torsdag 19. november 2026

Pakt med døden

 Det står nokre underlege og aktuelle ord i profeten Jesaja 28,14-15: 

14 Difor, høyr Herrens ord, de spottarar

som herskar over dette folket i Jerusalem!

15 For de seier:

«Vi har gjort pakt med døden

og gjort avtale med dødsriket.

Når flaumen kjem fløymande,

skal han ikkje nå oss.

For vi har gjort løgn til vårt ly

og gøymt oss bak svik.»

Heldigvis fekk ikkje forslaget om å setja ned ein offentleg kommisjon for å utarbeida ei utgreiing av aktiv dødshjelp i Noreg fleirtal i Stortinget. Det hadde vore å starta utarbeidinga av ei pakt med døden. 

Det er underleg kor stort trykk det er på denne saka no, og "frivillig livsavslutning" bli av Venstre og FrP framstilt som humanitet, som den beste helsehjelp for lidande menneske. 

Men her spelar språket ei viktig rolle. Kva ville skjedd om dødshjelp (det er jo alltid flott å hjelpa folk) vart kalla pasientdrap? For det er jo DET dette er. Ja, då hadde kanskje ikkje vore så lett å røyste for eit slikt forslag for nokon som helst. For drap kling ikkje så godt som hjelp. 

Difor lagar ein eit språk fullt av løgn og svik slik at døden blir ein ven. Men Bibelen er krystallklår: Døden er ein fiende som gjer oss utilgjengelege for kvarandre, og det er Kristus som har fått nøklane til døden og dødsriket, ikkje helsevesenet. 

Døden får nok, og abortlova er ei pakt med døden som sikrar han levering av 40 norske barn dagleg. Me treng ikkje fleire slik avtalar med dødsriket.  

Ingen kommentarer: