onsdag 28. februar 2024

Gazakrigen fører til språkoppløysing

 Du har kanskje høyrt nokon seia at Israel er ein apartheidstat, og at landet utøver folkemord i Gaza. Begge påstandane ber preg av vondsinna stempling av det einaste fungerande demokratiet i Midt-Austen med den følgje at omgrepa totalt taper si opphavelege meining. Me er i røynda vitne til språkoppløysing.

For å ta apartheidskuldinga først. Er det sant at Israel har tradisjon for segregering av og undertrykking av minoritetar i landet, slik tilfelle var i Sør-Afrika for nokre år attende. Ikkje på nokon måte.

Apartheid er rasisme. I Sør-Afrika kunne ikkje svarte gå på dei same skulane som kvite, ikkje drikka av same vasskjeldene eller eta på dei same restaurantane. Dei hadde ikkje røysterett, hadde ingen representasjon i nasjonalforsamlinga og kunne ikkje eiga land. Nokre bussar var for kvite, andre for svarte, og vart nokre i den siste gruppa alvorleg sjuke, kunne dei ikkje få hjelp på sjukehus for kvite.

Men i Israel er lova fargeblind. Jødar og arabarar har dei same rettane, dei tek dei same bussane, studerer på dei same skulane, blir handsama på dei same sjukehusa og arabarar har røysterett og kan stilla til val og få representasjon i nasjonalforsamlinga. Dei kan bli dommarar i Israel og tenestegjera i forsvaret.

Når Amnesty International framstiller Israel som ein apartheidstat på linje med Sør-Afrika før Mandela, kjem eg ikkje bort frå at dei brukar denne nemninga for å råka staten Israel så hard dei kan for å skada nasjonen sitt rykte så godt dei kan. Kvifor det? Det kan berre organisasjonen svara på sjølv.

På denne bakgrunnen er sjølvsagt all tale om folkemord i Gaza heilt utan grunnlag i røyndomen. For det første er ikkje palestinarane i Gaza eit «folk». Dei er arabarar, ein del av ei folkegruppe som lever over alt i Midt-Austen. 2,3 millionar bur i Israel. At mange palestinarar vert drepne i Gaza handlar ikkje om folkemord, men om at Hamas posisjonerer seg på ein slik måte i krigen mot Israel at sivile blir råka langt hardare enn tilfelle hadde vore dersom dei førte krigen etter krigen sine reglar.

Folkemord krev at ei etnisk gruppe systematisk prøver å ta livet av ei anna, slik som tyskarane prøvde å utsletta jødane under 2.verdskrigen, og slik som hutuane prøvde å drepa alle tutsiar i Rwanda i 1994.

Hadde Israel drive med folkemord på palestinarar, hadde alle palestinarar i Israel også vore ei målgruppe. Men det er dei jo ikkje. Dei er verna av israelsk lov akkurat som jødane i landet. 

Det ser ut til at det er heilt legitimt å devaluera språket når det berre kan råka Israel. Kvifor er det blitt slik?

Hitler sin propagandaminister Goebbels skal ha sagt at berre du repeterer ei løgn mange nok gongar, så blir ho til slutt trudd. I alle fall ser me dette demonstrert i høve til Israel i dag når ordet folkemord er på alle sine lepper som den beste måten å forstå det som skjer i Gaza på.

 

Ingen kommentarer: