mandag 25. mai 2009

Jesus, islams profet?


Det er ikkje til å tru, men nokre muslimar har på ei utstilling i Oslo om islam laga til ein monter med headingen JESUS, ISLAMS PROFET, og dronning Sonja møtte med hijab for å opna utstillinga.

Og eg må spørja: Kvifor let dronning Sonja seg bruka til slik historieforfalsking som dette? Jesus er jo ikkje islams spesielle profet. Islam vart jo grunnlagt 600 år etter Jesu himmelfart.

Jo visst veit eg at Isa (Jesus) har ei høg stjerne i islam. Mellom profetane er han nr. 7 i rang. Men islams Isa er ikkje vår Jesus. For me sannar at Jesus er Guds levande Son, sann Gud komen i kjøt og blod for å frelsa oss menneske. For oss er Jesus desidert nr. 1, og hans namn er over alle andre namn som nemnast kan i denne verda og i den som kjem. Og sanninga er: Kristne som hevdar at Jesus er den einaste vegen til Gud blir forfølgde og trakasserte i mange muslimske land i dag.

Hadde Jesus vore islams profet ville verda sett annleis ut. Muslimane ville lest Bibelen og ikkje koranen, og dei hadde vore forløyst frå syndene sine og fødde på nytt til eit liv i sjølvoppofrande kjærleik til alle menneske. Dei ville audmjukt ha falle ned for han og bede han om nåde og ope teke avstand frå hat, hovmot og løgn som no i stor grad pregar tilhengarane av islam.

Så lat oss vona at det ein dag skjer at Jesus verkeleg blir profet for alle dei som no er tilhengarar av islam. Og ikkje berre profet, men Herre, frelsar, konge og Gud. Då vil det vera von om ei betre verd.

Eg leikar med tanke: Kva ville hendt om me som kristne på ein eller annan måte stal Muhammed frå islam og sa at han eigentleg trudde på den kristne Jesus? Ordet blasfemi ville ikkje vore langt unna, og det hadde vorte ein svær diskusjon om såre kjensler osv.

Men ytringsfridomen er jo viktig. Det har me forstått. I ytringsfridomen sitt namn kan ein presentera kva det skal vera, lygn eller sanning. Men dronninga vår treng no vel ikkje setja to strek under fanteriet!

søndag 24. mai 2009

FrP og "aktiv dødshjelp"

FrP har på lanfsmøtet sitt vedteke å gå inn for aktiv dødshjelp. Det skuffar meg enormt. Formannen i Den norske legeforening seier at det er eit kvantesprang i tenkinga når eitt menneske (legen) får rett til å ta livet av eit anna. Legen, seier ho, skal ikkje koma til ein pasient for å drepa, men for å berga. Der er eg heilt samd med henne. Men snakkar ho sant? Nei, ho gjer ikkje det. For me har i dette landet hatt sjølvbestemt abort i 30 år, og abort er jo ikkje noko anna enn brutalt drap av små mennesker. Aktiv dødshjelp er på sett og vis ei logisk vidareføring av sjølvbestemt abort. Abortlova privatiserer makta over liv og død i livet si startfase. Ei eventuell lov som sikrar retten til å døy når ein kjenner seg klar for det, privatiserer livet i sluttfasen. Men lova om retten til sjølvbestemt abort er mykje verre enn den lova som måtte koma med FrP, for abortlova gjev ei kvinne og ein lege rett til å drepa ein person som ikkje får høve til å uttala seg. Slik sett er abort simplare enn denne dødshjelpa. Men begge handlingane er heidenske i sin grunn. Og problemet vårt som overtydde kristne er at me snart berre har heidenske parti å forhalda oss til.

Dessutan er eg heilt samd med leiaren av legeforeningen som ottast at den som har rett til å døy når livet vert for belastande, fort vil kjenna på plikt til å døy når hans eller hennar liv vert for belastande for andre.

Det er underleg at slike grunnleggande ting som dette kan vedtakast utan skikkeleg saksførebuing og debatt på eit partilandsmøte. Det er berre så hovudlaust som ein kan få det. Konklusjon: FrP er ut for meg.

torsdag 21. mai 2009

Endeleg heime


Me er komne til Kristi himmelfartsdag. Få frikyrkjer feirar denne. Heller ikkje me i Kristkyrkja. Det burde me vel helst ha gjort. For dette var den største dagen i Jesu liv, dagen han under heile sitt jordeliv såg fram til, dagen då han skulle sameinast med Far sin som han elska over alt. Tenk for ein fest det vart i Guds himmel då Jesus kom tilbake. Det var som tusen julekveldar. Englane hadde gledd seg til dette heilt sidan Jesus steig ned på jorda. Lydig og viljug hadde Jesus gjort opp for syndene våre, og no kunne han reisa heim i triumf. For ein dag det var for han og alle himmelske skapningar. Han seier sjølv at englane feirar stort når ein syndar vender om til Gud. Kva måtte det vel då bli når sjølve frelsaren kom heim? Det må ha vore fantastisk for dei.

Har denne dagen så noko meining for oss? Ja, avgjort. 1) Jesus er no vår talsmann hos Faderen, ei soning for våre synder, skriv Johannes i sitt første brev. Han er i sin eigen person mi og di frelse. Heile vår framtid er forankra i Kristus himmelen. Det er viktig at du fattar dette, for her har du ei god hjelp mot mang ei anfekting. Djevelen kan lett vippa deg og meg av pinnen, men han kan aldri få gjort noko med Jesus, og di og mi frelse er forvart i han og ikkje i oss sjølve. 2) Jesus ber for oss. Dersom me hadde fortsått verdien av Jesu bøneliv, ville me ha blitt forundra. For saka er den at hadde det ikkje vore for hans bøner, ville kyrkja for lengst vore historie. 3) Han er no innsett som konge over kongane og Herren over herrane, og alle med styringsansvar gjer rett og lurt i å bøya seg for han og prisa han som står over alle, og som alle skal stå til ansvar for, frå mødre og fedre til presidentar og statsministrar.

Som kyrkje er det vår business å hevda Jesu herredøme. Me skal kalla folk og folkeslag til tru og etterfylging. Det er ikkje ei oppfordring, dei fleste kristne ser ut til å tru det, og då let dei oppfordringa liggja, det det er ei befaling gjeven av kong Jesus. Det verkar for meg som om me som kristne treng ei heilt ny forståing av dette. Må Den Heilage Ande koma over oss og gje oss den rette forståing av kven Jesus er og kva han har befalt oss å gjera.

torsdag 7. mai 2009

Gud i aksjon mellom flyktningar

Ei ung kurdisk kvinne spurde meg her om dagen: "Kan du snakka med mor til......Den siste tida har eg prata med henne om Jesus. I starten var ho avvisande. Men så har ho møtt Jesus i to draumar, og han sa til henne at ho skulle ta kontakt med pastor Jens for å få svar på spørsmåla sine."
Slike ting blir meir og meir vanleg å oppleva mellom muslimske flyktningar. Gud talar til dei gjennom draumar, og når det skjer, vekkjer det interesse for evangeliet hos dei. Jesus vert i høgste grad eit aktuelt alternativ. Ikkje så å forstå at dei tvert vert kristne, men dei vil gjerne læra meir om Jesus, kven han er og kva han har å gje.
To gongar har eg vore på besøk hos kvinna no. Ho fortalde meg i detalj om draumane sine, og ho har no fått eit nytestamente på sitt eige språk. Andletet hennar lyste opp då ho begynte å lesa. Dette var nytt for henne. Muslimane sin Allah kan jo berre snakka arabisk. Men vår Gud kan uttrykka seg på alle språk. Augo hennar stråla då ho sto der med boka i handa og las.
Ved mitt siste besøk (i går kveld) var dei to sønene hennar også heime. Dei er i tenåra, og på veg til å bli høgreiste flotte unge menn. Me kosa oss saman over ein kopp te, og mora fortalde dei om kvifor dei hadde ein gjest. Då ville dei gjerne høyra kva eg hadde å fortelja dei, og det synte seg at døra inn til hjarto deira var vidopen. Dei hadde aldri før høyrt slike ting som dette. Dei visste litt om Jesus, men ikkje at han kunne hjelpa dei mot Guds dom. Ikkje ein gong Muhammed hadde vilja påta seg ei slik rolle då han ein gong fekk spørsmålet om saka frå ein nevø.
Dei ville gjerne sleppa Jesus inn i hjarto sine med ein gong. Men me vart samde om at dei først skal sjå Jesusfilmen, lesa saman i Jesusboka, og bestemma seg når dei har fått tenkt seg skikkeleg om.
Kvifor deler eg dette med dykk? Fordi eg vil at me som kristne skal sjå Guds finger og plan i dei folkeforflytningane som skjer i denne tida. Han sender mennesker til oss frå muslimske land for å tala til dei gjennom oss som kjenner Han. Me (Kristkyrkja på Stord) har dei siste åra invistert mykje tid og ressursar i å arbeida med flyktningar, og har fått døypt 9 av dei, og av dei var 6 muslimar.
Det byr både på gleder og sorger å ha med desse menneska å gjera, mange er treumatiserte og dessutan har norske utlendingsstyresmakter ein lei tendens til å leggja steinar til børene deira. Men Gud har ein agenda med dei, og den er det fantastisk kjekt å få vera med å fremja.
Det er sikkert eit asylmottak ikkje så langt frå der du bur.....

onsdag 6. mai 2009

Gud og samfunnet

Det må vera ytterst problemfylt for ein kristen å stenga Gud ute frå politikken. Kvar søndag sannar me at me trur på Gud Fader, den allmektige som skapte himmel og jord. Men ved å ikkje blanda kristendom og politikk, går ein rett og slett imot Guds allmakt. Men Gud sjølv krev faktisk all makt i våre personlege liv, i kyrkja, i samfunnslivet og dermed i politikken. At ikkje-kristne vil utfordra han på dette, skal me ikkje undra oss over. Men eg undrar meg over at kristne politikarar også stenger Gud ute. Når dei ikkje vil gje han autoritet, kan dei heller ikkje rekna med hans hjelp. Og den kunne dei ha trengt.

Bak all politikk ligg tru, etikk og filosofi. Ein kristen og ein hindu tenkjer totalt ulikt om samfunnsstyringa fordi den filosofiske overbygninga deira er totalt ulik. Difor er det heilt hovudlaust når Inger Lise Hansen seier at Kristeleg Folkeparti må skilja kristendom og politikk. Det som då skjer er at ho vel seg ein ny filosofisk overbygning for politikken sin, og det ho landar på vert truleg ein liberal humanisme som alltid tek utgangspunkt i kva menneske føler er rett for seg når ein skal vurdera kva som er rett og galt. Og slike tankar endar jo alltid i personlege tragediar: Du tek abort fordi du føler det er rett for deg i din livssituasjon, eller du av ein eller annan grunn vel å forlata ektefelle og barn fordi dei på ein eller annan måte "står i vegen" deg og dine personlege framtidsplanar/draumar.

For ein kristen må det å æra Gud i alt ein held på med vera det sentrale, og ein kristen politikar kan ikkje æra Gud på nokon annan måte enn å la hans ord gjelda for den politikken ein ynskjer å følgja. Det må føra til ein heilhjarta kamp for det ufødde livet, for ekteskapet mellom kvinne og mann, for familien, for enkjer og farlause, for fattige og flyktningar og heimlause, for menneskerettane, og samstundes ein like heilhjarta kamp mot fosterdrap, homoseksuelle samlivsformer, hjarteløyse og all undertrykking av forsvarslause menneske. Og alt dette er vel grunngjeve i Bibelen. Dette ligg vår Gud på hjarta.

tirsdag 5. mai 2009

Kristendom og politikk

Nestleiar i Kristeleg Folkeparti, Inger Lise Hansen, sa på landsmøtet som vart halde denne helga at ein ikkje må blanda kristendom og politikk. Dette er så pass spesiell uttale at eg lurer på om ikkje Hansen har vald seg feil parti, i og med at dette paritiet faktisk vil vera eit kristent parti.
Når ho sa det ho sa, kjem det av at ho ikkje vil at det som Bibelen seier om homofilt samliv skal vera gjeldande for kva partiet seier om saka. KrF vil gjerne opna forpliktande partilhøve mellom homofile (partnerlov), dei skal berre ikkje få lov å gifta seg og få rett til kunstig befruktning og adopsjon.
Men saka er at eit kristent parti ikkje kan gå inn for legitimering av noko som Bibelen kallar synd. Gjer partiet det, er det ikkje lenger eit kristent parti. Då er det berre namnet attende.

Slik det ser ut no går KrF frå å vera eit kristent parti til å bli eit vanleg profant parti som meir og meir tilpassar seg tida sine motemeiningar. Dette er ei utvikling som har pågått lenge. Det starta med Kjell Magen Bondevik som formann og forsterka seg under Valgjerd Svarstad Haugland sitt leiarskap. Eg vona at Dagfinn Høybråten ville reversera utviklinga. Men anten er han for svak eller så vil han ikkje.

Martin Luther lærte oss å tenkja i to regiment, det verdslege og det åndelege. Men det som KrF-politikarane synest å gløyma er at begge regimenta er Guds, og at politikarane står ansvarleg innfor Gud med korleis dei skjøttar verva sine. Politikken tilhøyrer skaparteologien. Denne er ein like viktig del av kristendomen som frelsesteologien.

I kyrkja er det Guds nåde i Kristus som tel, men i samfunnslivet elles: Guds lover. OG DESSE LOVENE ER GODE FOR ALLE MENNESKE, BÅDE FOR KRISTNE OG IKKJE-KRISTNE, og difor må eit kristent parti kjempa for at desse lovene skal gjelda om det skal kunna kalla seg eit kristent parti.

Når eit folk respekterer og følgjer Guds gode lover, kallar det Guds velsigning ned over seg. Men dersom eit folk set desse lovene til sides, misser det Guds velsigning og vern, og utfordrar Guds dom.

Dette bør vera fokus for eit kristent parti.

Politikk er i all hovudsak etikk. Og dersom KrF ikkje lenger vil henta korrektiv og inspirasjon frå Bibelen når partiet formar ut politikken sin, kor skal dei då venda seg?

KrF er inne i ei avgjerande tid. Det er med sorg er registrerer at dei bevegar seg bort frå Gud og dei kristne grunnverdiane. Måtte leiinga snu og som Daniel i si tid gjorde, kompromisslaust venda seg mot himmelens Gud same kva verda rundt måtte meina om den tingen.