"Ingen må utsetjast for tortur eller grusom, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff!"
Tortur er å påføra smerte i den hensikt å skaffa seg opplysningar om tredjeperson. Det høyrer også med til tortur å truga med å utsetja slekt og vener for overgrep om ein ikkje fortel det overgriparen ønskjer å høyra.
Tusenvis av menneske vert torturerte kvar einaste dag. Amnesty International har registrert bruk av tortur i 141 av verdas land. Det er eit høgt tal, og land med tortur er ofte folkerike diktaturstatar som Kina. Over halvparten av verdas menneske bur i land der tortur er vanleg praktisert. Sjølv om Kina og alle andre land som driv på med dette har ratifisert Menneskerettsfråsegna, bryt dei henne systematisk utan at nokon stiller dei til ansvar. Kristne og andre religiøse minoritetar i Kina er dagleg utsette for dette, og i særleg grad gjeld det dei muslimske uighurane nord i Xinxiang-provinsen.
Kristne og opposisjonelle i Iran vert i stor grad utsette både for tortur og nedverdigande og skadelege soningstilhøve. Dei får gjerne lite mat og vatn, kvinner blir utsette for valdtekter, blir dei sjuke blir dei nekta tilsyn av lege, cellene er gjerne utan vindauga og det psykiske presset mot dei er massivt.
Som kristne kan må me søka informasjon om denne type urett, og læra oss å protestera kraftfullt. Her er det ingen fridom og tryggleik som me las om i artikkel 3, berre tvang og redsle.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar