søndag 4. mai 2025

Då høgresida hamna på venstresida


Det norske samfunnet er i dag sterkt prega av ungdomsopprøret på 1960 og -70 talet. Det starta med hippierørsla der mottoet var «make love, not war», og Woodstockfestivalen i 1969 sette standarden med rock`n roll, marihuana og fri sex. Store deler av ungdomskulla på den tida vart farga av verdiane som denne rørsla representerte. Seinare glei ungdomsopprøret over i marxisme. Og dei unge nykommunistane dominerte i studentpolitikken på universitet og høgskular der dei kjempa for eit nytt kommunistisk samfunn med eittpartisystem og staten som einaste kapitaleigar. Symptomatisk meinte dei at alle avgjerder i studentpolitikken skulle fattast i allmøter. 

Sjølv gjekk eg på Lærarhøgskulen i Bergen på denne tida. Der var dei også svært aktive. Dei gjekk til felts mot kristen formålsparagraf i skulen, og ville at materialisme og kommunisme skulle vera fundamentet for oppseding og opplæring av barn. Dei framstilte Mao Zedong sitt kommunistiske Kina som eit idealsamfunn, ville innføra kulturrevolusjon (ja, «Maos vesle raude» var ein bibel for dei). Andre favorittar i gudegalleriet deira var Pol Pot og Raude Khmer i Kamodsja (som tok livet at 2 millionar av sine landsmenn) og maoisten Enver Hoxha i Albania som også etablerte eit skrekkregime i landet sitt. Dei slost mot alt som var «borgarleg» som det livslange ekteskapet mellom kvinne og mann, økonomisk fridom og private initiativ i næringslivet, dei kjempa mot USA og kapitalismen, og AKP-ml (Arbeidarane sitt kommunistparti-marxist leninistane) ville til og med gjennomføra «væpna revolusjon» i Noreg. Dessutan såg dei på ekteskapet som ein anakronisme,  og dei kjempa intenst for fri abort (to ting som heng nøye saman). Likestilling mellom kjønna var sentralt for dei, og retten til abort var viktig også av den grunn.  Alle kvinner skulle ut i lønna arbeid, og graviditet og småbarn kunne jo hindra dei i det, og den politiske kampen for å få opp så mange barnehagar som mogeleg, handla ikkje om barna sitt ve og vel, men om kvinnene sin yrkesaktive karriere. 

Maoismen brann smått om senn ut på 1980-talet. Frukta av kommunismen i Kina vart etter kvart synleg. Under «det store spranget», som vart leida av Mao på slutten av 1950-talet, leid kanskje så mange som 45 millionar menneske sveltedauden, og under Kulturrevolusjonen frå 1966-1976, vart store deler av den intellektuelle eliten i landet rydda ut av Mao sine berykta «raudegardistar». Kor mange millionar som elles vart drepne, er vanskeleg å finna ut av. Men at det var mange, er heva over all tvil. Utover på 1970-talet vart desse rystande tilhøva gjort kjent for oss, likeeins Pol Pot sitt folkemord på 2 millionar landsmenn i Kambodsja. Det rysta verda. Og då kommunistiske troppar meia ned tusenvis av studentar på «Den himmelske freds plass» i juni 1989, dabba interessa for kommunismen ut hos norske ungdommar.  Men dette skjedde utan at dei tok noko oppgjer med dei sjuke meiningane som dei hadde målbore. Mange av dei  fann imidlertid etter kvart stille og roleg  sine politiske posisjonar i SV og AP, to parti som i dag fører mykje av tankegodset frå AKP-ml tida vidare . I tillegg sikta  mange 68-arar seg inn på NRK, avisredaksjonane, norsk skule og embetsverket i departementa, og har hatt massiv påverknad både på det som har skjedd i skulen, norsk lovgjeving og på nyheitsbilete. Sosialismen frå 1960 og -70 talet er faktisk i dag merkbar  i tradisjonelt konservative parti som Høgre, Venstre, Senterpartiet og Fremskrittspartiet. Lenge hadde dei kristendomen som plattform og ramme for sine verdiar. Men det er historie. I dag er alle desse partia for fri abort, likekjønna ekteskap, kjønnsmangfald, juridisk kjønn, flytande kjønn og «kjønnsbekreftande» behandling (og no ser det ut til at FrP også vil gå inn for surrogati i Noreg). Ingen av dei vil lenger framheva ekteskapet mellom kvinne og mann som den  einaste  rette samlivform eller kjernefamilien med mor-far og barn som den normalfamilien. Dessutan går dei alle Pridetog. Det som i si tid starta langt ut på venstresida i politikken, synest omtrent alle norske politikarar i 2025 er gode greier. Men dei står på ei ustødig plattform. Her endrar ting seg fort. Kampen for likestilling mellom kjønna er i dag truga av ein tanke om at kjønn er eit flytande fenomen, eller at kjønn er ein sosial konstruksjon eller ikkje eksisterer i det heile tatt. Takka vere tidlegare helseminister Bent Høie kan alle i dag byta kjønn med eit tastetrykk på datamaskinen. Ingen politikar (med unnatak av Jenny Klinge i Senterpartiet som er tydeleg på at oksar ikkje kan fø kalvar, og no er visstnok KrF også i ferd med å sjå at det er slik ting heng i hop)  kan lenger svara på kva ei kvinne er for noko. Det er ei sann Babels forvirring. 

Alt dette rotet kjem frå sosialismen.  Men høgresida i norsk politikk vil jo ikkje bli omtalt som sosialistiske, og kallar difor den nye politikken sin for liberalisme. Men det er og blir sosialisme, og sosialismen er anti-kristen i sitt vesen. «Religion er opium for folket,» hevda Karl Marx, og dei som har adoptert tenkemåten hans har ein tendens til å heva seg høgt over Gud og Bibelen. Men dei kjem nok til å erfara at alt og alle som reiser seg mot kunnskapen om Gud ein dag kjem til å falla. 


Ingen kommentarer: