onsdag 10. august 2011

Guds dom 4

Dette er den siste artikkelen om dette emnet.

Då israelittane var i Egypt, vart dei utsette for faraos vreide. Dei måtte arbeida som slavar, og for å stoppa folkeveksten mellom dei, tok han livet av alle deira nyfødde gutebarn. Kan me tenkja oss kva sorg og skrik det støtt må ha vore mellom Israels 12 stammer? I alle fall: Gud høyrde ropa deira, og sende ein forløysar til dei, ein som gjennom store domshandlingar og tegn og under førte dei ut or fangenskapen.

Egypt vart heimsøkt av landeplager, og det kuliminerte då dødsengelen gjekk gjennom landet og tok livet av alle dei eldste sønene i dei egyptiske heimane.

Dersom verda utset Guds barn for trengsel, vil Gud utsetja verda for trengsel. Det ser ut til å vera eit prinsipp i Guds handlemåte. Omtrent alle dei land der kristne blir forfølgde i dag, strir dei med store problem på mange områder: Korrupsjon, diktatur, dyrtid, arbeidsløyse, analfabetisme, hunger, tørke, epidemiske sjukdomar, krigar , flaum osv. Me kan nemna land som Nord Korea, Somalia, Yemen, Iran, Pakistan, Turkmenistan, Uzbekistan, Kviterussland, Sudan, Egypt, Libya osv. På den andre sida: Dei nasjonane som gjev Guds menighet stor fridom, ser ut til å blomstra.

På den andre sida ser det også ut til, ofte, men ikkje alltid, å vera motsett: Guds kyrkje blomstrar under forfølging, og falmar når trykket letnar. Det siste ser me i alle fall tydeleg i Europa.

Så til det brennande spørsmålet: Kan me, når store katastrofar skjer, i ettertid seia at dette var Guds dom over dei som vart råka av ulukka? Tenk på jordskjelv og tsunami i Japan, flaum i Pakistan, folkemord i Rwanda, massakre på Utøya, jordskjelv på Haiti og ikkje minst Holocaust under siste verdskrigen. Var dei som vart råka av dette større syndarar enn andre?

Jesus forbyr oss å tenkja slik. I Lukas 13,1-5 les me:

På den tida kom det nokre til han og fortalde om dei galilearane som Pilatus hadde drepe medan dei ofra, så blodet deira blanda seg med blodet frå offerdyra. 2 Då tok Jesus til orde: «Trur de at desse var større syndarar enn alle andre galilearar, sidan det gjekk så ille med dei? 3 Nei, seier eg. Men vender de ikkje om, skal de alle omkoma på same måten. 4 Eller dei atten som vart drepne då Siloatårnet rasa saman, trur de at dei hadde større skuld enn alle dei andre som bur i Jerusalem? 5 Nei, seier eg. Men vender de ikkje om, skal de alle omkoma på same vis.»

Når me ser ulukka råkar, må vår respons vera at me går inn til Gud, granska oss sjølve, sanna syndene våre og vender oss bort frå dei. I møte med andres naud vert me så eventyrleg sjølvrettferdige og sjølvgode, ja, me kan til og med koma til å kjenna på skadefryd, tre synder som Gud hatar og som me må få ut av liva våre fortare enn svint, elles risikera me å omkoma på same vis, seier Jesus.

Når ulukka råkar våre medmenneske, om dei enn er slike som forfølgjer oss, er det alltid vårt kall å reagera med hjelp, trøyst og forbøn.

Det er lett å vera profet i etterkant av ei hending. Men Gud aksepterer ikkje den slags. Dersom me skal seia at ei ulukke er ei spesifikk og målretta domshandling, må me vera så pass til profetar at me varslar henne på førehand og gjev folk ein sjanse til å venda om frå sine synder slik at Herren endrar planane sine og stoppar ulukka. Då Jona forkynte Guds dom for folket i Ninive, vende dei om frå syndene sine, med det resultat av Herren endra planane sine og han sparte byen.

Ei anna sak er det at når store ulukker skjer, bør alle søka Gud og gjera bot for liva sine. Kven er utan synd? Ein rimeleg respons på Utøyamassakren bør t.d vera at politikarane sørgjer for å gje ufødde barn livsrett frå unnfanginga av (dei store sjukehusmassakrane er det jo ingen som vil snakka om), og folk flest bør overgje liva sine til Gud og venda seg bort frå materialisme og nytingssjuke og ein masse religøst vis vas. Gud vil nemleg la seg finna av den som søkjer han av heile sitt hjarta. Slik vil det vera heilt til Jesus kjem att i herlegdom for å fella sin endelege dom over oss alle.

Ingen kommentarer: