torsdag 19. november 2026

Pakt med døden

 Det står nokre underlege og aktuelle ord i profeten Jesaja 28,14-15: 

14 Difor, høyr Herrens ord, de spottarar

som herskar over dette folket i Jerusalem!

15 For de seier:

«Vi har gjort pakt med døden

og gjort avtale med dødsriket.

Når flaumen kjem fløymande,

skal han ikkje nå oss.

For vi har gjort løgn til vårt ly

og gøymt oss bak svik.»

Heldigvis fekk ikkje forslaget om å setja ned ein offentleg kommisjon for å utarbeida ei utgreiing av aktiv dødshjelp i Noreg fleirtal i Stortinget. Det hadde vore å starta utarbeidinga av ei pakt med døden. 

Det er underleg kor stort trykk det er på denne saka no, og "frivillig livsavslutning" bli av Venstre og FrP framstilt som humanitet, som den beste helsehjelp for lidande menneske. 

Men her spelar språket ei viktig rolle. Kva ville skjedd om dødshjelp (det er jo alltid flott å hjelpa folk) vart kalla pasientdrap? For det er jo DET dette er. Ja, då hadde kanskje ikkje vore så lett å røyste for eit slikt forslag for nokon som helst. For drap kling ikkje så godt som hjelp. 

Difor lagar ein eit språk fullt av løgn og svik slik at døden blir ein ven. Men Bibelen er krystallklår: Døden er ein fiende som gjer oss utilgjengelege for kvarandre, og det er Kristus som har fått nøklane til døden og dødsriket, ikkje helsevesenet. 

Døden får nok, og abortlova er ei pakt med døden som sikrar han levering av 40 norske barn dagleg. Me treng ikkje fleire slik avtalar med dødsriket.  

onsdag 18. november 2026

Dødshjelp

Dødshjelpdebatten reiser seg med jamne mellomrom, og for kvar gong det skjer, jo heftigare blir det. 

Bakgrunnen denne gongen er eit forslag frå Venstre i Stortinget om å få saka utgreidd. Heldigvis vart dette nedstemt i går. Men trykket aukar. 

"Dødshjelp" eller "friviljug livsavslutning" som det så fint heiter, er ein forførande språkkonstruksjon. Reine drap blir framstilt som noko positivt og humant. Det er djevelske forføringar med røter attende til Edens hage. 

Språket vårt skal jo skildra røyndomen slik han er, ikkje tilsløra. Men det å produsera nyord som skal gjera det negative til noko positivt, er ein gamal kunst som er aller best skildra i George Orwells kjende roman 1984. 

Det er no viktig å halda fast på nokre enkle prinsipp: Helsevesenet skal tilby livredning, lækjedom, smertelindring og trøyst, ikkje livsavslutning. Skal det gjerast, må andre instansar på banen.