lørdag 18. februar 2023

Skepsis til skeive?


 I går heldt kultur og likestillingsminister Anette Trettebergstuen pressekonferanse om regjeringa sin nye "handlingsplan for kjønns og seksualitetsmangfald".  Planen skal vara frå no av og fram til 2026. Med seg på konferansen hadde ho representantar frå  ein del LHBTQ+ organisasjonar. Dei var inviterte for å koma med kvar sine innspel og kommentarar. 

Handlingsplanen inneheld 49 tiltak som syner kva regjeringa vil gjera for å redusera skepsisen til skeive, betra livsvilkåra deira og normalisera det å vera skeiv. Her er det mykje snakk om å endra haldningar hos folk, og innsatsen skal setjast inn mot alle aldersgrupper (inkludert barnehagebarn) og på alle samfunnsområder. Arbeidet skal vera systematisk og omfatta alle departement. Tre grupper blir nemnde spesielt kritiske i denne samanhengen : etniske minoritetsmiljø (inkludert samane), konservativt religiøse miljø, og idrettslaga (der krava til maskulinitet tradisjonelt har vore strenge) . 

For å nå måla i planen lovar Trettebergstuen auka tilskot til LHBTQ+-rørsla. I statsbudsjettet for 2023, der alle andre samfunnsområder må finna seg i mindre pengar, kan skeive organisasjonar gleda seg over dobling av tilskot. Det vil halda fram i åra som kjem. Det syner kor høg prioritet denne saka har for regjeringa. 

Trettebergstuen har som premiss at det i konservative religiøse miljø er stor skepsis til skeive. Det gjer ho utan å syna til forskning som underbyggjer påstanden. 

Mi røynsle er at konservative kristne er like glad i skeive som i andre menneske. Spørsmålet er: Går det an å vera glad i nokon trass i at ein ikkje kan godkjenna ein person sine handlingar? Ja, det vil eg påstå. Tanken om at Gud elskar oss menneske trass i at me bryt hans bod  er faktisk fundamentet i kristendomen, og alle som kjenner Gud, tenkjer og føler som han.  

Trettebergstuen trur at konservative kristne treng meir opplysning om kjønns og seksualitetsmangfald, og vil setja inn tiltak for å auka kunnskapen deira, og trur at det vil hjelpa dei til å tenkja rett slik ho meiner det.

Men saka er at mange konservative kristne har jobba mykje med denne tematikken, og er i så måte svært opplyste, faktisk meir enn dei fleste andre i samfunnet.  Dei skriv bøker og held føredrag landet over. Når dei har landa på det uunngåelege at det berre eksisterer to kjønn, så er det ikkje ut frå manglande kunnskap om saka, men rett og slett fordi dei i si jakt på kunnskap har funne gode grunnar til å meina det dei meiner, noko som forresten ikkje er sjokkerande i det heile tatt. I denne samanhengen finn eg grunn til å nemna to personar som driv eit utstrekt informasjonsarbeid i konservative kristne miljø: Øivind Benestad i Mor-Far-Barn, og Kjell Skartveit, forfattaren av boka "Normløst". Det er få i Noreg som har så mykje kunnskap som desse når det gjeld skeiv teori og implikasjonane med å innføra skeive verdiar som berekonstruksjonar i "det norske hus". 

Det blir spennande å følgja denne saka framover. Kor langt vil regjeringa gå for å tvinga oss "avvikarar" til å underordna oss programmet deira? Kva tiltak vil dei setja inn utover det reine opplysningsarbeidet? Kva skal t.d. til for å bli rettsforfølgd? Planen er flytande, sa ministeren, ho er open for nye glupe idear om nokon skulle koma opp med noko. 

Me som definerer oss som konservative kristne trur at Bibelens Gud veit best kva som gjer oss menneske lukkelege. Me trur hans bod er gode og tenlege å leva etter. Me trur også at han elskar alle menneske like høgt, og at han har ein god plan for alle, både "rette" og "skeive". Når me sannar syndene våre, vender oss bort frå dei og søkjer samfunn med han, blir me ønskt hjarteleg velkomen heim. Me er alle skeive i den meining at me er syndarar som har kome ut av kurs, og blir rettferdige for Gud utelukkande ved trua på Jesus Kristus som gav livet sitt til frelse for verda. Han er den rette mann for oss alle. 



Ingen kommentarer: