søndag 29. april 2012

Med Jesu læresveinar på fisketur



Jesus ville møta læresveinane sin i Galilea. Dei gjekk dit. Medan dei venta på han, drog dei på fisketur. Det skjedde om natta då fisken pla koma til overflata. Men dei fekk ingenting. Då sola rann, rodde dei mot land. På stranda sto Jesus. Han bad dei kasta nota ut på høgre sida av båten. Då fekk dei så mykje fisk at nota heldt på å rivna. "Det er Herren!" sa Johannes. Peter vart vill av glede og hoppa då på sjøen og sumde og vassa inn til Jesus, hans store kjærleik. Dei andre drog fisken til lands. Det var 153 fiskar. På stranda hadde Jesus laga eit bål. På dette bålet grilla dei nokre av fiskane, og dei kunne setja seg å eta og drøsa.

Kva lærer me av denne forteljinga?
1) At Jesus lever, og at han er til å stola på. Han sa: Eg skal møta dykk i Galilea, så møtte han dei der.
Til oss har han sagt: Eg møter dykk i mitt ord og i det kristne fellesskapet. Det kan du stola på. Men du treng ikkje leita etter han andre plassar, for då vil du ikkje finna han.

2) Jesus kjem til oss og finn oss når me er åndelege desorienterte. 

3) Me lærer at det er lurt å lytta til Jesus og gjera det han seier. Han visste kor fisken sto, og han veit løysinga på alle dine og mine problem. Korleis lyttar me til Jesus. Ved å vera i stille bøn, gjerne over ein open bibel.

4) Me, som læresveinane, er kalla til å fiska menneske. Jesus veit kor dei mottakelege er. Når me held på for oss sjølve, lukkast me ikkje. Let me den oppstadne Jesus leida arbeidet, blir det gode resultat.

5) Sanne kristne elskar Jesus og blir dregen mot han med uimotståeleg kraft, slik som Peter.  Peter beundra Jesus. Eit anna ord for beundring er tilbeding.

6) Midt i arbeidet med å vinna menneske for Gud, lagar Jesus kosestunder for venene sine. Han samlar oss rundt seg og deler av seg sjølv med oss. Då kan det bli ganske muntert.

Herre Jesus Kristus! Du vil alltid møta oss som trur på deg. Når me kjem til deg i stille bøn over ein open bibel, så er du der og talar til oss. Når me samlast i ditt namn, så er du midt i mellom oss for å tena og utrusta oss til å fanga menneske. Hjelp oss å vera trufaste vitne, og før oss til dei som er motiverte for å ta imot din kjærleik. Amen.