torsdag 4. april 2024

Pasientar utan livsrett

 Helseminister Ingvild Kjerkol har, ikkje overraskande, bestemt seg for å leggja fram forslag til ny abortlov for Stortinget. Her blir grensa for sjølvbestemt abort utvida til veke 18.

Det er å gå i feil retning. Det er behov for ei ny abortlov, ja, men då til ei lov som definerer at fosteret har rett til liv, og at samfunnet har plikt til å verna livet mot overgrep.

I Politisk kvarter (NRK) 4.april sa ministeren at alle slags fosterundersøkingar var av det gode, for då kan det bli avdekka sjukdomar som kan kurerast på fosterstadiet. Det betyr at fosteret skal ha pasientrettar, men ikkje livsrett. Det skal ha rett til å bli lækt, men ikkje rett til å overleva. Kor i all verda er logikken her då? Kjerkol seier, saman med eit kor av stemmer frå høgre og venstre, at kvinna er den som er best i stand til å avgjera om barnet skal få leva eller ikkje. Men det er ikkje eit spørsmål om kven som er best i stand til å ta ei slik avgjer, ei slik avgjer tek me rett og slett ikkje. Me tek ikkje livet av barn i dette landet. Barna må få livsrett, uansett kven mora er. Lat barna få leva, bli fødde, veksa opp, utdanna seg, gifta seg, få barn, stifta familiar, tena samfunnet og døy når tida er inne for det. Det skulle ikkje vera for mykja å venta seg det, skulle det vel?

Ingen kommentarer: