I dag vil eg skriva og snakka om skuffelsar. Det er noko me alle opplever. Ingen kjem utanom. Me kan vera skuffa over oss sjølve, over andre menneske, over ting som skjer, eller til og med over Gud.
Og det er dette siste eg vil fokusera på.
I
Bibelen les me om Israelsfolket som vart tørste då dei gjekk gjennom ørkenen
saman med Moses.
Etterkvart
vart tørsten så stor at dei uttrykte harme over at Moses hadde ført dei ut av
Egypt berre for å døy av vassmangel i ukjent land.
Dei
hadde trudd på Moses sitt prosjekt, og dei hadde på underfullt vis blitt berga
gjennom Raudehavet. Dei hadde sett Guds mektige hand splitta havet i to slik at
dei trygt kunne gå over til Sinaihalvøya. Og dei må ha tenkt: For ein Gud me
har, ein Gud som elskar oss og som frelser oss frå våre fiendar. Det enda med lovsong og dans på stranda. Gleda var enorm.
Men
no var dei tørste, og alt var gløymt.
Hadde
ikkje Gud sagt at dei skulle få koma til eit land som flaut av mjølk og
honning, og så var det berre sand og stein og langt mellom vasskjeldene.
Og
så kom det over dei ein skuffelse som førte til opprørsstemning i leiren.
I
2. Mosebok 17 les me at det gjekk så langt at dei ville steina Moses.
Skuffelsen
vekte mordtankar i hjarto deira.
Skuffelsar
kan vera farlege.
Ja,
Gud gav dei vatn. Moses slo med staven sin på fjellet og vatnet strøymde fram.
Men pga dei harde og vantru hjarto sine vart israelittane straffa, dei fekk
ikkje koma inn i landet som Herren hadde lova dei. Dei måtte virra rundt i
øydemarka i 40 år.
Difor
les me slik i Hebrearbrevet 3,11-12:
Sjå til, sysken, at ikkje nokon av dykk blir vond og vantruande
i hjartet og fell frå den levande Gud. 13 Set
heller mot i kvarandre kvar dag, så lenge det heiter «i dag», så ikkje nokon av
dykk skal la seg forføra av synda og bli forherda.
Det
er ei forføring i skuffelsen, og når skuffelsane fører til at me blir fulle av
vantru, sinne og hat, stenger me Gud ute frå liva våre, og dei som det gjer,
stenger seg også ute frå Guds evige rike.
Judas Iskariot var skuffa på
Jesus. Han hadde forventa at Jesus skulle bruka dei karismatiske gåvene og
kreftene sine til å ta makta i Israel. Men det skjedde ikkje slik han hadde
forventa. I staden begynte Jesus å snakka om liding og død. Judas vart veldig
skuffa på Jesus, og skuffelsen vaks til hat og hatet til svik.
Skuffelsar er farlege greier.
Kanskje har ikkje ditt liv blitt
så storarta som du hadde ønskt deg. Kanskje har det skjedd ting som har skada
deg eller lagt alvorlege hindringar i vegen for deg, eller du har opplevd svik.
Og du
tenkjer: Kvifor let Gud dette skje med meg? Kvifor avverga han ikkje dette?
Osv.
Kjære
ven! Prise Herren. Ikkje fokuser på alt det ubegripelege, men på Jesus. Ingen
opplevde eit så djupt svik som han gjorde, ingen hadde grunn til å bli skuffa
som han, ja, det kan jo til og med henda at han kunne ha grunn til å bli skuffa
over deg. Men han slepper det ikkje inn over seg. Han nærer seg av Fars
kjærleik, og den som gjer det, blir heilt immun mot skuffelsar. Sjå på Jesus,
han som ein gong bar både deg, syndene dine og skuffelsane dine med seg opp på
krossen og frelste deg frå det alt med sitt blod, han som stod opp att frå dei
døde og som lever saman med deg kvar dag og som fyller deg ein enorm styrke og
glede som berre feier alle skuffelsar bort, for det er ikkje plass til både
Jesus og skuffelsar i livet ditt. Enten den
eine, eller det andre.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar