tirsdag 30. august 2011

Ordet som trenger gjennom, dømer og frelser

Guds ord er Andens sverd, skriv apostelen Paulus i Efesarbrevet 6,17. Og i Hebrearbrevet 4,12 les me at det er levande og kraftig og trenger gjennom sjel og ånd og marg og bein og dømmer dei tankane og planane me har i hjarto våre.

Dette kallar me vekking. Når Guds ord trenger inn i samvitet vårt, vert umoralske ting me før levde godt med, brått eit stort problem for oss, fordi me forstår at det me har gjort er feil, skadeleg og skammeleg, og me merkar at det står som ein mur og stenger mellom oss og Gud.

I møte med den levande Gud vert me merksame på alle dei lettsindige løgnene våre, forakten for menneske me ikkje likar, dei ureine tankane, sjølvopptattheiten, skrytet, hykleriet, vantrua, tvilen, gravalvoret, sjølvhøgtidlegheiten, baktalen, skadefryden, sinnet, skjellsorda osv.

Guds ord råkar oss, gjennomlyser oss, analyserer oss slik at me skammar oss over det skamfulle, og det driv oss til Jesu kross med det alt saman, og me blir så uendeleg glade over at han tok det på seg og fridde oss frå det med sitt eige blod lenge før me var komne til verda. For eit mysterium, eit frigjerande mysterium.

Det er ikkje av hjarta Gud bedrøver oss, men fordi det er nødvendig. For utan denne bedrøvinga, kjem me ikkje til Jesus, og kjem me ikkje til han, har me ikkje noko nytte av hans vidunderlege frelsesverk. Dersom me ikkje kjem til han, får me ikkje del i det evige livet. Men takk til Gud: ingen av dei som kjem vert nokon gong jaga bort. Er me komne, får me lov til å vera og høyra desse vidunderlege og livgjevande orda frå Jesus: Son, dotter, syndene dine er tilgjevne! Det er ein proklamasjon med ein verdi som langt overgår mange oljefond.


Ingen kommentarer: