søndag 7. august 2011

Guds dom 1

Eg er blitt utfordra til å skriva noko om Guds dom. Spørsmålsstillinga er: Kan store katastrofar vera Guds dom over ein nasjon eller eit folk? Kan Gud straffa kollektivt? Kan Gud straffa oss før me døyr? Finst det gradert straff hos Gud?

Dette emnet vil krevja fleire blogginnlegg. I dag vil eg prøva å leggja eit fundament.

I Romerbrevet les me at synda kom inn i verda med eitt menneske, og med synda kom døden. Frå ei side sett er døden ein følgje av synda. Men strengt tatt er døden Guds dom over synda. Då Gud hadde skapt menneska sa han til dei at dei kunne eta av alle tre i hagen unnateke treet som kunne gje kunnskap om godt og vondt. For den dagen dei åt av det treet, kom dei til å døy. Døden låg ikkje i frukta på treet, men i det å bryta bodet. Døden var ein dom.

Denne domen vart så effektuert ved at Gud kasta Adam og Eva ut or hagen slik at dei ikkje skulle eta av livsens tre og leva evig.

Me lever i dag alle under denne domen. Ikkje fordi Adam og Eva synda, kvar må svara for seg sjølv, men fordi alle syndar. Å velja bort Guds ord og vilje, er å velja døden.

Kvar gong me står ved ei grav, blir me minna om dette: Me er alle syndarar under dødens dom, og ein dag er det vår tur.

Folk i dag vil ikkje høyra om Gud som domar. Ein er som katten som helst vil bli stroken med håra. Men saka er den at Gud har gjeve oss i lov, og ei lov utan starffebestemming, er ikkje noko lov, berre eit råd. Ein gud som ikkje straffar lovbrot er ikkje Gud, men ein avgud.

I 1.Mosebok finn me fleire slike skuld-straff forteljingar. Kain drap Abel og vart bortvis frå Guds fellesskap og lyst fredlaus. Menneska på Noa si samtid synda fælt, og gjekk under i ein flaum. Dei vart åtvara, men brydde seg ikkje.

Seinare ville etterkomarane hans byggja eit tårn som kunne romma alle og nå opp til himmelen. Gud reagerte med språkforvirring, og dei vart spreidde over heile jorda.

Når me les Det gamle testamentet er det i stor grad dette som er tematikken. Gud talar til folket sitt om kva han vil at dei skal gjera, og kva dei skal halda seg unna. Det handlar om å vera ærlege i forretningar og i rettsprosessar, syna miskunn mot fattige, ta seg av dei sjuke og elendige, gje innvandrarar livsrom, ikkje dyrka avgudar, ikkje bryta ekteskapet, ikkje driva hor eller utukt. Men dei brydde seg ofte lite om det. Han åtvara dei gjennom profetar om at dersom dei ikkje følgde hans ord, vil det gå dei ille. Men folket ville ikkje høyra, og så skjer det som ingen ønskjer: pest, tørke, uår, krig og deportasjon.

Midt i alt dette syner Gud seg som ein langmodig Gud som er mild og nådig og full av miskunn, ein Gud som gjev folket sitt sjanse på sjanse, og som er rask med å tilgje når dei vender om til han og sannar syndene sine.

Bibelen framstiller altså Gud både som ein rettferdig domar og som ein trufast frelsar, den høgste rett og den kjærleg Far. Det var eit dilemma. Korleis skulle han kombinera øm kjærleik og kravet til rettferd? Det var berre eìn veg for Gud: han måtte sjølv bli eit menneske, oppfylla alle sine eigne krav og personleg ta den straffa som me andre hadde fortent.

Ingen plassar i historia er Guds vreide over synda og Guds kjærleik til syndaren uttrykt så sterkt som på Golgata der Jesus Kristus gav sitt liv til soning for alle våre synder.

I Det gamle testamentet talte Gud til folket gjennom profetar. Dersom dei ikkje ville høyra, vart dei straffa på ulikt vis. I Det nye testamentet har han tala til oss gjennom Sonen sin. DET AUKAR VÅRT ANSVAR. Dersom folk som ikkje ville høyra på profetar, vart straffa, kva straff ventar då ikkje den eller dei som ikkje vil høyra på Sonen hans, ta imot hans frelse og innretta livet sitt etter hans ord? Kva skjer med den som i utakknemlegheit avviser eit slikt kjempetilbod? Kan ein då venta seg miskunn?

Og kva skjer med ein nasjon som har hatt denne bodskapen hos seg i 1000 år, og så snur ryggen til og ikkje lenger vil høyra? Og kva skjer med den kyrkja som skal forvalta denne rikdomen, og som tillet seg å omdefinera Guds sanningar og seier ja der Gud i sitt ord seier nei og nei der Gud seier ja? Kven vert herre i ei kyrkje der Herren er avsett? Kan nokon undra seg over at Den Heilage Ande trekker seg unna når kyrkja lyg om Gud?

Framhald i morgon







Ingen kommentarer: