk forbode. Hugs at Menneskerettsfråsegna er norsk lov. Personåtak er blitt ei stor plage dei siste åra. Når ei sak skal diskuterast, held ikkje folk seg til saka, men for å få overtaket, dreg dei fram ufordelaktige opplysningar om motdebattanten og offentleggjer dei. Det er uetisk, og på mange måtar også hjelpelaust. Men folk som driv med dette, utøver stort skadeverk.
Denne artikkelen slår eit slag for privatlivets fred, og etter mi vurdering bevegar deler av media seg på feil side av lova når dei luktar seg fram til pikante opplysningar om såkalla offentlege personar som dei synest det er viktig å skriva om. Også den kristne dagspressa synest vera med på dette løpet no. Det har økonomiske motiv. Personsaker sel betre enn berre saker.
Elektroniske media har overteke for tradisjonell brevkommunikasjon. Dette aukar faren for at uærlege menneske får tilgang til sensitiv personinformasjon som dei kan bruka til skade for folk. Difor må alle alltid vera varsame med kva informasjon ein gjev frå seg på denne måten. Artikkel 12 er under stort press. Men artikkelen står der og lyser for oss. Men igjen: Få kjenner han.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar