mandag 2. april 2012

Normenn flest trur ikkje på eit liv etter døden. Kva seier det oss?

Berre 12 prosent av alle nordmenn trur på eit liv etter døden, syner ei ny undersøking. Korleis skal me tyda eit slikt  tal?

For det første: om ingen som helst trur på eit liv etter døden, seier det ingenting om livet etter døden. Ei heller om alle trudde på det. For folk flest har ikkje peiling på slike ting. Korleis skulle dei ha det?

For å ta eit døme: Lat oss seia at du for totusen år sidan spurde romarane om dei trudde Mars var ein planet som det sveiv to månar rundt, ville ingen svara positivt på det spørsmålet. For romarane var Mars med blodfargen sin ein gud som inspirerte dei til krig, og det var jo ingen månar å sjå i nærleiken av Mars, og me trur jo berre det me ser, ikkje sant? Svaret hadde vore like upåliteleg om du spurde dei om Månen var kulerund eller pannekakeflat. Altså, folk hadde jo ikkje peiling. Korleis skulle dei ha det?

Sanning er alltid positiv. "Me kan berre tru på det me veit, eller det me trur me veit", sa ofte tidlegare redaktør i Dagen, Arthur Berg. Han var ein stor apologet.

Difor kan ingen seia: "Eg trur ikkje Gud, det evige livet, den evige døden eller julenissen eksisterer," utan å kollidera med logikken sine lover. Det er liksom så lettvint å fortelja kva ein ikkje trur på. Men det er uinteressant. Det interessante er å få vita kva folk faktisk trur på, og kvifor dei trur akkurat som dei trur.

Når ein seier: "Eg trur ikkje på Gud osv" forpliktar det lite og ingenting. Ingen stiller det til ansvar for kva du ikkje trur på. Verre er det når du skal fortelja kva du faktisk trur på og kvifor. Då må ein nemleg til å med å tenkja ein smule.

Lat oss seia at ein god nordmann sa det slik: "Eg trur på materien, molekylane, det som kan vegast, målast, takast på, smakast på, luktast på, utnyttast og nytast. Det er det eg trur på."  Ein slik person er rein materialist. Det er OK. Men når denne trua skal grunngjevast dukkar deg opp store vanskar. Då vil ein samtalepartnar kunna spørja: "Trur du ikkje på kjærleiken og rettferda?" Kjærleiken og rettferda er jo ikkje ein del av materien, det er immaterielle verdiar, krefter som berører materien, og på mange måter står over materien.

Så syner det seg at dei fleste materialistar faktisk også trur på kjærleiken og rettferda, og då er dei ikkje materialistar likevel, dei er nesten teistar, for avstanden mellom kjærleiken og rettferda og Gud er veldig, veldig liten.

Min påstand er den at når alt kjem til alt trur alle menneske på Gud. Det skal berre eit lite mirakel inn i liva deira til for at dei let seg begeistra av han og stasar livet på han. Det har eg sett. Då sprett bøna fram frå sjelslivet til den mest hardbarka ateist, og han vert fascinert av Gud, og trykkjer han til hjarta som den Far han er for oss alle.

At berre 12 prosent av nordmennene trur på eit liv etter døden, fortel oss berre at kyrkja i Noreg ikkje når jobben sin. For trua kjem av forkynninga, og forkynninga ved Kristi ord.

Som kristne må me ut med Ordet, Guds kjærleik og Guds kraft, så begynnar trua og håpet igjen å leva i folk i by og bygd.




Ingen kommentarer: