lørdag 13. august 2011

Forfølgd

Det er mange former for forfølging. Lukkeleg er den som vert forfølgd av Gud. Profeten Jona i Bibelen vart det. Han ville ikkje gå for Gud og gjera hans vilje. Ikkje fordi han ikkje torde, men fordi han ikkje ville at menneska i Ninive skulle venda om frå sine synder og bli sparde. Difor prøvde Jona å reisa bort frå Herrens åsyn, som det vert uttrykt.

Men det nytta ikkje. Han vart forfølgd, av Gud. Lukkeleg er den som opplever det. Me seier gjerne at den som vil gå frå Gud, får få. Men dette er ikkje heilt sant. For Gud let ikkje sånn utan vidare ein av sine kjære gå ut av hans plan og fellesskap. Han går etter.

David vitnar slik i Salme 23: Berre miskunn og godleik skal følgja meg alle mine levedagar. I ein gamal omsetjing står det "etterjaga" i staden for følgja. David vart forfølgd av Guds miskunn og godleik. For eit privilegium.

Kyrkjefar Augustin opplevde det også. Han reiste frå Tagaste i Nord-Afrika til Milano for å koma unna mor Monika sine stadige formaningar om å søkja Gud.

Men mor Monica reiste berre etter sonen sin. Han kom ikkje unna korkje henne eller Gud. Det enda med at han vart fanga av evangeliet. Det er sterkt å lesa vitnemålet hans i boka Confessiones, "Bekjenningar". Forfølgd av Gud.

Er du der? Du skulle så gjerne blitt kvitt han, men det går berre ikkje. Du er eit lukkeleg menneske. Berre kapituler med ein gong og overgje deg til han som har skapt deg, elskar deg over alle grenser og som vil bruka deg til fantastiske ting. Lukke til!

Ingen kommentarer: