mandag 29. desember 2008

I opphavet var Ordet

Jesus er Guds ord, skriv Johannes. Han er m.a.o. evig som Gud. Tenkte på dette i dag morgon at det første me lærer om Gud i Bibelen er at han talte, at han sa noko. Altså må Gud alltid ha hatt eit språk. Og kva er poenget med språk? Jo, det er kommunikasjon. Gud har altså i æva kommunisert med nokon. Kven var det han kommuniserte med? Sin eigen dyrebare Son. Og Sonen må ha vore ein rett så nyttig samtalepartner for han var så klok at kong Salomo seinare kalla han for "Visdomen". Og når Johannes identifiserer Jesus som Ordet, så er det denne Guds visdom han syner til. Denne kloke Sonen var i opphavet. Han har ikkje sjølv noko opphav, men var der hos Gud då alt tok til, han var der og sette alt i gong, og han var Gud.

Det er sjølvsagt ei enorm utfordring for oss menneske å tru dette. Tru at det vesle barnet i krubba var den evige Gud som i urtida skapte alt som er. Men noko mindre kan me ikkje tru dersom me skal kalla oss kristne. For så stor måtte då også den vesle Jesus vera for å vera vår frelse. Noko mindre dugde ikkje for oss. Fallet var så djupt og skaden så omfattande. Gud måtte ta det med rota og bli eit menneske for å oppfylla alle våre plikter og døy for våre synder. Berre slik kunne me bli fri. Og no er det Jesus som gjeld for oss som trur, og takk og lov for det.

At Jesus er Ordet tyder i neste omgang at me møter han i Bibelen, og berre der. Ved å tru på Bibelen, trur me på Jesus. Ved å bli kjent med Bibelen, blir me kjent med Jesus. Ved å følgja Bibelen, følgjer me Jesus osv. Ditt høve til Jesus avspeglar seg tydeleg og klårt ved ditt høve til Bibelen. Tenk litt over det.

Bibelen er ei levande bok. Våre iranske vener merkar dette klårare enn oss, for dei har vore vane med å lesa Koranen som berre formidlar bod, forbod og fordøming. Men Bibelen merkar dei formidlar kjærleik, fridom og liv. Difor elskar dei å sitja saman med meg og lesa Bibelen og prata om det me les. Dei kjenner krafta frå Gud strøyma inn i sjelene, seier dei.

Det er utruelg interessant. I går vart dei så overraska då dei høyrde at Jesus var jøde og ikkje kristen. Me snakka om at Jesus vart omskoren, og at han var fødd under lova som jøde for å oppfylla alle dei krav lova har mot oss slik at me berre ved å tru på han kan vera frie barn av Gud utan å ha eit einaste krav retta mot oss. Me prata om den gamle avtalen og den nye avtalen, om lova og evangeliet, og Anden kom til dei og openberra Guds visdom for dei, enno ein gong.

fredag 26. desember 2008

Er det rom for dei?


Familien Sajedi er hos oss denne jula. Her ser du pappa Karim, mamma Rahele og vesleguten Arsalan. (Kven andre som er her, og korleis dei ser ut, finn du ved å kikka på familienthoresen.blogspot.com) Det å ha denne familien i huset gjev feiringa vår eit ekstra perspektiv. Me har kjent det som ei kristen utfordring å ikkje stenga herberget for Jesu søsken som er på flukt. Det skulle då også berre mangla. Norske styresmakter har inga forståing for kva fåre kristne i Iran lever i, og dei har valt å mistru Karim inn til margen av hans eiga tru. Me som har vore saman med han i 3 år veit at det ikkje er mange her i verda som elskar Jesus som han. Men UDI har funne ut at han er proforma kristen som har late seg døypa i von om å oppnå asyl. Ja, slik tenkjer dei utan å ta omsyn til informasjon frå oss som veit betre. Det kan sanneleg kjennast tungt å ha med statlege forvaltningsorgan å gjera. Men me veit at han som bur i oss er sterkare enn han som bur i verda, så me held fram med å be og arbeida.
Dei trudde forresten også at Karim laug då han fortalde at han hadde vore utsett for totrur. Men me fekk ei fråsegn frå ein ortoped på Haukeland som sa at dei skadene mannen har i beina mest truleg stammar frå tortur. Men då sa dei at det hadde dei teke omsyn til i første avslaget?? Men det er ikkje sant. Den gongen skreiv dei at han laug om alt. Me står i ein livsviktig kamp for kristne søsken. Ver med oss å be, og vil du vera med å støtta økonomisk (dette kjem til å kosta), så kan du senda bidraget ditt til Kristkyrkja på Stord på konto 3520 56 15006.
Kristkyrkja fylles desse dagar med folk frå Eritrea, Iran og Afghanistan. Ja, nokre nordmenn sig faktisk til også. Det er underlege tider. Jesus openberrar seg for fleire av desse stakkars menneska gjennom draumar, og for oss er dei mogne frukter som berre lengtar etter å bli betre kjent med Frelsaren.
Eg sat ein kveld og las Matteus 2 saman med Raheleh, og me snakka om dei vise mennene som reiste frå Austerland til Betlehem for å finna og tilbe den nye kongen. Dei visste i hjarta sitt at kongen som var fødd var Gud sjølv sidan dei kom for å tilbe han. Gud fann det for godt å openberra dei inste løyndomane sine for desse heidningane. Han sende Anden til dei og forklarte dei meininga med stjerna, og Han dreiv dei av garde til Betlehem slik at dei kunne lukka Jesus inn i hjarto sine for all framtid.
Då sa Raheleh at dette på eitt vis også var hennar historie. Som ung jente hadde ho lukka Gud inn i hjarta sitt. Ho hadde ei tante som hadde fortalt henne om den gode Gud som skapte himmel og jord, og som hadde vore tilbedd og elska lenge for Allah kom inn på arenaen. "Då eg høyrde om Han, lukka eg han inn til meg, og etter den dagen har han talt til meg og rettleidd meg alltid når eg har hatt bruk for det. Men eg kjende ikkje Jesus. Eg visste ingenting om hans frelse. Men så sende Gud meg den lange vegen frå Austerland til Noreg, og her møtte eg Jesus og no forstår eg at eg må tru på han, og at han måtte bli eit ekte menneske for å kunna frelsa oss."
Ja, slik sit me og pratar om kveldane. Så ber me saman, og Gud kjem oss nær og rører ved oss med si kraft.
EI FORTSATT GOD HELG TIL ALLE LESARAR.
Som de vonleg skjønar har førjulstida vore så travel for ein pastor/lærar at det er blitt lite blogging ut av det. Men no er det ferie, og eg står opp lenge før dei andre, og då kan eg bruka tid saman med Jesus og med dykk som les dette her. Kjem snart attende med nokre fleire juletankar.
Jens


torsdag 4. desember 2008

Ny utvikling

Me jobbar hektisk med asylsaka vår. Familien treng dagleg å byggjast opp, og i tillegg handlar det om å henta inn opplysningar som kan vippa saka i rett retning. I går fekk me eit brev frå ein ortoped på Haukeland som opererte Karim i kneet for eitt år sidan. Han kan med stor grad av sikkerheit sei at skaden skuldast tortur. Det er ingen grunn til å tvila på det, skriv han. Og dette er viktig. No har me ein fagleg vurdering av ein spesialist, og den er ikkje så lett for UNE å sjå bort frå.
Dessutan jobbar me med ein interessant språkleg ting her. I avslaget står det at Karim umogeleg kunna ha vore kristen i 15 år då han ikkje visste forskjell på jul og påske. No viser det seg at UDI i røynda aldri har spurt korkje om jul eller påske. Dvs dei hadde spurt om han visste kva påske var, men den afghanske tolken hadde omsett spørsmålet slik: Viet du kva "eydeh Masih" er for noko. Karim hadde svart: Det er til minne om at Jesus vart fødd. Dermed konkluderer UDI med at han ikkje veit forskjell på jul og påske. Dette felte han som kristen. Men saka er den at "eydeh Masih" betyr ikkje påske. Det betyr "fest for Messias" , altså "jesusfest", og det kan jo like gjerne vera jul som påske. Då er konklusjonen slik: UDI spør om påske, tolken overset med "Jesusfest" og Karim svarar "jul". Dermed får UDI det inntrykket at denne mannen lyg om trua si. Forstemmande tilfeldig. Men no får me sjå. Det sig ein del gode argument til her no.

Ja, ja. Livet er hektisk. Midt oppi alt kjem alt det som dagane elles krev, både for Tove og meg. I går var det å gjera ferdig ei kjemioppgåve i samband med etterutdanning, så var det å gå musikklinja sin haustkonsert (som forresten var utruleg bra), Elise går andre året der no. Og i morgon er det til Bergen for å høyra på Kristin som har konsert med koret ho syng i. Så her er det berre å henga på. Innimellom må eg så ta litt tid å snakka med vår himmelske Far. Hans godleik overgår alt. Midt i alt det travle, må eg berre bada i hans milde ljos. Det gjer meg godt.

Kyrkjelyden blomstrar for tida. Nye folk finn glede av å vera med, og det er stort. Søndag vil eg tala om Maria og Gabriel. Det får våga seg om det eigentleg høyrer heime i februar, det er då ganske mykje advent og jul i denne teksten også. Er du interessert i å få med deg kva eg har sagt om denne teksten? Gå inn på kristkyrkja.no i laupet av søndags kveld, så vil du finna denne talen.