onsdag 17. april 2024

Evangelisering og disippelgjering

 Alle som trur på Jesus er også hans vitner, og alle kristne har kall til å vitna om Jesus for verda, vinna disiplar og fostra dei til å bli misjonærar. 

Jesus sa ein gong til Peter: "Følg meg, så skal læra deg å fanga menneske!" 

Det er nærliggjande ut frå dette ordet i Lukas 5 å tru at alle som følgjer Jesus vil læra seg dette. Og det er nærliggjande å tenkja at kristne som ikkje vinn menneske for Kristus, i det minste dei som ikkje ein gong prøver på det, eller er opptekne av det, ikkje eigentleg følgjer Jesus. 

Det følgjer jo logisk av det faktum at Jesus var levande oppteken av å vinna menneske for himmelen. Han sa: "Menneskesonen er komen for å oppsøkja dei bortkomne for å frelsa dei." Lukas 19:10. Hans eterfølgjarar må då vera med han på denne oppsøkjande verksemda. 

Me les om det i alle evangelia: Dei som vart kalla til å følgja han, vart med han ut på søk. Ved to høve vart dei sende ut til byar og landsbyar for å praktisera det dei hadde lært utan at han var med dei: Dei skulle forkynna evangeliet, lækja sjuke, vekkja opp døde og setja forgjorde fri, noko dei også gjorde, og dei kom glade tilbake. Det fungerte. Det høyrer med til soga at Jesus ikkje sende dei ut i eiga kraft. Han utrusta dei til å gjera det som elles ville ha vore heilt umogeleg for dei. Det står at Jesus kalla disiplane til seg, og "gav dei makt til å driva ut ureine ånder og lækja all sjukdom og plage." Matteus 10:1.

Alle som vigslar liva sine til Jesus, kan få rekna med å bli utrusta til teneste, og det er både godt og naudsynt. 

På pinsedagen, 50 dagar etter Jesu himmelfart,  kom Den heilage ande til jorda med eit sterkt utvida mandat. Det var ein klar logisk grunn til dette. Sidan Jesu frelse var og er universell, måtte Anden ausast ut over alt kjøt, for utan Anden kan ingen koma til Kristus og ta imot frelse. Dei må overtydast i hjarto sine, og det er berre Anden som kan det. Når han er til stades medan folk høyrer Guds ord, berører det hjarto deira djupt og fører dei til omvending og tru. Alle som tek imot Jesus, får dei Anden som eit pant i hjarto sine på at dei tilhøyrer Gud, og han bli i dei som ven, rådgjevar, inspirator og ei uutømeleg kraftkjelde. 




Ingen kommentarer: