mandag 29. august 2011

Guds ord og menneskehjarta

Menneska reagerer på 4 ulike måtar når dei høyrer Guds ord forkynt. Nokre avviser det utan den minste ettertanke. Å dela Guds ord med slike menneske er som å skveitta vatn på gåsa, det prellar av utan å trengja inn. Djevelen røvar det ut av hjarto deira før det får gjera inntrykk.

Andre tek imot Ordet med glede når dei høyrer det, men trua deira blir av den overfladiske sorten. Det blir ingen transformasjon. Ordet smeltar ikkje saman med dei, dei brenn ikkje alle bruer bak seg, vil gjerne vera vener med alle og tek ikkje eit skikkeleg oppgjer med det gamle livet. Puttar berre Jesus inn på toppen av alt det andre. Dei vil ha både verda og Gud, og når dei vert utfrodra på å ta stilling, fell dei lett frå, og det som vart ein god start hos dei, vart aldri noko meir enn det.

Så er det alle som opplever ei gjennomgripande omvending, ei reell forvandling der dei verkeleg får smaka Guds godleik i sjela, men som likevel gjev opp samfunnet med Gud fordi livet vart for krevjande. Dei tek på seg så mange oppgåver, låner for mykje pengar, rotar seg borti ting som det var vanskeleg å koma seg ut or. Elden sloknar og trua kvelest, og ein vert framand for Gud.

Men for nokre går det bra. Dette er folk som tek vare på Guds ord i eit vakkert og godt hjarta. Kva særpregar desse? Det er folk som lyttar og les, som praktiserer og deler ordet med andre, som lukar ut ugras frå liva sine, som legg seg inn under Guds plog og får snudd i hjartejorda så det skjulte kjem for dagen. Det kallast skriftemål, anten for Gud eller for ein bror eller ei søster. Jakob seier: "Sanna difor syndene for kvarandre så de kan bli lækte!"

Dersom me ikkje gjer dette, vert hjarto våre harde og uimottakelege for Guds ord og Guds gåver. Heller ikkje Andens velsigning kan trenga ned i hardpakka jord. Men er hjarta porøst og bearbeida av Ordet, veks det fram gode frukter når Anden vatnar godt tilsådd jordsmonn.

Ingen kommentarer: